Sp-veteran Arild Børge Skjæveland er inne i sin tiene periode i Klepp kommunestyre. Han mener kristenfolket i kommunen kan sammenlignes med Russlands president Vladimir Putin.

Den nye intoleransen frå lobbyen av kvinne- og homoaktivistar

Den nye intoleransen er sett i scene av ein liten lobby av kvinne- og homoaktivistar som har fått ei nærast diktatorisk makt.

Som gamal senterparti­veljar er eg glad for at Arild Børge Skjæveland ikkje er ein typisk representant for partiet. Han høyrer nok heller heime litt lenger ute på den venstresida Senterpartiet har alliert seg med i kampen mot den sentraliseringa og byråkratiseringa som høgreregjeringa tvingar på oss i aukande tempo.

Det har vore gildt å fylgja med på den storm­en han har hausta med det ­tåpelege framlegget om at organisasjonar og lag som ikkje var politisk korrekte i kvinne- og kjønnspolitikken, skulle nektast kommunal stønad.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein treng ikkje vera ihuga bedehusmann for å skjøna at det er noko grunnleggjande som skurrar her. Det er ein intoleranse av heilt ny dato, sett i scene av ein liten lobby av kvinne- og homoaktivistar som har fått ei nærast diktatorisk makt.

Klårast ser me dette i den meiningslause språkpolitikken som no skal tvingast på oss: Ei «barnelov» utan mor og far, ei heksejakt på ordet «mann», med latterlege fylgjer som at lensmannen er vorten «politiavdelingsleder» og rådmannen «kommunedirektør» – som om ein byråkrat no skal «dirigera» ein demokratisk styrd kommune!

Kvifor lyt me finna oss i slikt tøv i eit demokratisk samfunn?

Er ikkje dette eit einevelde som ikkje eingong er opplyst? Det er viktig at me held fram med å seia fylkesmann, lensmann og rådmann, slik me på Jæren framleis seier «triåtrædeve», snart sytti år etter at det offisielt skulle heita trettitre.

Men i Klepp har den nye makteliten sin talsmann i Arild Børge Skjæveland, slik dei hadde det i skulesjefen i Hå før jul, då han viste juleevangeliet ut av skulestova. Dei meiner nok sjølve at dei er talsmenn for toleransen, og ser ikkje at dei er lojale tenarar for den nye intoleransen, med ein like stor skrekk for «lukt av kristenmanns blod» som dei gamle trolla hadde.

I eit demokratisk samfunn lyt det alltid finnast ein grunnleggjande rett til å vera usamd. Fram til for få år sidan var det i heile verda ei semje så gamal som manneætta om at den djupaste meininga med ekteskapet var barneavl, og at ektefellane difor laut vera av motsett kjønn.

No har eit demokratisk fleirtal i landet sikra oss ei «kjønnsnøytral» ekteskapslov. Dei kristne er komne i mindretal, og må finna seg i at det kjem lover i strid med kristendomen. Men dei treng ikkje sjølve praktisera lova. Dei lyt til og med ha lov til å meina at all sex utanfor ekteskapet mellom mann og kvinne, er synd.

Og når dei byggjer seg eit bedehus, lyt dei sjølve avgjera kva etiske krav dei vil stilla til leiarar og medarbeidarar. Det i samsvar både med religionsfridomen og med den toleransen som lyt råda i eit fritt samfunn. Det er like urimeleg å krevja at ein som offentleg lever i brot med kristendomen, skal ha tillitsverv på bedehuset, som at ein alkoholikar skal ha rett til å sitja i styret i eit fråhaldslag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Klepp er eit levande lokalsamfunn, ikkje minst takka vere eit rikt utval av lag og foreiningar, der folk kan samlast om felles interesser, også om verdinormer som fleirtalet ikkje deler.

Dette er levande celler i lokalsamfunnet, som kvar for seg styrkjer kjensla av å høyra til og kjenna seg heime. Det at det finst stader der me kan møtast med likesinna, gjev oss overskot til å vera gode grannar også med dei me er usamde med.

Det at ulike syn kan leva side ved side, er ein siger for demokratiet; den einsrettinga som Arild Børge Skjæveland gjer seg til talsmann for, gjer oss heimlause der me trudde me høyrde til.

Les også
Klepp-politiker mener barn blir radikalisert på bedehuset«Klepp-saken»
Les også
Lensmannen blir kjønnsnøytral etter 900 år: – Hva i alle dager er det vi driver med?
Les også
Skjæveland, Putin og radikaliserte kristne på Klepp