Inspirerer eldre til å 
tette generasjonskløfta

Under leiren skal eldre over 50 år samtale om arbeidet for å samle generasjonane. 
– Vi treng kvarandre, 
seier ein av leiarane.

– Vi har hatt desse leirane i over 30 år, seier Kenneth Dalaker, hovudleiar for 50+–arbeidet for Ungdom i Oppdrag i Norge.

Ifølgje Dalaker er målet med leiren å inspirere eldre til å vere til nytte for yngre generasjonar. Han legg vekt på at generasjonane må knytast saman og siterer Malaki 4,6: «Han skal venda fedrehjarta til borna og barnehjarta til fedrane».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Som følgje av desse leirane har vi fått såkalla generasjonstreff. Til dømes har vi for tredje året samla generasjonane i Rogaland.

Han seier yngre ser ei trong for å få med seg dei eldre.

– Folk er meir grupperte i dag enn det dei var før i tida. Vi ynskjer å bryte ned murar og byggje bru. Vi treng kvarandre, på tvers av generasjonar.

Tema: «Jesu vei».

– Jesus ynskjer oss med på sin veg. Han møtte menneske i alle aldrar og fasar i livet.

Leiren er samansett av undervisning og samtalegrupper.

– Vi skal gå tur langs ein natursti for å bli kjente med kvarandre. Relasjonsbygging er viktig for oss. Og på kvelden samlast vi i peisestova på Skjærgårdsheimen.

Musikk med meining

Han vil at leiren skal vere ein stad for ånd, sjel og kropp. Folk kjem frå mange kantar av landet for å få den med seg.

– Vi legg mykje vekt på songen og den si tyding i livet vårt. Det vert varierte innslag under leiren. Og i år får folk høve til å fortelje kvifor ein song har vore viktig for dei. Etterpå kan heile gruppa vere med på å syngje songen. Og då vil den vonleg gjeve større meining for dei som er til stades.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det vert innslag av vitnesbyrd og livssoger under leiren. Ynsket er at dette kan vere til inspirasjon og motivasjon for dei frammøtte.

Fleire einslege

– Vi har hovudsakleg vore ein organisasjon for familiar og ektepar. Men stendig er det fleire og fleire einslege som vert med. Og vi eldre kjem på eit eller anna tidspunkt til å verte einslege sjølv. Det kan hende dei kjenner seg litt utanfor blant alle familiane.

Han har sjølv vore gift i 50 år, men har trua på at Gud har bruk for folk, uansett livssituasjon og kor ein er i livet.

– Mange einslege kjem på 50+, og vi vil ha fokus på deira nytteverdi i Gud sine auge. Vi vil synleggjere at Gud vil bruke dei i teneste for neste generasjon.

Til nytte for Gud

Før leiren vart det halde ei medarbeidarsamling, der det vart tala om at Gud ikkje er ferdige med dei, uansett alder.

– Vi opplever at Gud framleis har planar for livet vårt. Som eldre er det vanskeleg å få jobb om ein er arbeidslaus. Og alle er ikkje like oppdaterte når det gjeld teknologi. Samfunnet ber preg av at det er ferdig med oss. Men Gud ser ikkje etter slike ting, han er oppteken av kor vi har tanken og hjartet vårt.

Vi har presentert ei bok som heiter «Etterlysning: Åndelige foreldre», skrive av pastor Torbjørg Oline Nyli. Boka tar opp det at det finst ein marknad vi åndelege foreldre kan utgjere ein skilnad i. I Nyli si hovudoppgåve ved Ansgarskulen, fann ho ut at unge ønskte folk med grå hår dei kunne samtale med om livet.

Elles vert det arrangert ein misjonsdag under leiren. Der skal dei oppmuntre og inspirere eldre til misjonsteneste. Det vert også basar til innsamling for Ungdom I Oppdrag sitt prosjekt i Asia.