Treng vi evangeliske kloster?

Dette spørsmålet er ikkje så spinnvilt som det i første omgang kan høyrast ut!

Kloster treng ikkje vera katolsk, og klosterrørsla har opp gjennom historia vore eit viktig lekmannsarbeid, viktig for utbreiinga av evangeliet, diakonalt arbeid og for kristen kunnskap og tenking. Klosteret er ei gamal arbeidsform i kyrkje og misjon, særleg mykje hadde det å seia dei første århundra i kyrkja sin ekspansjon.

EtterEgil Grandhagenslutta som generalsekretær i NLM, har han arbeidd mykje med den austlege kyrkja og den første misjonstida, altså kyrkje og misjon frå Jerusalem via dagens Irak og Iran til India og Kina og områda rundt (Dagen 6/1). Noko av det han har funne ut, er at klosterrørsla, ein teologisk skule og gudfryktige leiarar var viktig for misjonsarbeidet og det livskraftige kristenlivet som voks fram. Desse elementa heng saman. Vi gjer klokt i å læra noko av det som her skjedde, med tanke på vår tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når vi tenkjer på kloster, tenkjer vi lett på det lukka, på det asketiske og på bestemte klesdraktar. Då får vi ikkje heilt tak i kva klosterrørsla var frå starten, kva intensjonen er, og kva ho har hatt å seia for misjonsarbeidet. Noko av det viktigaste med klosteret er konsentrasjonen om Ordet og bøna, og med det om den personlege gudsrelasjonen og det personlege gudslivet.

Ut frå dette spring misjon fram gjennom forkynning, undervisning og diakoni. Det er ulike klosterrørsler med ulike oppgåver. For alle gjeld det enkle livet, der ein mest mogleg avsondrar seg frå alt det «verdslege», der ei lever innvia for Gud i Ordet, bøna og tenesta.

Nokre vandrar ut av klosteret for å gjera gode gjerningar, andre går ut for å forkynna, og nokre arbeider vitskapleg for å kunna bidra med kristen tenking inn i samfunnet og kulturen. Alt dette trengst til ei kvar tid, og det trengst ut frå eit gudsinnvia liv. Poenger her er at det ville vera godt om vi hadde nokre evangeliske åndelege basar med tid og rom for fordjuping, slik at tenesta ikkje vart overflatisk, men åndskraftig.

Vi som lever i ei oppjaga, travel, stressa og materialistisk forbrukartid, kunne ha godt av impulsane frå klosterrørsla sitt langsame, enkle, nøysomme og gudsfokuserte liv. I ei tid med fokus på effektivitet gjennom strategiar, metodar og former, kunne vi ha godt av å få ein sterkare konsentrasjon om sjølve gudslivet og den åndelege dynamikken som ligg i Ordet og bøna. Vi kunne ha godt av meir gudserfaring.

Eg ser gjerne at vi kunne få evangeliske sentra der vi tek med oss impulsar frå den tidlege klosterrørsla inn i dette, slik at det kan verta tid og rom for stille konsentrasjon om Ordet og bøna, med den erfaringsdimensjonen som ligg i den personlege gudsrelasjonen og det enkle livet – der fokuset ikkje berre er aktivitet, men åndsmakt. Det ville vera godt om vi fekk meir av denne dimensjonen også i våre personlege liv.