KLEPP UNGDOMSFORENING: No skal desse kristne ungdommane 
få svi for at dei ikkje rettar seg lydig inn etter «mainstream», skriv innsendaren.

Samfunnsstraff for kristne

Ta frå dei støtta – dei praktiserer ikkje ytringsfridom. Dei lever i eit lukka miljø!

Det er kristne forsamlingar som er gjenstand for slike krav. Det er ikkje noko nytt at det blir stilt ulike krav etter om ein liker eller misliker gruppa det gjeld.

Vedtak ser no oftare og i stadig større grad å vere påverka av sympati eller antipati, meir enn sakleg bruk av offentlege forskrifter. Vi kan sjå at totalitære trekk viser seg i nasjonale, regionale og lokale styreorgan.

Med grunngjevinga å kjempe for demokratiet innfører ein totalitære trekk i avgjerdene.

I det siste har vi gjennom media følgt prosessen i Klepp kommune. Dette eksempelet er eitt av fleire i den siste tida.

Intervju i media med aktørar i prosessen i Klepp vitnar om at sterkt mishag med den heilt lovlege aktiviteten som går føre seg på det aktuelle bedehus ser ut til å medføre at søkjarane blir straffa økonomisk.

Det er vel også slik at dei som er brukarar av dette bedehuset betaler like mykje av det ein før omtala som «kyrkjeskatt» som alle andre. Men no skal desse kristne ungdommane få svi for at dei ikkje rettar seg lydig inn etter «mainstream».

Det må vere lov å ha ulike syn på det etiske grunnlaget, og det må vere lov å ytre seg om det utan å risikere samfunnsstraff dersom vi som nasjon skal kunne pryde oss med tittelen demokrati.

Særleg i samband med kristne forsamlingar er vegen kort før ein ropar på å fjerne økonomisk støtte, då gjerne basert på påstand om manglande ytringsfridom eller lukka miljø.

Men den eigentlege grunnen er at søkjarane står for ein annan ideologi eller meining enn sin eigen. Dette kan av og til verka noko hyklersk.

Den eine saka etter den andre i både politiske og sportslege miljø har blitt rulla opp om «me too»-overtramp kombinert med redsle for å varsle fordi ein har vore redde for konsekvensane.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I andre samanhenger har menneske vore plaga av hersketeknikkar og leiingskulturar i årevis utan at nokon har våga å stå fram for å seie frå.

Det som då har mangla i samanlikning med eventuelt liknande tilfelle i kristne grupper er truinga med reduksjonen i offentleg økonomisk støtte.

Dessverre er straffereaksjonar mot annleis tenkjande basert på kristentru blitt eit kjenneteikn på mindre toleranse og aukande totalitært handlingsmønster i det norske samfunn.

Det representerer også ei erklæring mot offera for dette, om minkande tillit til personleg integritet. Underteikna, som er tilslutta eit kyrkjesamfunn utanom Dnk, har gjennom 43 år undervist i den norske grunnskulen mellom anna i KRLE.

Mine rektorar har hatt tillit til at eg lojalt skulle følgje planverket for alle fag, også KRLE. Noko anna enn det var då også utenkjeleg for underteikna å gjere.

Noko anna er det at både etiske og politiske spørsmål bør belysast ut frå orientering om ulike livssyn og meiningar, og ulik tru, og det er jo det som gjer elevane til reflekterande menneske.

Det er skræmande å sjå at rektorar i Oslo-skulen boikottar bruken av høgt kvalifisert arbeidskraft i sine institusjonar fordi dei har fått utdanning ved NLA. Etter mi forståing er dette demonstrasjon av mistillit og eklatant intolerant maktovergrep.

Held dette fram slik, er det ikkje utruleg at vi får ei «amerikanisering» av samfunnet vårt med generell aukande mistillit, minkande positiv kontakt mellom menneske og sterkare kulturelle og politiske motsetnader.

I tilfellet Klepp, kan det verke som ein gløymer at dei unge menneske som blir ramma av dette, vil kjenne seg framandgjorte i lokalsamfunnet dei veks opp i, utan at underteikna har kjennskap nok til å gjere dette til ein påstand i dette tilfelle.

Ein burde også hugse på at storsamfunnet tener på det viktige rusfrie arbeidet som går for seg i desse miljøa. Denne type totalitært prega verkemidlar er og stigmatiserande for dei unge som får dei imot seg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I «lykkelege» Noreg burde vi akte oss for gode til det, for det splitter samfunnet og øydelegg den gjensidige tillit mellom dei ulike grupper, som kvar for seg eller saman, byggjer landet positivt på ulikt vis.