KrF og ambassadeflytting

Vår sterke oppmoding til landsmøtet er at formuleringa for perioden 2017–21 blir ståande også for neste periode.

Det skapar både uro og sorg når vi les KrF sin utanrikspolitiske talsmann, Geir Toskedal, sin uttale i Dagen 14. april.

Etter som vi forstår så vil han «skrote» partiet sin tidligare formulering om å flytte den norske ambassade i Israel til Jerusalem. Når vi les hans krav for ei slik flytting gir det enno meir grunn til undring.

For underskrivne, som arbeidde på Stortinget for 20–30 år sidan, var «flyttesaka» viktig for oss. Å etablere vår ambassade i Jerusalem, var og er ei erkjenning og stadfesting av at byen er Israel sin rettkomne hovudstad.

Då er det både rett og logisk at vår ambassade også bør ligge der. Noko anna er like ulogisk som at den norske ambassade i Sverige låg i Malmø og ikkje i Stockholm.

Før var dette vanskeleg, men no har USA «opna ei dør», og det ser ut som fleire og fleire nasjonar går inn gjennom denne døra.

Når det gjeld grunngjevinga og kravet som Toskedal set for ei slik løysing så må vi få merke:

Han gir slik uttale: «Dette krever en situasjon der begge parter viser respekt for hverandre og deltar i forhandlinger med forpliktende mandat.»

Merk deg det: Respekt for hverandre. Ja, korleis har respekten vore, og framleis er, frå palestina-arabarane (PLO) si side med tanke på ei løysing?

Gjennom 100 år har det, frå mandatmakta, FN, amerikanske presidentar, og så vidare vore sett fram ti – 10 forslag til ei løysing på konflikten. Israel har sagt ja til ni av dei, den tiande ville skape utsletting av staten.

Dette var også den einaste PLO sa ja til, elles har dei sagt nei til alle dei ni andre. Vi kan også notere oss at når Israel inngjekk fredsavtale med Egypt og Jordan, så vart PLO-styresmaktene rasande.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan sjå ut som vedtaket på Khartoum-møtet framleis står ved lag: Nei til fred med Israel – Nei til forhandlingar og Nei til staten Israel.

Kva slags semje ser Geir Toskedal for seg vil kome for at ambassaden kan bli flytta?

Vi vil gjere KrFs landsmøte merksam på kva konsekvensar det vil få for mange veljarar i partiet om GT sitt syn blir sett ut i livet. Mange vil oppfatte det som «politisk feigskap».

Vår sterke oppmoding til landsmøtet er at formuleringa for perioden 2017–21 blir ståande også for neste periode.

Les også
Frp foreslår å flytte ambassaden til Jerusalem – KrF sier nei
Les også
EU ut mot Kosovos ambassadeplaner
Les også
Senterpartiet bør se seg i speilet når det kommer til Israel