ABSURD: Andrew Brunson (biletet) må setjast fri. Tiltalen viser at skuldingane er grunnlause og at saka mot han er «den mest absurde i Tyrkias historie», for å låna Aykan Erdemirs ord, skriv Johannes Morken.  Foto: Emre Tazegul, AP Photo / NTB scanpix

Rettssaka mot pastor Brunson er ein farse

tirsdag 31. juli 2018

Samfunn

Ein video av ein arabisk matrett og ei tekstmelding frå eit kyrkjemedlem som ikkje kunne koma på bønemøte på grunn av diaré. Begge delar er «bevis» i terror- og spiontiltalen mot pastor Andrew Brunson i Tyrkia.

Andrew Brunson leia i 23 år ein protestantisk kyrkjelyd i Izmir i Tyrkia. Ikkje ei einaste klage kom på det den amerikanske pastoren og kona hans dreiv med. Så kom det mislukka kuppforsøket mot president Erdogan sommaren 2016.

Kuppforsøket førte til sterke utreinskingar frå hæren og resten av statsapparatet. Det gjekk også hardt ut over rettsapparatet. Mange journalistar og menneskerettsforkjemparar blei dessutan arresterte. I oktober 2016 blei den amerikanske pastoren Andrew Brunson bura inne, skulda for medverknad til kuppet.

Først 16. april i år kunne Andrew Brunson møta i retten etter å ha sete fengsla utan lov og dom sidan midten av oktober 2016. Etter den tid har saka vore i to nye høyringar. Etter den siste, 18. juli, tok retten 25. juli ein liten sving: Retten overførte Andrew Brunson frå fengsel til husarrest. Der skal han venta på neste runde i saka 12. oktober.

Overføring frå fengsel til husarrest er ei gledeleg hending for ein pastor som har lidd så mykje og for familien hans. Men det tek ikkje bort den grufulle tiltalen. Brunson risikerer framleis 35 års fengsel.

Då tiltalen blei offentleg i mars, kom det fram at Brunson ikkje berre er skulda for å ha band til Fetullah Gülen, som president Erdogan skuldar for å stå bak kuppforsøket. Han er også skulda for å ha band til tyrkiske PKK - ein rak motsetnad til Fetullah Gülen. Erdogan stemplar PKK som ein terrororganisasjon. Dessutan er Brunson skulda for militær spionasje.

Det er ikkje måte på kva denne pastoren må svara for.

Difor er det svært interessant og oppskakande å gå inn i tiltalen mot Andrew Brunson. Hadde han ikkje risikert 35 års fengsel, ville tiltalen kalla på smilebandet. Men alvoret er så stort at her er det grunn til alt anna enn smil.

Tiltalen er på 62 sider. Aykan Erdemir, som tidlegare sat i det tyrkiske parlamentet, og som i 2016 fekk Stefanusprisen, seier dette om tiltalen: «Den er ei skitten samling av konspirasjonsteoriar som gjer banale og kvardagslege detaljar frå ein pastors liv til terrorhandlingar».

Saman med den tyrkiske forskaren Merve Tahiroglu har Erdemir gått gjennom tiltalen. I ein artikkel i World Magazine tek dei føre seg 12 absurde punkt i skuldingane mot Andrew Brunson.

Tiltalen er bygt på vitnemål frå tre hemmelege vitne og frå eit vitne som sjølv tidlegare er dømt for mord og flukt frå fengsel. Orda frå desse står altså mot pastor Brunsons sterke ord om at han er uskuldig og at skuldingane er skammelege og avskyelege.

Lat meg ta eit utval av «bevisa» som påtalemakta brukar i tiltalen:

Andrew Brunsons dotter sende han ein gong ein video av ein tradisjonell arabisk matrett med ris, kjøtt og grønsaker - maqluba. Påtalemakta hevdar at dette er sjølve signaturretten til ein terrororganisasjon, ein matrett terroristane regelmessig set til livs i hemmelege hus. Videoen er difor, seier aktor, eit prov på band til ei terrorcelle.

Ein dag fekk pastor Brunson, medan han enno var ein fri mann og aktiv pastor, ei tekstmelding frå eit medlem i kyrkjelyden i Izmir. Vedkomande fortalte at han ikkje kunne delta på eit bønemøte i kyrkja fordi han hadde diaré. Korleis dette kan gjera Andrew Brunson til ein støttespelar for terror, går over mi fatteevne.

Eit av dei hemmelege vitna skuldar Brunson for å gje ut biblar på kurdisk. Sidan dette ikkje er forbode, er det vanskeleg å sjå korleis det kan knyta han til terror og gjera han skuldig i spionasje.

Eit vitne, som er dømt for drap og for å flykta frå fengsel, vert også brukt av påtalemakta mot Brunson. Vitnet hevdar at han høyrde frå ein «israelsk misjonær» at pastor Brunson hadde vore på eit møte i eit konferansesenter i Istanbul i mars 2013. Der planla deltakarane det som seinare skulle bli Gezi Park-protestane, landsomfattande demonstrasjonar mot regjeringas planar om å rasera ein park sentralt i Istanbul, i mai 2013. Regjeringa ville byggja ei militær kaserne og eit kjøpesenter der.

Det er meir av same sorten i tiltalen. Artikkelen finst i norsk omsetjing på nettsidene til Stefanusalliansen, for dei som vil studera alle dei 12 punkta som vert gjennomgått.

Det er lett å vera samd med Aykan Erdemir og kollegaen hans. Det finst ikkje fnugg av prov for at Andrew Brunson er knytt verken til terror eller militær spionasje. Derimot er det grunn til å tru at han er eit offer for president Erdogans utreinsking og storpolitiske kamp. I dette tilfellet ville presidenten retta mistanken mot folk med band til USA og skaffa seg eit gissel i kampen mot president Trump. USA sit Fetullah Gülen som vert skulda for å stå bak kuppforsøket.

President Donald Trump har protestert mot at Brunson sit fengsla og for at han ikkje blei sett fri i siste rettshøyring 18. juli. At Brunson 25. juli så blei overført til husarrest kan tyda på at sterkt press mot regjeringa i Ankara er byrja å verka.

Andrew Brunson må setjast fri. Tiltalen viser at skuldingane er grunnlause og at saka mot han er «den mest absurde i Tyrkias historie», for å låna Aykan Erdemirs ord.

Det er ingen grunn til å tru at domstolane i Tyrkia er frie og uavhengige. Dette er ein politisk tiltale. Her er det all grunn til å halda fram presset mot styresmaktene i Ankara.