❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer
BIBELEN: Difor lanserte Luther tanken om sentrum og periferi i Bibelen. Ikkje alt som står der, er like sentralt for kyrkja, for trua, for dei kristne, skriv Magnar Kartveit.

Kva kan Bibelen brukast til, og kva skal han ikkje brukast til?

Me drikk ikkje Bibeltekstar for å få betre helse eller høgare formue. Luthers idear om sentrum og periferi og om ei utvikling i innhaldet i Bibelen har prega dei fleste brukarane av Den heilage skrifta i vår tid.

Publisert Sist oppdatert

Kan ein få ein betre eksamen med Bibelen? Kanskje ha hellet med seg med det andre kjønn? Eller sikra gode inntekter? Alt dette har Bibelen blitt brukt til i somme kulturar. Ein må ta ein bibeltekst, riva arket opp og bløyta det i ei viss blanding, og drikka det heile. Så vil effekten bli slik ein ynskjer.

Personar som overtar eit embete, må ofte sverja ein truskapseid. Med venstre handa på Bibelen og høgre handa lyfta lovar dei å halda seg til reglane som embetet krev. Bibelen sikrar at eiden er alvorleg og lovnaden påliteleg.

I kulturar der heilage bøker er heilage i seg sjølve og blir respekterte for det, kan ein ikkje behandla Bibelboka lettferdig. Ho kan ikkje leggjast på golvet, ikkje plasserast uverdig, ikkje bli gjenstand for forakt. Med begge hender kan ein lyfta boka, leggja henne frå seg, opna henne.

Powered by Labrador CMS