GJESTFRIDOM: Frå terrassen på rådhuset i Knarvik kan ordførar Astrid Aarhus Byrknes sjå ut over Knarvik og Lindås kommune. Her finn ho plass til fleire flyktningar. – Vi må vere med på dugnaden, seier ho.

Her er det plass til fleire flyktningar

– Viss ikkje vi klarer det i vårt rike land, kven skal då ta imot dei? spør Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Ho meiner det er sjølvsagt at hennar kommune skal stille opp for menneske som treng ein stad å bu. Og ho forventar at andre kommunar også stiller opp.

– Det er kjempeviktig at alle kommunar er med å ta imot dei som har fått livet sett på vent. Det har alle kommunar høve til, seier Aarhus Byrknes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ba om dugnad

For eit par veker sidan sende inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) brev til kommunane der ho ba dei vere med på dugnad for å ta imot fleire flyktningar. Det sit over 5.000 med opphaldsløyve på norske asylmottak.

– Vi har eit felles ansvar for å få løyst dette, skriv Horne i brevet, som ho har sendt saman med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner og styreleiar i Kommunenes Sentralforbund, Gunn Marit Helgesen.

Då brevet nådde rådhuset i Knarvik, tok ordførar Aarhus Byrknes det med inn til rådmannen for at saka skulle råd skulle kome opp i kommunestyret.

Før tok kommunen imot 17 flyktningar årleg. I år vart det auka til 20. No er dei beden om å ta imot fem ekstra i år og sju ekstra neste år. Det er ordføraren innstilt på og fortel at det er tverrpolitisk semje om å bidra.

– Det er ein tragedie at så mange sit i mottak. Dei har fått livet sitt sett på vent. Dei har hatt ein forferdeleg bakgrunn og har ofra mykje. Så er dei funne verdige til å få opphaldsløyve, men så kjem dei ikkje vidare. Dei må få kome til kommunane der dei kan få ein ny heim og kome i gong med livet, seier Aarhus Byrknes.

LES OGSÅ: Hareide forventer offensivt fluktningkrav fra KrFs landsmøte

Sa nei

Ikkje alle kommunar er like imøtekommande som Lindås til å ta imot flyktningar. I går vart det kjent at Karasjok i Finnmark har sagt nei til å ta imot flyktningar i år og neste år. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) meiner at Karasjok og Kautokeino kan ta imot 59.

– Kvar skal vi huse disse? Dei har ikkje nokon stad å bu her, seier varaordførar i Kautokeino, Hans Isak Olsen til NRK.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det same sa kommunen i fjor. Då var lækjar, skuleplass og språkopplæring ein av årsakene til at dei ikkje kunne svare positivt på IMDIs førespurnad om å ta imot flyktningar.

– Ei rekkje kommunar seier at dei ikkje maktar å ta imot fleire flyktningar og at det vil gå ut over tilbodet til innbyggjarane, Aarhus Byrknes?

– Vi skal gjere det beste for alle, enten dei kjem flyttande frå Bergen eller er flyktningar, seier ho.

– Kan det ikkje belaste helsetenestene slik at det går ut over andre?

– Då må vi auke tenestene. Når staten ber oss så innstendig om å vere med på dugnaden, seier eg at vi sjølvsagt skal vere med. Men dei må gje oss ei verktøykasse.

I den verktøykassen må det vere både kompetanse og pengar, meiner ordføraren. I dag får ikkje kommunane fullfinansiert kostnaden ved å ta imot flyktningar.

– Kan de ta mot fleire med løyvingane de får i dag?

– Vi klarer å ta imot fleire flyktningar med dei satsane vi får i dag. Treng vi ekstra midlar, vil vi formidle det til IMDI.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

LES MER: Venstre ønsker 10.000 Syria-flyktninger velkommen

Ekstrakvote

Brevet frå statsråden gjeld først og fremst asylsøkjarane som har fått opphald, men som vert sitjande i asylmottak i påvente av å bli busett i kommunane.

Samtidig utspelar det seg ein flyktningkatastrofe i Syria og nabolanda, og båtflyktningar druknar i Middelhavet. Arbeiderpartiets landsmøte sa ja til 10.000 kvoteflyktningar frå Syria. Viss kravet får fleirtal på Stortinget, kan det føre til regjeringskrise. Både Høgre og Frp avviser å ta imot så mange flyktningar.

I helga skal KrFs landsmøte ta stilling til om dei støttar eit forslag til resolusjon frå KrFU om å ta imot 10.000 flyktningar. KrFU-leiar Emil André Erstad gjorde det i går klart overfor Aftenposten at han er klar til å ofre regjeringa på dette spørsmålet.

- Det er viktigare å ta imot 10.000 syriske kvoteflyktningar enn at Frp sit i regjering, seier Erstad til Aftenposten.

Aarhus Byrknes har ikkje teke stilling til om ho vil støtte resolusjonsforslaget, sidan ho ikkje har sett formuleringane der enno. Men ho er klar på at Noreg må ta imot flyktningane.

– På generelt grunnlag støttar eg å ta imot 10 000, seier ho.

– Sjølv om det skulle føre til regjeringskrise?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg vil først høyre debatten og korleis partileiinga og stortingsgruppa ser på saka, seier Aarhus Byrknes. Ho er partileiar Knut Arild Hareides vararepresentant og skal vikariere for han på Stortinget når han no skal ha permisjon i samband med konas fødsel.

Denne uken, 8. - 10. mai, avholder KrF sitt landsmøte på Scandic Nidelven hotell i Trondheim.

Fredag klokken 11 holder partileder Knut Arild Hareide sin tale til landsmøtet.

Nett-TV: Hele landsmøtet overføres direkte på Dagen.no.

Ledertrioen står på valg. Det blir gjenvalg av partileder Knut Arild Hareide og 1. nestleder Dagrun Eriksen, mens Olaug Bollestad blir ny 2. nestleder. Fylkespartiene støtter opp om dette.

Flyktninger

Mange flyktningar som er innvilga opphold, ventar på å bli busett i ein kommune.

Ved månadsskiftet var det 5.256 menneske som i gjennomsnitt hadde venta over ni månader. 681 av desse var born.

Så langt i år har kommunane sagt ja til å busetje 8 116 flyktningar.

Prognoser viser at det er behov for å busetje 13 300.

Auker talet på syriske kvoteflyktningar, vil dei kome i tillegg.

Kilde: IMDI

Les også
Ber folk åpne hjemmet for flyktningerFlyktninger fra Syria
Les også
Hareide forventer offensivt flyktningkrav fra KrFs landsmøteKrfs landsmøte 2015
Les også
38 millioner mennesker på flukt i eget landFakta om internt fordrevne
Les også
Tyskland venter 400.000 asylsøkere i år
Les også
Regjeringen øker Syria-innsatsen til 1 milliard