Maleriet av Jomfru Maria er laget av Giovanni Ambrogio Bevilacqua (fl. 1481).

Jomfru Maria er dei kristne sitt fremste kvinneideal

Med heile livet demonstrerer Maria tydelegare enn filosofar og teologar, kva eit menneske er verd.

Ein feminist-teolog har provosert fram ny interesse for Maria, Jesu mor. Kvinna som fromme i alle generasjonar har sett opp til, som Gud gjorde frelsesverket avhengig av, som predikantar har underkommunisert og som liberalarar no vil gjere til me-too-offer.

For kristne har Maria vore fremste kvinneidealet, utropt både av englar og kvinner som sæl og velsigna. Skrifta fortel om henne som forbilde for truande. Ho gøymde ord og opplevingar i sitt hjarte der dei fekk vekse og bere frukt i si tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne kvinna levde i krinsen av apostlane og urkyrkjelyden og delte livserfaringar med dei. Slik kom historia om Gabriels visitt, om englar og gjetarar, vismenn og familieliv i Nasaret nye generasjonar for øyre.

Maria tok ikkje abort. Med sitt sosialt sett miserable utgangspunkt som ugift og gravid, kunne tanken lett fått gjennomslag.

Vi tilhøyrer eit folk som har gjort til lovverna praksis å fjerne 40 menneskefoster frå mors liv dagleg. Det pågår ein sokalla abortdebatt som ikkje handlar om anna enn kven som skal ha rett til å avlive eit foster og kor langt ut i livet.

Eit heilt svangerskap bar Maria Guds Son under sitt hjarte, fødde, stelte, vaska og kledde han, verna han mot mordarar, lærte han å be, fylgde han hakk i hæl då han voks ut av barndomsheimen, stod som augevitne då torturistane slo han, og ved krossen då han døydde og den mørke natta han låg i grava.

Maria visste at ingen er bunden i hop med eit barn som mora. Det andre kan høyre og sjå, hadde ho kjent fysisk på kroppen. Difor reknar vi med rette Maria som den fyrste truande i den nye pakta. Ho som bar Han til verda, vert boren av Han til himmelen.

Med heile livet demonstrerer Maria tydelegare enn filosofar og teologar, kva eit menneske er verd. Dei mektige kan prioritere og eksperimentere, skalte og valte. Små menneske kan bli fråtekne menneskeverd før dei er fødde. Eldre kan setjast bort til ein uverdig død. Sjuke kan få tilrettelagt sjølvmord.

Men Maria vitnar at mennesket sitt høgaste kall er å ta imot Gud i livet sitt, la Han eige det her på jorda og la Han lyfte det opp til seg i himmelen i æva. Gud korrigerer alle fornedringar menneske vert påførte. Alle avvisingar, alle overgrep, all øydelegging av menneske. Men i etterfylginga, i strevet og smertane opnar livet seg med sine samanhengar og si meining.

Så, ver helsa, Maria!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Lite originalt om bebudelsen fra Gyrid Gunnes
Les også
Stans rivingen av Olavskulten