STRAUM: Dersom eg rører ved ein straumførande leidning, får eg straum i meg, sjølv om eg ikkje veit at han var straumførande, skriv Jens Thoresen.  Foto: Fotolia

Kan yoga kristnast?

onsdag 14. mars 2018

Kristenliv

Dersom yoga er kroppsøving, kvifor skal han då kristnast?

Biskop Halvor Nordhaug sa nyleg til NRK Sogn og Fjordane at når kristne driv med yoga, så kristnar dei yogaen. Denne uttalen kom i etterkant av at han hadde definert yogaen som harmlaus kroppsøving, og etter at han hadde snakka godt og anerkjennande om presten Synniva Gylver som arranger eigne yogagudstenester i Oslo.

Historisk har den kristne kyrkja kristna både det eine og det andre. Midtvintersblotet vart til Kristmesse (jul) og midtsommarsblot til Jonsvake (St.Hans). Kyrkja sørga slik for at folk fekk ha festane sine, men dei fekk nytt namn og nytt innhald.

Det eg då spør meg om er: Dersom yoga er kroppsøving, kvifor skal han då kristnast? Det er det jo inga meining i. For det andre: Dersom yogaen er kroppsøving, kvifor då arrangera eigne yogagudstenester? Det er jo ingen som tillyser joggegudstenester eller noko slikt, etter det eg kjenner til.

 

DagensDebatt.no: «Jesus møter oss på yogamatten», skriver artikkelforfatteren.

Posted by Dagen on Monday, March 12, 2018

 

Biskop Nordhaug sin analyse er uvanleg grunn, og skil seg lite frå den desinformasjon (i beste fall underkommunikasjon) som kjem frå diverse yogalærarar. Han må gå djupare i materien.

Yogaen med alle sine fysiske øvingar er i sitt vesen meditativ. Dei ulike øvingane rettar seg mot fem shakrapunkta som etter hinduistisk lære ligg langs kroppens ryggrad (det sjette som er å finna i panna, like over augnebryna, og det sjuande, kroneshakraen, to cm over hovudet, ein møteplass mellom menneske og guden Shiva).

I desse punkta møtest kropp og sjel, og yogaøvingane tener til å fjerna blokkeringar i dei, slik at prana, livsenergien, skal kunna flyta fritt inn og ut av kroppen.

Shakrapunkta er ikkje fysiologisk definert, men åndeleg, og det er når åndelege blokkeringar vert fjerna at det kjem ei kjensle av ro og avspenning i kroppen, ein har fått kontakt med den universelle livsenergien, og ein vert til og med lækt for dei mange ulike sjukdomane som kjem av at desse punkta er blokkerte. Slik er denne læra.

Ein skal ikkje studera dette emnet lenge før ein skjønar at yoga i ein kvar form er hinduisme. Her handlar det ikkje berre om avstressing og avspenning, men om tilkopling. Ja, yoga tyder nettopp det. No blir det gjerne sagt at dersom ein driv med yoga utan å ha ei religiøs tilnærming, så handlar det berre om fysiologi og psykologi.

 

DagensDebatt.no: «Mens yoga sikter på å oppleve Gud i menneskets selv og ved meditasjon, lærer kristendommen at vi bare...

Posted by Dagen on Thursday, March 8, 2018

 

Men dersom den religiøse røyndomen bak yogaen er reell, og det er han, så held det ikkje å tenkja slik. Dersom eg rører ved ein straumførande leidning, får eg straum i meg, sjølv om eg ikkje veit at han var straumførande.

Det er underleg at biskop Nordhaug synest det er greitt at kristne driv med yoga og meditasjon. Han skulle vita betre, og dessutan kjenner og tener han ein Gud som «kan fylla all vår trong i herlegdom i Kristus». Til dette har han gjeve oss Ordet, bøna, nattverden, fellesskapet og skriftemålet, og slike ting skulle ein luthersk biskop snakka om.