2014 - året då politikken invaderte akademia

Eg er uroleg for det som no er i ferd med å skje i samspelet mellom politikk og akademia.

Eitt er den varsla strukturreforma der staten som eigar av «sine» universitet og høgskular ønskjer færre og større institusjonar. Der vil vi få den største endringa i sektoren sidan 1994 med eit nytt kart for høgre utdanning i Norge, på lik line med den varsla kommunereforma. Dette er innanfor staten sitt mandat som eigar, og grip ikkje inn i lov og forskrifter for høgre utdanning.

Noko anna er at politikk alltid står i fare for å gå ut over grensene sine. Kvalitet, kvalitet, kvalitet heiter dagens politisk mantra som tvingar kunnskapsministeren til å visa handlekraft. Dette vert konkretisert i det nye forholdet mellom Kunnskapsdepartementet (KD) og Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT).

Artikkelen fortsetter under annonsen.

KD får eit politisk pålegg om å skaffa større kvalitet mellom anna innan lærarutdanningane, og då særleg knytt til matematikkfaget. Kva gjer KD så? I skuleverket elles kan dei kanalisera sine bestillingar til Utdanningsdirektoratet (Udir). Men i U/H-sektoren råder akademisk fridom. Difor har det aldri vore på tale med noko Udir innan høgre utdanning. Men der er NOKUT! Rett nok skal det etter heile sin intensjon vera fagleg uavhengig, men når bestillingane kjem frå statsråden via KD så står NOKUT i ferd med å tapa sjela si.

Eitt døme er matematikk:« NOKUT får i oppdrag å gjennomføre en mulighetsstudie og et pilotprosjekt som fullskalagjennomføring av nasjonale deleksamenerinnenfor enkelte profesjonsfag. Dette må gjøres i nært samarbeid med de som har erfaringer med nasjonale prøver i grunnopplæringen. NOKUT skal ta sikte på både å utvikle deleksameneneog gjennomføre piloten i løpet av 2015.»

Detter er sjølvsagt mistillit til heile U/H-sektoren, men det lyt vi bera. Verre er at det bryt med lov og reglement og grip såleis rett inn i den akademiske fridomen for U/H-institusjonane. Dette har med retten til å vedta studieplan, avvikla eksamen, oppnemna sensorar og klagenemnd.

Så er det NOKUT si rolle. Det organet skal vera fagleg uavhengig av KD og kan difor ikkje ta imot og effektuera eit fagleg oppdrag der KD vil gå inn og overprøva U/H-institusjonane sine faglege vurderingar. NOKUT har heller ingen fagleg stab for slike aksjonar. Dei brukar alltid nasjonale, eller internasjonale fagfolk frå U/H-sektoren i faglege vurderingar. Men i denne saka er dei iferd med å agera på sjølvstyr. Så eg er uroleg for at Peer Gynts utsagn «hvor udgangspunktet er galest, blir tidt resultatet orginalest» kan gå i oppfylling.

Difor bør KD snarast finna løysingar i samspel med Universitets- og høgskolerådet og la NOKUT få ha sin legitimitet i sektoren.

Les også
Skjerper sin kristne profilFolkehøgskole
Les også
Ledere for kristne skolerSkattelister 2013