Ekteskapssyn vart tema ved rektortilsetjing

Ein av kandidatane sitt engasjement i teologisk konservative Kristkirken vart problematisert då det skulle tilsetjast rektor ved Høgskolen på Vestlandet.

Det var eit nervepirrande drama i fleire akter då interimstyret for Høgskulen på Vestlandet (HVL) avgjorde kven som skulle bli rektor for den nye høgskulen dei neste fire åra,melder På Høyden. Dette er ei uavhengig avis for Universitetet i Bergen.

Bak lukka dører debatterte interimstyret i fire og ein halv time kven av dei tre kandidatane i finalen som skulle få tilbod om jobben.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også:Ekteskapsliturgi kan endre ansettelsesunntak

 

 

«Under denne delen av debatten blei det mellom anna sagt at det var lite ønskjeleg med ein rektor som kunne vere imot likekjønna ekteskap»

 

Snudd om

Resultatet vart ifølgje På Høyden at ein snudde om på innstillinga frå utvalet som hadde intervjua Geir Anton Johansen, Ole-Gunnar Søgnen og Berit Rokne.

Rokne vart innstilt som nummer ein, Søgnen som nummer to.

Rokne er professor ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Søgnen er rektor ved Høgskolen i Bergen, som vert ein del av den nyfusjonerte høgskolen frå 1. januar 2017.

Avisa oppgjev å kjenne til at også Johansen, som er dekan ved avdeling for ingeniørutdanning og økonomifag ved, blei grundig diskutert på møtet. Også livssynet hans blei diskutert, og medlemsskapet hans i frikyrkjelyden Kristkirken i Bergen var eit tema. Johansen er medlem av eldsterådet i Kristkirken, som han tidlegare har leia.

Under denne delen av debatten blei det mellom anna sagt at det var lite ønskjeleg med ein rektor som kunne vere imot likekjønna ekteskap, skriv På Høyden.

– Sakleg diskusjon

Styreleiar Arvid Hallén, som også er direktør i Forskningsrådet, var med i utvalet som hadde levert innstilling på kandidatane.

– Kan du stadfeste at synet på ekteskapet var eit tema?

– Eg vil ikkje gå inn i den diskusjonen. Eg oppfatta at det som skjedde, var ein sakleg diskusjon, seier Hallén til Dagen.

– Men vil du på generelt grunnlag seie at synet på ekteskapet er eit relevant moment i ei slik type stilling?

– Eg vil ikkje spekulere i det no. Då vil den spekulasjonen vert forstått direkte inn mot denne situasjonen. Det har eg ikkje lyst til å medverke til.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ingen kommentar

På Høyden påpeikar at det er eit rettsleg krav at offentlege avgjerder skal vere saklege, men det skal ikkje ha blitt presentert argument for korleis ein kandidats eventuelle syn på likekjønna ekteskap skulle kunne verke inn på korleis ein utøver rektorgjerninga.

Etter at det blei klart at sju av tretten styremedlemer ville ha Rokne, stilte styret seg bak henne og plasserte Søgnen på andre plass. Johansen blei ikkje innstilt på nokon tredjeplass.

– Vi såg ikkje behov for noka lengre rangering. Vi måtte ha minst to på lista og trong ikkje fleire, fortel Hallén til På Høyden.

Dagen var mandag i kontakt med Geir Anton Johansen. Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

Grunngiving avgjerande

Rådgivar Iselin Huuse hos Likestillings- og diskrimineringsombodet synest det er forståeleg at spørsmål rundt likestilling og diskriminering er relevant ved tilsetjing til ei slik leiarstilling.

– Så kan det vere eit spørsmål om ein kan jobbe lojalt med synet til arbeidsgivaren sjølv om ein til dømes har eit anna syn på ekteskapet, seier Huuse.

– Eigentleg vert det opp til tilsetjande styresmakt å seie noko om kva som er relevant for akkurat denne stillinga, seier ho.

Huuse understrekar at religionsfridomen også skal respekterast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Dersom arbeidstakaren meiner han er blitt forbigått på grunn av eit standpunkt han har på religiøst grunnlag, kan han klage på det, seier ho.

– Det er skummelt dersom ein begynner å blande inn at ein som har eit bestemt livssyn, ikkje kan ha ein jobb.

Les også:NLM-skolenes verdigrunnlag i søkelyset

Overraska redaktør

Redaktør Magne Lerø i Ukeavisen Ledelse er overraska over at kyrkjeleg engasjement og syn på ekteskapet i det heile teke vert eit tema i ei slik tilsetjingssak.

– Denne høgskulen har jo berre ein heilt vanleg, offentleg formålsparagraf. Då kan ein ikkje innføre yrkesforbod for menneske med det tradisjonelle synet på ekteskapet, seier Lerø.

Då synest han det den politiske korrektheita har gått så langt at det går på trusfridomen laus.

Redaktøren synest det stiller seg annleis om det var snakk om ein person som har markert seg sterkt offentleg i slike spørsmål.

– Dersom for eksempel Nina Karin Monsen hadde søkt, ville det vore forståeleg om ein ønskte ein person med den typen profil, seier han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men at vanlege folk som tilhøyrer ein kyrkjelyd og i ein eller annan samanheng har ytra at dei står for det tradisjonelle synet på ekteskapet, bør vere eit ikkje-tema ved tilsetjingar i ei offentleg leiarstilling, seier Lerø.

Han kan ikkje hugse å ha høyrt om noko liknande tidlegare.

– Merkelege argument

I 2008 utløyste det protestar at den tidlegare pinsevenen Per Eriksson, som var blitt baptist, vart utnemnd til rektor ved Universitetet i Lund i Sverige.

«Pinserørsla står for synspunkt som ikkje nødvendigvis stemmer overeins med synspunkta ved eit fritt universitet. Men vi veit ikkje om Per Eriksson har dei synspunkta», skreiv to akademisk tilsette i eit protestbrev som vart referert i Sydsvenskan.

– Dei som gjekk imot meg, hadde litt merkelege argument. Religionsfridom er jo sjølvsagt for dei fleste,sa Eriksson til svenske Dagen i 2012.

Vi som er opposisjonelle

Kjend som kristen

I etterkant meinte Per Eriksson at det var kome noko godt utav debatten.

– Resultatet vart at det var ok å vere kristen og rektor for det største universitetet i Sverige. Eg vart kjend for det, sa han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

 

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Innlegg avDagen.