AUSTAD: Dei av oss som ikkje er så stillfarande, kunne nok tenkt oss litt skarpare formuleringar nokre gonger – men då ville det ikkje vore personen eller professoren Torleiv Austad, skriv Johannes Kleppa. På biletet ser vi Austad som leiar av Den norske kyrkja si lærenemnd i 2006. Til høgre Turid Karlsen Seim.

Bokmelding: Torleiv Austad - Livet har opna seg

I det heile finn vi ingen ufine personkarakteristikkar eller pikante avsløringar, men nyanserte vurderingar av sentrale teologar og kyrkjeleiar, særleg MF-professorar.

Torleiv Austad er pensjonert professor frå MF (tidlegare Menighetsfakultetet). Han var over ein mannsalder prestelærar med dogmatikk som hovudfelt. Han var aldri noko barrikadestormar, men han var den solide fagteologen. Austad er ein mann som har sett spor etter seg, både ut frå substansen og breidden i det faglege engasjementet. Det er nok mange sider ved dagens MF som han ikkje kjenner seg heime i.

Åndeleg og verdslet

Boka startar naturleg nok med barneår og oppvekst. Det skjedde på ein prestegard i Setesdalen under krigen. Det er fascinerande å lesa korleis han som gut opplevde tyskarane og krigssituasjonen, og nettopp kyrkja og krigen vart Austad si store interesse som fagteolog.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her trur eg ingen i landet vårt overgår han, og han har også stor respekt internasjonalt på dette feltet. Dette gjeld ikkje minst forholdet mellom det åndelege og det verdslege regimentet.

For min del har eg hatt stort utbytte av å lesa Austad sine bøker om kyrkja sin motstandskamp under siste verdskrigen, særleg den prinsipielle grunngjevinga for kampen mot nazismen og nasjonalsosialismen.

Økumenisk og internasjonal

Eg visste at Torleiv Austad var både ein grundig og allsidig mann, men gjennom lesinga av boka, vart dette enda tydelegare – ikkje fordi Austad brautar og breier seg, men ved at han lågmælt fortel om kva han gjennom livet har fått vore med på. Han har vore sterkare oppteken med økumeniske spørsmål, og han har hatt eit sterkare internasjonalt engasjement, enn eg var klar over.

Austad er primært dogmatikar, men han har også hatt eit breidt og sterkt etisk engasjement. Det gjeld regimentslæra og staten, krig og fred, medisin og bioteknologi, skaparverk og klima, rik og fattig. Alt dette og tida på MF får vi innblikk i gjennom fortellinga om livet, og vi får møta mange personar han har møtt og samarbeidd med.

Han overtok som professor etter Leiv Aalen, og han har med det ein sentral plass. Austad var ikkje samd med sin forgjengar i alt, og til tider lurer eg på om han i grunnsyn stod nærare Carl Fr. Wisløff – som får positiv omtale. I det heile finn vi ingen ufine personkarakteristikkar eller pikante avsløringar, men nyanserte vurderingar av sentrale teologar og kyrkjeleiar, særleg MF-professorar.

Fact box

Meir overtydd

Vi får ikkje berre glimt inn i arbeidsoppgåver og engasjement, men også i standpunkt og argumentasjon i ulike saker. Dette kunne nok vore enda sterkare, men det ville samstundes ha gjort boka tyngre og meir teologisk.

Det er interessant at Austad understrekar at til meir han har arbeidd med bibeltekstane når det gjeld ekteskap og homofili, til meir har han vorte overtydd om det klassiske bibelske standpunkt på dette området.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg kjenner ikkje Torleiv Austad godt, men eg har møtt han nokre gonger og eg har lese ein god del av det han har skrive. I boka stig han fram slik eg kjenner han. Han seier sjølv at han er prega av tvisyn, og at han av natur er for stillfarande til å stå på barrikadane og skrika.

Det gjer framstillinga av eige liv og eigne standpunkt lågmælt, men tillitsvekkande. Dei av oss som ikkje er så stillfarande, kunne nok tenkt oss litt skarpare formuleringar nokre gonger – men då ville det ikkje vore personen eller professoren Torleiv Austad.

Mannen og tida

Eg takkar for boka, og eg trur mange som kjenner Austad og som har hatt han som lærar, vil setja pris på den forteljinga vi her får om mannen og tida han har verka i. For meg har det vore interessant å fylgja ein sentral teologiprofessor si livshistorie på denne måten.