Når diktaturet skrur på OL-sjarmen

Diktaturet i Nord-Korea har teke pause frå testing av atomrakettar for å skru på sjarmen under OL. Det er lett å gløyma folket i Nord-Korea både når krigersk retorikk og OL-sjarm pregar dagsordenen.

At regimet til Kim Jong-un er like ille som før får vi i Stefanusalliansen tydelege rapportar på gjennom arbeidet til vår partner Helping Hands Korea. Dei hjelper desperate nordkoreanske flyktningar som har kome seg over grensa til Kina.

Denne veka har vi fått vita at 20 flyktningar frå Nord-Korea på kort tid har kome seg trygt frå Kina. Etter ein kampanje vi hadde i desember har dei fått hjelp til å koma seg i tryggleik i eit land som ikkje sender flyktningar tilbake verken til Kina eller Nord-Korea.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For i Kina er dei ikkje trygge. Kina har den siste tida stramma til grensekontrollen og sender systematisk flyktningar tilbake til Nord-Korea der dei vert kasta i fengsel for politiske fangar. Fleirtalet av flyktningar frå Nord-Korea er dessutan kvinner. I kinesiske grenseprovinsar mot Nord-Korea er det underskot av kvinner, særleg fordi mange arbeidsplassar er flytta frå det kinesiske «rustbeltet» til nye vekstområde andre stader i landet.

I Kina blir mange kvinnelege flyktningar utsette for menneskehandel. Lat oss ta eit konkret døme.

Tre av dei 20 flyktningane som er komne i tryggleik i januar og februar, er ei mor og to tvillingjenter. Mora blei enke etter at mannen omkomi ei arbeidsulukke. I Kina enda mora etter fleire slike «menneskehandlar» i ein fabrikk som produserer kjemikaliar. Der var lufta farleg å pusta inn. Av frykt for helsa til seg og barna rømde ho frå fabrikken. Koreansk-kinesiske kristne tok seg av dei tre i nokre månader for å hindra at kinesisk politi sende dei tilbake til ein farleg lagnad i ein fangeleir i Nord-Korea.

Dei levde i frykt for kinesisk politi – også for kva som ville skje med dei gode hjelparane dersom politiet fann dei. Så kom Helping Hands Korea inn i biletet og hjalp dei ut gjennom eit nett av hemmelege ruter.

Dette er ei side av livet for menneske frå Nord-Korea som det er viktig å løfta fram frå storpolitikkens krigerske retorikk den eine dagen og OL-sjarm den neste.

Men sjølv om det brutale regimet i Nord-Korea ikkje endrar seg, endrar folket seg bak det nøye regisserte biletet regimet teiknar. Det går fram av ein fersk rapport om Nord-Korea. Ein del unge i landet klarar i større grad enn før å prega eigne liv med inntekter frå privat handel, trass i regimet, konkluderer trusfridomsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide (CSW).

For ti år sidan slo CSW i sin forrige rapport alarm om brutaliteten i Nord-Korea: det skjer brotsverk mot menneskeslekta i form av mord, forsvinningar, tvangsarbeid og slaveri, vilkårleg fengsling, tortur, forfølging og valdtekter.

Ti år etter har CSW, så langt det er råd utan å koma inn i landet, kartlagt endringar som elles går under radaren. Organisasjonen har intervjua kring 100: Folk som har flykta frå Nord-Korea og deira organisasjonar, FN-representantar i Sør-Korea, akademikarar, journalistar og internasjonale menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når det gjeld dei verste menneskerettsbrota er regimet ikkje blitt betre. For trusfridom har det heller ikkje skjedd noko som helst positiv utvikling. Om vi ser bort frå fedredyrking og spådomskunst (og ørsmå statskontrollerte samfunn av buddhistar og kristne) er det svært avgrensa utøving av religion. Folk vågar ikkje, fordi straffene er så harde.

