For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

IRAN: Dette er eit så ille regime at ein påstand om at handel, teknologi og besøk vil kunna endra regimet, verkar som ein lettvint resept etter ein naiv ferietur, skriv Johannes Morken. På biletet ser vi fiskeriminister Per Sandberg og kjærasten Bahareh Letnes.

Bak fasaden i Per Sandbergs ferieparadis

Medan Per Sandberg var i Iran, vart fire kristne i landet taua inn av politiet for å sona lange fengselsstraffer. Iran er ikkje berre er eit ferieparadis.

Publisert Sist oppdatert

No er det sjølvsagt lov å dra på ferie til Iran, også for politikarar. Men ein reisande, ikkje minst ein statsråd, skal vera svært varsam med å uttala seg sterkt om eit land ut frå ferieinntrykk. Uansett kva Frp-politikaren og statsråden tidlegare måtte ha sagt og meint om det strenge shia-muslimske regimet, var den påståtte «privatpersonen» Sandberg i ferd med å bli ein politisk reklamemann som det iranske prestestyret kunne dra stor nytte av. Prestestyret i Teheran er sikkert enig med Sandberg i at Iran kanskje er «ett av de mest misforståtte landene i verden».

Gledeleg nok rykte Sandberg til slutt ut med mellom anna ein NRK-kronikk om at ingenting er endra i hans og Frps syn på regimet i Iran. I kronikken er han, endeleg, hard mot regimet som brukar dødsstraff og piskeslag og delvis byggjer på sharia.

Men dersom Sandberg skal ha rett, som han skriv, i at handel, teknologi og besøk til landet kan vera med på å endra regimet, må han i alle fall dra lærdom av sitt eige verbale paradisskryt.

Powered by Labrador CMS