VIKTIG SAK: At klimautfordringen vert sett på som viktig, viser Klimabarometeret for hausten 2020, ei nasjonal undersøkjing som tek for seg kva nordmenn ser på som dei viktigaste politiske sakene i Noreg. Klimaendringane toppar her lista over utfordringane som Noreg står overfor. Bildet er frå Klimabrølet utanfor Stortinget i fjor.
Berit Roald / NTB
Problemet til Kristeleg Folkeparti
Som ungt KrF-medlem står eg heilt og fullt inne for det konservative fundamentet, men eg saknar ein breiare plattform kor klimautfordringen og saker som angår sosial rettferd får større og viktigare plass.
I samband med at fleire profilerte KrF-arar har meldt seg ut av partiet og over til partiet Sentrum, undrar Karl Johan Hallaråker og Kristian Helland seg over dette i avisa Dagen 13. november.
Dei stillar mellom anna spørsmålet om det er dei som klassiske, verdibaserte KrF-medlemmar som er problemet. Då eg synast dette er ei viktig, men og kjedeleg sak, at fleire forlet KrF, ynskjer eg her å gje nokre innspel til dette innlegget.
For det fyrste nemner dei opp fleire saker dei står for, slik som at dei prinsipielt held fast på det klassiske synet på ekteskapet mellom mann og kvinne sin forrang i lovverket og at dei framleis meiner at barnet i mors liv har rett til liv. Dei undrar seg over om det er dette som er problemet. Eg tvilar på det.