PASTOR: Anna Kettner har bakgrunn som pastor i Ekumeniakyrkan. Ho synest det er lettare å vere truande i Rinkeby enn andre stader i Sverige.

Få kjempar om røyster frå nye svenskar

Berre to parti hadde funne det bryet verdt å setje opp stand i innvandrarbydelen Rinkeby då Dagen var på besøk.

Ved utgangen til t-banestasjonen i Rinkeby blir dei reisande ­møtte av ein smilande mann i slips frå dei innvandringsskeptiske ­Sverigedemokraterna. Vel å merke smiler han frå ein ­reklameplakat. Her har han nok lite håp om å fiske røyster.

90 prosent av ­innbyggjarane i Rinkeby har innvandrarbakgrunn. Bydelen er eit ­utstillingsvindauge for det Sverige som ­Sverigedemokraterna ikkje vil ha meir av. Kvar ­femte ungdom er verken i jobb eller ­under ­utdanning. Tusenvis av ressurssvake innvandrarar er stua inn i utleigebustadar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var i denne bydelen ­dåverande innvandrings- og integreringsminister Sylvi ­Listhaug (Frp) for nesten nøyaktig eit år sidan var på besøk for å sjå på ­«svenske tilstandar».

Låg valdeltaking

Ute på Rinkeby torg er det berre koalisjonspartnarane Miljöpartiet og Socialdemokraterna som har stilt opp med stand då Dagen er på besøk.

Ein kvinneleg sosialdemokratisk politikar som kan sjå ut til å ha røter i Tyrkia eller Midt-Austen, men er kledd som ­vestlege ­politikarar flest, er innom på ­visitt. Ho snakkar i mikrofon, men ­volumet er så lågt at det berre er dei som står heilt nær som har sjanse til å få med seg åtvaringane mot ­skattelette og velferdskutt.

Den største utfordringa er å få folk til å nytte røysteretten. Ingen stad i Sverige har så låg ­valdeltaking. Berre 48 prosent av dei som kunne delta, deltok i riksdagsvalet i 2014. På landsplan var det heile 86 prosent av dei ­røysteføre som nytta retten sin.

Klima og innvandring

På nabostanden til Miljöpartiet er det menn med austafrikanske trekk som søkjer å vinne veljarar. Hovudparolen er «Nu. Klimatet kan inte vänta».

– Eg studerer statsvitenskap ved Forsvarshøgskolan, fortel ­Ahmed Abdullah Kaboole.

Det er elleve år sidan han kom til Sverige frå Somalia.

Kampen mot klimaendringar og for ein liberal innvandrings-politikk er sakene han trekkjer fram som avgjerande for at han har valt å engasjere seg i Miljöpartiet. Han påpeikar at klimaendringane er særleg merkbare der han er fødd og oppvaksen. Men han er også oppteken av det kulturelle klimaet i Sverige og fryktar strengare innvandringspolitikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Familiegjenforening er viktig, fortel han.

Fortel om skyting

Kaboole meiner arbeidsløyse er det største problemet i ­Rinkeby. Sjølv har han erfart at det er ­viktig for integreringa å kome seg i ­arbeid.

– Eg kom til Sverige i 2007 og har jobba og betalt skatt siden 2010.

Får ein fleire i jobb, trur han mange andre integreringsutfordringar vert lettare å løyse.

– Her er skyting nesten kvar dag, fortel han.

I år står han som kandidat til ­lokalvalet. På sikt håper han å ­jobbe med politikk på heiltid.

Trivst i Rinkeby

I naboboda står Anna Kettner iført ein cap med påskrifta «Rinkeby Homie». Uttrykket betyr ­betyr Rinkeby-kompis. Ho er glad i bydelen.

– Det var ei gåve frå ein som ikkje er aktiv i ­Socialdemokraterna, ­understrekar Kettner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho fortel at ho har bakgrunn som pastor i Ekumeniakyrkan, men også har jobba lenge i politikken.

– Eg har budd her i over 31 år og har ikkje lyst til å flytte nokon ­annan stad.

– Har du opplevd at området har endra seg i denne perioden?

– Det har heile tida vore ein innvandrarbydel, men det har jo ­endra seg kvar folk kjem frå.

– Treng innvandrarar

No er Kettner ute av slike verv på grunn av kronisk sjukdom.

– Men eg kan likevel vere aktivist, seier ho.

Dersom det vert borgarleg­ ­regjering, fryktar ho at kvaliteten på skulane kjem til å verte dårlegare.

– Det er skjedd kvar gong tidlegare.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho legg ikkje skjul på at det er utfordringar knytt til integrering i Sverige, men meiner ansvaret for dette ofte vert plassert på feil stad.

– Svært mange svenskar flytta til Amerika. Det tok tre generasjonar før dei vart skikkeleg ­integrerte, seier ho.

På same måten meiner ho det har vore andre stader opp gjennom historia. Derfor meiner ho det er viktig å vere tolmodig med nye landsmenn, men også leggje betre til rette for at dei skal kome raskt inn i samfunnet.

– I heile Europa vert det fødd for få barn. Sverige er eit av dei ­einaste landa som ligg an til å klare seg fordi vi har fått ­mange ­innvandrarar. Vi må få dei til å kjenne seg ­velkomne. Vi treng ­unge menneske. seier Kettner.

– Men det er vel grenser for kor mange de kan ta imot? De kan ikkje ta inn fem millionar fleire?

– Nei, men så mange vil ikkje kome heller, seier ho.

Respekt for tru

Når mange journalistar og forskarar kjem til Rinkeby, meiner ho dei er ute etter sensasjonar og lett overser det som etter hennar skjøn er det opplagde forklaringa.

– Her er det fleire unge og ­fattige menn. Overalt i verda veit ein at det skaper meir kriminalitet. Det har ikkje med identitet, men med klasse å gjere.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Korleis ser du islam som ein faktor?

– Det er mykje lettare for meg som truande å leve her. Folk f­orstår at ein trur. Her får eg mykje respekt. Mange andre stadar i Sverige er det rekna som pinleg at ein trur.

Les også
Åkesson hyllet som en valgvinner på forhånd
Les også
– Meningsrommet er blitt for trangt
Les også
– Verdikonservative frustrert over Kristdemokraterna
Les også
KrFs søsterparti kan bli storebror
Les også
Moderaterna vil stanse nyetablering av religiøse friskoler