KYRKJA: Motsetnaden her er ikkje konservativ versus liberal. Det skiljet har kyrkja alltid kjempa, og levd, med. Nei, motsetnaden i denne saka er – heilt korrekt – at Sandaker-Nielsen i toleransens namn aksepterer vårt «syn», medan vi i teologiens namn ikkje kan akseptera hans, skriv Egil Morland. Biletet er frå kyrkjemøtet i 2016.

Sandaker-Nielsen har (nesten) rett

Kyrkja kan ikkje ha liturgiske ordningar som motseier kvarandre. Punktum.

Gard R. Sandaker-Nielsen har sendt e-post til Dagen, som vert til ei heilside 10. april. Artikkelen vil korrigera synspunkt eg hevda i eit intervju med Kristeleg Pressekontor.

Sandaker-Nielsen meiner at våre inntrykk av «rommet» i kyrkja ikkje stemmer. Han har nemleg bestemt at rommet finst. For han og andre «skapte det rommet». Her manglar mykje på skaparkraft!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men Sandaker-Nielsen har (nesten) rett. Han har nesten rett i at eg og andre ikkje ville gje rom for Open Folkekyrkje sitt syn. Nesten. For det vi sa var at kyrkja kan leva med meiningsbryting om dette.

Men ho kan ikkje – for det same fenomenet: ekteskap – ha to liturgiske ordningar som motseier kvarande, der den eine læra i heile kyrkja si soge har hatt rikeleg med bibelsk grunngjeving, medan den andre heilt manglar dette.

Dersom Sandaker-Nielsen og andre synest dette siste høyrest arrogant ut, kan dei sjå bort frå det, og lesa det eg skriv på heilt allment vis: Kyrkja kan ikkje ha liturgiske ordningar som motseier kvarandre. Punktum.

Vi seier at kjønnspolariteten er eit konstituerande element i ei kristen ekteskapsforståing. Sandaker-Nielsen og Open Folkekyrkje seier at det er det slett ikkje.

Derfor vil Sandaker-Nielsen kanskje også hugsa at vi var mange som i 2015 og 2016 presiserte at for oss føresette det modale hjelpeverbet «må» i setninga som Sandaker-Nielsen siterer: at det gudstenestelege og sakramentale fellesskapet i Den norske kyrkje ikkje brytast, at kyrkja kunne tola brytingar om spørsmålet, men ikkje etablera ordningar som gjensidig utelukkar kvarandre.

Men Sandaker-Nielsen framstiller dette som at vi «konservative» no går bort frå noko vi tidlegare var samde om. Dess oftare dette vert hevda, di meir får det preg av hersketeknikk.

Eg forstår også Sandaker-Nielsen sin irritasjon, når han hevdar athan ønskjer å ha dei «konservative» med i kyrkja, medan vi ikkje kan akseptera den ordninga dei har «skapt». Han har rett, og det er faktisk heile poenget her.

Dét er grunnen til at romma ikkje kan eksistera saman, korkje på nasjonalt, men spesielt ikkje på lokalt plan: For motsetnaden her er ikkje konservativ versus liberal. Det skiljet har kyrkja alltid kjempa, og levd, med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Nei, motsetnaden i denne saka er – heilt korrekt – at Sandaker-Nielsen i toleransens namn aksepterer vårt «syn», medan vi i teologiens namn ikkje kan akseptera hans. Det inngår altså i vårt «syn» at Sandaker-Nielsens lære er illegitim i kyrkja. Respekterer han ein slik føresetnad?

Når eg har gitt Sandaker-Nielsen så mykje rett, så lyt eg også få korrigera ei anna sak. Sandaker-Nielsen skriv at eg ikkje har rett i at dei kyrkjelege organa (tidlegare) har følgd ei konsensuslinje i arbeidet sitt, og han tolkar det som at eg ser bort frå at det også tidlegare har vore usemje og konflikt i kyrkja.

Men dette er feil, og byggjer på ei mistyding av kva «konsensuslinje» er. Gjennom nokre tiår har eg vore med på mange diskusjonar om dåp og nattverd og liturgi i det heile, om salmebøker, kyrkjeordningar og embetsteologi.

På alle desse områda har ulike skarpe standpunkt vore drøfta og – i mange tilfelle – samrøystes vedtak likevel kome ut. Det er dette som er å arbeida mot konsensus. Alle sunne organisasjonar må arbeida slik.

Men kva vil Sandaker-Nielsen? Han gjekk på talarstolen i siste Kyrkjemøte (KM) og kjempa for at arbeidet i komiteane skulle vera ope for alle. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg korleis det kan forstyrra prosessen og samtalen fram mot gode resultat. Når Sandaker-Nielsen samtidig ville at detoffisielle KM-programmet skulle setja av tid til lukka møte i dei ulike partigrupperingane, så er farsen fullstendig:

I lukka møte skal «partia» koma fram til sine standpunkt, for deretter «ope» kunna spela dette ut i det rommet – komiteane – som tek arbeidet med kyrkja sin konsensus på alvor.

Sandaker-Nielsen kommenterer også røystetala på siste KM. I saka om justeringar av gudstenesteliturgien hadde eg berre to forslag: at formuleringane i gudstenesteordninga som oppmodar til ei spesiell markering på dei store høgtidsdagane (exordium før høgtidsvers og evangelielesing) framleis skulle stå der.

Grunngjeving: Mi eiga og andres røynsle av at dette ikkje alltid vert praktisert. Det blei stemt ned. Grunngjeving frå komiteen: Når det ikkje står noko, kan det framleis gjerast. OK. Men eg ville at KM skulle seia – som i dag – at dette er ønskjeleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det andre forslaget mitt var dels ei støtte til Gunnhild Andreassen om at vi framleis kan (!) seia: - Dette er Jesu lekam/blod i nattverden (fleirtal), og at vi på nynorsk framleis må kunna seia:Jesu blod – utrent for deg. Men nei: KM vil at det berre ordetgitt skal brukast.

Den eine, store saka, der eg vart røysta ned, var endringane i soknemøtet sitt mynde, som fleirtal i Kyrkjeråd og KM hevdar i realiteten ikkje er ei endring. Det er ei så stor sak at det krev ei eiga utgreiing, som eg vil koma attende til.