KRISTEN HELT: Eit fleirtal av amerikanarane meiner Gud velsignar truande idrettsutøvarar, som Russell Wilson, med god helse og suksess.

Ein av fire trur Gud deltek i fotballkamp

Søndag går det årlege høgdepunktet i amerikansk fotball av stabelen. Superbowl er meisterskapskampen der gruppevinnaren i National Football League møter gruppevinnaren i American Football League.

Så kan ein spørje seg: Løfta Skaparen ballen som var kasta av den profilerte kristne quarterbacken Russell Wilson inn i målområdet sist søndag, slik at laget hans Seattle Seahawks vann serien og skal møte New England Patriots søndag?

Millionar av amerikanarar trur det.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Trur på helsegevinst

Ein av fire amerikanarar trur at det vil vere ein tolvte mann på banen, og at Guds hand vil vere å sjå før dommaren bles av kampen. Det opplyser leiaren for Public Religion Research Institute (PRRI), Robert Jones.

Og 53 prosent er samde i at Gud tilgodeser atletar som trur, med god helse og suksess, viser ei undersøking som PRRI publiserte sist veke.

Trua på at Gud løner dei truande er ikkje berre å finne hos dei fleste store religiøse grupperingane. Også hos dei som ikkje identifiserer seg med nokon religion, trur 27 prosent det same.

I undersøkinga, som er utført i samarbeid med Religion News Service, kjem det også fram at nesten ein av tre amerikanarar ville utestengje ein spelar på livstid dersom vedkomande vart dømd for vald i heimen. Det gjeld også om spelaren tilhøyrer favorittlaget deira.

Nesten to av tre amerikanarar, 64 prosent, har eit favorittlag. Amerikansk fotball er favorittidretten for 40 prosent, uavhengig av kva tru dei har.

Kjærleiken er likevel ikkje blind. Han stoppar ved heisdøra som Baltimore Ravens–spelaren Ray Rice drog si trulova gjennom etter at han hadde slått henne medvitslaus i februar i fjor.

Undersøkinga vart utført i midten av januar, etter månader med intens mediedekking av episoden og korleis National Football League reagerer på vald i heimen. Rice vart først suspendert frå laget sitt, så av heile ligaen, men fekk medhald etter ein anke. No har han lov til å signere for eit anna lag.

– Eg vart overraska over kor alvorleg amerikanarar tek vald i heimen innanfor sporten Nesten ein av tre ville støtte utestenging på livstid for spelarar som verdt dømde for vald i heimen. Det er ei hard straff, seier Jones hos PRRI.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Utan tru og interesse

Eit fleirtal på 59 prosent ville tillate at ein slik spelar fekk vende tilbake til banen etter ein mellombels karanteneperiode. Men få ville gjere dette lett. Nesten to av tre amerikanarar, 64 prosent, seier dei ville gå imot ein profesjonell idrettsklubb som hyra ein spelar som har vore dømd for vald i heimen, men ikkje er involvert i pågåande rettstvistar.

Det kan ein kontrastere med eit val som ville vere ei heit potet for nokre år sidan: å signere med ein open homofil eller lesbisk utøvar. No møter dei fleste dette med eit skuldertrekk. 73 prosent seier dei ville vere positive til at ein homofil eller lesbisk spelar fekk plass på eit lag. Samstundes seier 88 prosent at slike utøvarar opplever diskriminering innanfor profesjonell idrett.

Sett bort frå alle kontroversane er amerikanarar flest hekta på landets spesielle form for fotball. 18 prosent av amerikanarane seier at det er meir truleg at det er meir sannsynleg at dei ser på fotball enn at dei går i kyrkja på ein vanleg søndag.

Alt i alt er kvinner og menn innanfor alle store trusretningar like: Rundt ein firedel av begge kjønn vil velje å gå i kyrkja, og rundt ein firedel seier at dei ville velje både gudsliv og sport.

Rundt ein tredel av amerikanarane er ikkje smitta av fotballgalskapen. Minst er interessa hos dei som ikkje har nokon religion. 60 prosent av desse bryr seg ikkje.

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg av Dagen.

Les også
Landslagsspilleren kjøpte Jesus-hotellPeter Rasmussen
Les også
Martin Ødegaard får ros av fotballgal biskopMartin Ødegaard
Les også
Troen er viktig for Martin Ødegaard