«Eg høyrde aldri om Gud i Nord-Korea. Eg såg ein buddha i eit tempel ein gong, men eg møtte aldri kristne. Om nokon vart avslørt å vera kristen, ville vedkomande straks bli skoten,» seier ein flyktning som CSW har ­intervjua.

Men bak den regisserte fasaden diktauret viser, skjer det noko, i alle fall i det små. Folket endrar seg. Eitt av dei slåande funna er dette: under svoltkatastrofen på 90-talet var folk totalt avhengige av staten for all varedistribusjon. No er det oppstått grå marknader for privat handel. Det er også blitt ein veksande illegal marknad med smugling frå Kina. Ein del får altså meir pengar å klara livet med. «No er det dei som har lært korleis dei kan handtera regimet, som overlever», seier ein av dei som er intervjua av Christian Solidarity Worldwide.

At folk som bryt reglane, har klart seg, vil påverka forholdet mellom folk og regime, heiter det i CSW-rapporten. Men dei grå og svarte marknadane er ikkje i seg sjølve ein direkte trussel mot makta. Regimefolk er nemleg ofte involverte, eller dei pengar eller varer under bordet. Og dei er tidvis kravstore.

Somme klarar å smugla filmar ved bestikkelsar. I aukande grad har unge også fått tilgang på mediespelarar som dei enkelt kan kopla frå PC-en og gøyma dersom politiet brått kjem på døra for å sjekka om dei har ulovlege filmar på datamaskina. Det er først og fremst underhaldning som blir smugla inn, i liten grad samfunnsstoff. Likevel skaper dette ein viss kritikk av den omfattande statlege propagandaen, skriv Christian Solidarity Worldwide.

Det kjem ut enkelthistorier om betre behandling av vanlege fangar. Men i leirar for politiske fangar er situasjonen like ille som før, skal vi tru rapporten frå Christian Solidarity Worldwide. Ein 50 år gammal respondent fortel at fleire enn før blir sperra inne i politiske fengsel. Dit hamnar også flyktningar som blir tvangssende tilbake, dersom dei altså overlever fluktforsøket.

Sanksjonar blir brukte for å pressa regimet til å stoppa atomprogrammet. Christian Solidarity Worldwide reiser tvil om bruken av sanksjonar. Potensielt kan dei kutta av dei banda som folk har skaffa seg til verda utanfor og ramma den private handelen som gir folk eit betre liv enn dei hadde då alle var totalt avhengige av staten, åtvarar CSW.

Det er difor viktig at dei som brukar sanksjonar, forstår den faktiske situasjonen inne i landet og dei følgjene sanksjonar kan ha på den humanitære situasjonen og menneskerettane. Dei sanksjonane som ein finn nødvendige, må vera svært målretta. Elles kan dei knusa dei spede endringane som folk i Nord-Korea har klart å skapa for å forma sine eigne liv uavhengig av statens makt over alt og alle.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det finst knapt ein einaste menneskerett som ikkje blir broten i landet. Men frå det internasjonale samfunnet er det få som verkeleg har protestert. Få har også protestert mot den delvis grufulle behandlinga av flyktningar i Kina – det kan vera kostbart å ta dette opp i ei tid då handel med supermakta står høgt på dagsorden for vestlege regjeringar, også den norske.

Dei som pressar Nord-Korea, må samarbeida med og lytta til folk som har flykta – og med menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea – for å finna gode måtar å pressa regimet på. Elles kan folket i landet bli heilt oversett endå ein gong. Den norske regjeringa må ta på seg ei rolle i dette for å hindra at det diktaturtrøytte folket blir gløymt.
 

Les også Dagens lederartikkel:

Festen i sør er synlig for all verden. Lidelsen i nord er usynlig for alle andre enn dem som står midt oppi den, skriver Dagen-redaktør Kari Fure på lederplass. DagensDebatt.no Posted byDagen on 16. februar 2018

 

OL I SØR-KOREA: – Vi skal ikke erstatte idrettspsykologene eller treneren, så vi er tydelig på at vi er prester. Men vi...Posted byDagen on 12. februar 2018