Ei stemme til KrF er ei stemme til KrF

Eg får ofte inntrykk av at folk tenke på Noreg som ein topartistat.

KrF er det einaste partiet representert på Stortinget i dag som har hovudfokus på kristne verdiar og menneskeverd. Ei tradisjonell todeling i ein borgarleg og ein sosialistisk blokk reflekterer på ingen måte dei reelle politiske skiljelinjene i Noreg.KrF er eit sentrumsparti som kan samarbeidebåde til høgre og venstre i norsk politikk.

Likevel er det slikt at vi går til val på ei sentrum-Høgre-regjering. Landsstyret gjorde eit vedtak i november 2016 der KrF meiner at landet er best tent med ei regjering med eit sterkast mogleg sentrum.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vidare understreka ein at dersom eit regjeringssamarbeid sentrum/Høgre ikkje er mogleg etter valet, må KrF søke andre gjennomslag for sin politikk og mest sannsynleg velje opposisjon.

Målet for KrF er å få gjennomslag for mest mogleg av sin politikk, om det er i regjering eller i opposisjon. Uansett kven som får fleirtal etter valet i haust, treng vi eit sterkt KrF.

Eg har familie og vener i USA som var veldig misnøgde ved presidentvalet i fjor. Dei hadde berre to val, og var ikkje begeistra for nokon av kandidatane.

Slik er det ikkje i vårt land, og det er eg glad for. Heldigvis kan vi som er kristne her i Noreg stemme for eit parti som målber dei viktigaste sakene for oss på Stortinget.

Sjølv om KrF er eit relativt lite parti på Stortinget, har vi hatt reell innverknad på praktisk politikk dei siste åra. Kva hadde skjedd om ikkje KrF hadde hatt ti representantar på Stortinget denne perioden?

Kven skulle då sett på dagsorden saker som tvillingabort, tidleg ultralyd, surrogati og aktiv dødshjelp som KrF har vore talspersonar for? Vidare har våre representantar stått i spissen i kampen mot menneskehandel og for å få på plass ein konvertittavtale og ein handlingsplan mot antisemittisme.

Gjennom forhandlingane for fire år sidan fekk vi K-en tilbake i KRLE faget. Vi har framsnakka ideelle aktørar på rusfeltet og saman med eit samla Storting fått på plass ein opptrappingsplan for barn og unges psykiske helse i juni 2017, og mykje meir. Gratulerer de som er folkevalde, de har gjort ein formidabel jobb!

Som lokalpolitikar i Stavanger har eg gjennom dei siste åra både fått kunnskap og erfaring om kor viktig det er å ha representantar frå KrF i sentrale verv, som målber vår politikk og har moglegheit for å gjennomføre den i dei ulike kommunalstyra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Partiet vil vere eit tydeleg verdiparti på Stortinget. Eg vil at det kristne verdigrunnlaget framleis skal vere Noreg sin grunnmur. Difor vil eg stemme KrF.

Sjølvsagt er eg ikkje einig i alle sakene, men den viktigaste saka for meg er og vil vere kampen for menneske­verdet, frå unnfanging til ein naturleg død. I dag er ikkje alle like opptekne av verdiar. ­Altfor mange meine at det som har med tru og livssyn å gjere bør vere ei privat sak som ein ikkje skal snakke om i det offentlege rom. KrF meine at dette er feil.

På Stortinget har vi mange kristne politikarar som gjer ein god jobb for sitt parti. Utfordringa er at dei i enkeltsaker kan kome i konflikt med deira partiprogram som bryter med kristne verdiar, som til dømes aktiv dødshjelp.

Noreg treng fleire politikarar som vil bygge samfunnet vårt på det kristne menneskesynet, nestekjærleik og forvaltaransvar. Dei kristne verdiane må ha meir og ikkje mindre plass i samfunnet vårt i dag. Gjennom di stemme får KrF innverknad på politikken i landet vårt.

Ei stemme til KrF er ei stemme til KrF.