KRITISK: Leiar for Kristne Arbeidere, Jan Rudy Kristensen, hevdar at det er ei lita gruppe med konservative kristne, som med støtte til Donald Trump og Israel, øydelegg for majoriteten av kristne.
Silje Rognsvåg
Hevdar at norsk «kristenhøgre» hindrar vekking
Kristen arbeidarleiar meiner at konservative kristne misbrukar Guds ord til politisk vinning. – Det er han som blandar korta, svarar avisredaktør.
Rundt om i landet kjempar partia no om å kapre røyster frå ulike veljargrupper, mellom anna kristne. Mange parti på høgresida brukar den kristne forankringa si i valkampen, og somme har det også i namnet.
Kristne politikarar i partia på venstresida er derimot mindre høglydte. Men det finst også kristne på venstresida, forsikrar leiar for Kristne Arbeidere, Jan Rudy Kristensen. Han meiner at kristne har mykje å tene på å røyste på eit parti på venstresida.
– Vi som trur på Jesus står saman med dei svake, og det er vårt ansvar å forvalte skaparverket slik at det vert rettferdig fordelt, seier han, og held fram: