DOKTORGRAD: Kari Veiteberg har doktorgrad i teologi frå Universitetet i Oslo. I løpet av tida som stipendiat hadde ho også tillitsverv for SV.

– Eg er femininist og opptatt av frigjeringsteologi

Møte med trusfellar frå alle kontinent i regi av Verdskyrkjerådet er noko av det som har betydd mykje for Kari Veiteberg.

Kvifor vil du bli biskop?

Eg har aldri gått rundt med ein biskop i magen. Eg har ein svært meiningsfull jobb som bymisjonsprest. Då eg vart spurt om å stille som bispekandidat i Sør-Hålogaland fann eg ut at vanskeleg kunne seie nei.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det å vere biskop er eit viktig tillitsverv i kyrkja og bispekollegiet bør også synleggjere mangfaldet og breidda i kyrkjelivet. Det er viktig at biskopar har teologisk fagkompetanse. Med ein teologisk doktorgrad og mykje arbeid med liturgi og gudstenesteliv bak meg trur eg eg kan vere ein ressurs også for bispekollegiet framover.

Kva vil du svare dersom nokon spør kvifor du er kristen?

Enten: Eg er døypt og vaksen opp med foreldre som formidla ei kristentru og gudsbilete som eg ikkje har hatt trong til å ta avstand I frå. Kristentrua fekk næring gjennom studiet og eg lever av trua i møte med menneske eg møter i jobb og i kvardagen. ­Eller: Eg trur på Jesus Kristus. Kva trur du på?

Er det nokre kristne rørsler ­ eller leiarar som har betydd særleg mykje for deg?

Verdskyrkjerådet som femner majoriteten av verdas kristne betyr svært mykje for meg. Eg er del av ei verdsvid kyrkje, med søsken I Egypt, Sør-Afrika, India og El Salvador. Eg fekk høve til å vere med å planleggje og gjennomføre gudstenestelivet på den førre generalforsamlinga i Busan i Korea og det var trusstyrkande å treffe engasjerte medkristne frå heile kloden.

Til det daglege er det folk eg møter på gateplan som betyr mest for meg: I Vågsbunnen, Tøyenkirka, løvetannbarna og alle som møter livet utan skjold.

Desmond Tutu og Nelson Mandela er førebilete og inspirasjonskjelder. Det er også far og mor.

Korleis vil du beskrive din ­ teologiske ståstad?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg står med begge beina planta på jorda og kyrkjegolvet og er synst det er viktig å ha eit perspektiv nedanfrå på det som skjer. Gudstenestelivet er eit sentralt utgangspunkt for alt teologisk arbeid. Eg er femininist og opptatt av frigjeringsteologi i teori og praksis.

Har du eller har du hatt partipolitisk tilknyting? Kva tenkjer du i så fall om samanhengen mellom ditt poltiiske og ditt kyrkjelege engasjement?

Både eg og mannen min er konservative menneske. Derfor har vi båe ved alle val stemt på det same partiet: SV. I ein periode då eg var stipendiat, var eg varamedlem for SV i bydelsutvalet i Vestre Aker bydel i Oslo. Eg har også så langt tilbake eg kan hugse vore engasjert i internasjonalt solidaritetsarbeid. Ein biskop skal skal går alltid gå lenger enn å tekkjast det eine eller andre politiske partiet.

Kva meiner du om vigsels ­ liturgi for samkjønna par?

Eg vil gjerne vie menneske som vil leve saman i forpliktande, likeverdig og kjærleiksfullt samliv. Det er naturleg at Den norske kyrkja snarast mogleg gjer som våre skandinaviske søsterkyrkjer og opnar opp for vigsel av likekjønna.

Kva vil du seie til dei som meiner at Den norske kyrkja bevegar seg bort frå Bibelen og vedkjenninga?

Først ein samtale om kva som er Den norske kyrkja. Når ser utover bygd og by ser eg store flokkar av kristne menn og kvinner som lyser opp i lokalsamfunna og går i Jesu fotspor.

Ein påstand om at Den norske kyrkja er på veg bort frå Bibel og vekjenning krev ei fordjuping og ein samtale om Bibel og vedkjenning. Om ein meiner at DnK fjernar seg bort frå Bibel og vedkjenning, må ein vere viljug til lese Bibelen saman med dei ein meiner seg usamd med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Korleis skal vi lese og tolke dei hebraiske og greske tekstane i dag? Korleis skal vi lese og tolke vedkjenningsskriftene, som t.d. Confessio Augustana? Slike samtalar har teologar drive på med i 2000 år, og etter som fleire og fleire no kan lese sjølv, er det ikkje berre prestar og embetsfolk som har tilgang til kjeldene og skriftene som kyrkja byggjer på.

Kva overskrift ville du like å sjå på framsida av Dagen?

«Dagens lesarar følgde oppmodinga: 500 hushald sa ja til å ta imot 3 syriske flyktningar kvar! »

Møt de fem andre bispekandidatene i Sør-Hålogaland her:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg av Dagen.

Kari Veiteberg

54 år.

Bymisjonsprest i Kirkens Bymisjon i Oslo.

Les også
Betenkt over at røde dominerer på bispeliste