No blir Marianne (24) misjonær
På eit legekontor i Senegal vart Marianne Thormodsæter (24) for første gong omtalt som misjonær. «Wow, det er sjukt», tenkte ho.
Dagen møter henne tidleg på morgonen på Fjellhaug i Oslo. Her er ho på kurs saman med andre som skal bli misjonærar. Det klirrar i koppar inne i matsalen, der det yrer av unge familiar som et frukost.
– Eg må ha ein kopp kaffi, seier Marianne, hentar ein kopp varm drikke og går inn eit roleg møterom der vi kan snakke saman.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Ho hadde ikkje akkurat sett føre seg at ho skulle mingle med misjonærar på Misjonssambandets høgborg då ho vaks opp i indremisjonen heime på Halsnøy i Sunnhordland.
Les også:Fem festdager til ende på UL
Ikkje direkte-kall
Men det skjedde noko då ho gjekk på Gå Ut Senteret i Hurdal etter vidaregåande.
– Då var eg fem månader i Senegal og tenkte «Å, kanskje skal eg reise ut!»
– Kva skjedde i Senegal i Vest-Afrika?
– Eg trur berre eg såg at det var verd å reise ut. At det var så få som hadde høyrt om Jesus. Det gjorde inntrykk der eg jobba på dagsenter for muslimske gutar.
– Fekk du eit kall medan du var i Senegal?
– Eg veit ikkje. Det høyrest så voldsomt ut med kall. Men når eg har fått roen for at det er dette eg skal gjere, trur eg vi kan kalle det eit kall.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
I Senegal såg ho på seg sjølv som student på korttidsopphald. Men då ho vart sjuk og måtte til lege, tok ein annan misjonær henne med til legekontoret og presenterte henne med orda: «Ho er misjonær».
– Då tenkte eg «wow, det er sjukt. Han kalla meg misjonær».
Les mer fra UL:Blir bedt om å ikke imponere Gud
«Stas» å vere misjonær
– Det er stas å få lov å reise, fortelje om Jesus og ha det som fulltidsoppgåve. At eg blir sendt og at nokon står bak.
- Kjenner du på eit stort ansvar?
– Eg har prøvd å ikkje tenkje så mykje på det, men ta det roleg og ikkje stresse så mykje.
Mange som er oppvaksne på bedehus og i misjonsorganisasjonar fortel at dei frykta at dei skulle få misjonærkall, for dei hadde ikkje lyst å reise til fjerne land.
Den kampen mot kallet har ho ikkje opplevd.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Eg har lyst. Det verkar spennande å reise utanlands, men det å faktisk gjere det... Det er for fire år! Det blir meir og meir skummelt også. Det er meir skummelt no når det nærmar seg.
Se video:
Forsaking
- Har du forsaka noko, til dømes kjæraste, fordi du visste at du skulle reise?
– Kanskje litt. Det har vore ein prosess. Lenge tenkte eg at eg skulle gifte meg når eg skulle reise ut. Eg hadde ikkje lyst å reise åleine. Sjølv om ein har eit misjonærfellesskap, så kjem eg til å vere åleine ved slutten av dagen. Eg har jobba ein del med å tenkje at Gud er nok, både i dei gode og dei kjipe dagane.
– Har du takka nei til date?
– Nei, det har eg ikkje. Det har ikkje vore slik at «no skal eg vere singel».
Les mer fra UL:Ber om åpenhet rundt bruk av alkohol
Artikkelen fortsetter under annonsen.
Teologi
Etter opphaldet i Senegal konstaterte ho at dersom ho skulle bli misjonær, måtte ho ha teologisk utdanning. Dermed gjekk vegen til Misjonssambandets høgskule på Fjellhaug der ho i vår var ferdig med mastergrad i teologi og misjon.
I mellomtida har ho sett spor etter seg: For eit par år sidan sette ho i gong ein bibelleseaksjon som var meint for vener, men så vart så populær at eitsamarbeid Bibelselskapet og andre organisasjonar spreidde han over heile landet. Ho har jobba med unge korttidsmisjonærar gjennom TeFT-programmet og vore redaksjonsleiar i tidsskriftet Fast Grunn.
Torsdag om ei veke reiser ho til Arequipa i Peru. Først til språkstudiar i spansk, deretter skal ho være lærar på bibelskulen og det teologiske seminaret Setela.
Måtte tenkje seg om
Fredag kveld skal Marianne stå framfor fleire tusen unge på Misjonssambandets og Indremisjonsforbundets sommarkonferanse UL og bli innvia til misjonær. Ho måtte tenkje seg om då ho fekk spørsmålet om å leggje innviinga til UL.
– Det blir litt mykje. Det er så stort. Men så tenkte eg at viss det betyr at eg kan vere forbilde. Vise folk at det er mogeleg å reise ut som ung kvinne, som singel...
... eller som kvinneleg teolog?
– Ja.
– Du er oppvaksen i Indremisjon. Vurderte å jobbe i Noreg i staden for?
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Eigentleg ikkje. Eg ville studere teologi, men kva i all verda bruker du teologi til i Indremisjonen? Det er difor eg har teke teologien, for å bruke den ute. Men eg kjem nok til å jobbe i Noreg på sikt.
Dame med teologi
Det er langt frå den flate øya Halsnøy i Sunnhordland til Andesfjella i Sør-Amerika. Ikkje har ho noko særskilt forhold til Peru, heller. Det var oppgåvene som gjorde at ho vart plassert der.
– Dei hadde bruk for ei dame som hadde studert teologi.
No skal ho bu 2000 meter over havet og ser fordelane:
– Eg kan bli sprek, ler ho hjarteleg. – Det kunne vore 4000 meter. Det er berre 2000.
Her skal ho undervise på spansk. Bak seg har ho to år med spansk frå vidaregåande skule. Det gjer at ho forstår når folk snakkar seint.
– Og så kan eg bøye verb, ler ho og held rundt kaffikoppen, som er i ferd med å bli kaldare.
Flyttar inn hos familie
For å lære språket, skal ho ikkje berre gå på språkskule.
Artikkelen fortsetter under annonsen.
– Eg leste i ei bok at det kunne vore lurt å bu hos ein familie. Så eg spurte om eg kunne få bu hos ein familie. Det blir sikkert bra. Der får eg lært kvardagsspråk og kultur.
– Veit du noko om familien, kor mange dei er og om dei har born?
– Har ikkje peiling. Eg må omfamne det som kjem og gå heilt inn for at det skal gå bra.
- Kvar ser du deg sjølv om ti år?
Ho ler godt og fortel at ho akkurat har snakka om det med ei veninne. Det betyr ikkje at ho er nærare svaret.
– Aner ikkje. Kanskje blir eg lenger i Peru? Men først må eg gjennom dei fire første åra.
Ho ber kaffikoppane inn til oppvasken på kjøkenet, kjem ut att med ein pappkopp med meir kaffi. Ho ser på klokka, som nærmar seg halv ni og tek den velbrukte, eitt år gamle Bibelen opp frå bordet.
– No må eg gå på bibeltime, seier ho.