Min advent: «Lys i mørketida»

Dagen har utfordret 24 personer som skriver om det som gjør advent til en spesiell tid for dem. Her kan du lese de andre adventslukene.

Heime startar advent med at kona heng opp to stjerner på krokar frå i fjor og set fram fire lys. Å skriva julebrev er min jobb.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Lenge sende vi julekort med bilete av barna, eitt år som Josef og Maria. For 20 år sidan gjekk vi motviljug over til julebrev.

Saman med Johannes første julebrev skulle vi for første gongen også ha bilete av alle fire. 60 kopiar blei tinga i ein fotobutikk. Ni dagar etterpå troppa eg opp, betalte og gjekk mot toget.

I mørkret utanfor kom eg på at eg kunne sjå på bileta. Eg skvatt. Det var ikkje familien på Malta, det var 60 kopiar av dottera og venninnene. Vi hadde levert feil negativ-remse, ja, slik blei bileta til den gongen. Det var snart julekvelden på både kjerring og mann.

TO STJERNER: – Heime startar advent med at kona heng opp to stjerner på krokar frå i fjor og set fram fire lys, skriv Johannes Morken.

To dagar seinare hadde vi i all hast fått 60 kopiar av rett familie. Eg sette meg til å skriva årsrapport. Om julespelet der dottera var engel, om sonen i speidaren.

Det var fredagskveld, den gongen vi alle såg på Skavlan. Ein gjest hadde forska på 100 julebrev. Publikum skrattlo av dei kopierte årsrapportane.

«No harselerer dei med oss», sa eg og sette meg straks ned for å skriva eit nytt julebrev. Julekorttabben blei bretta ut. Det same blei det faktum at då eg tredje søndag i advent tenkte at no var det endeleg tid for å tenna 80 lys på utegrana, fann eg ikkje lysa.

I julebreva får dagleglivet passera i revy, slik ein revy skal vera. Advent er å tenna lys, henta fram det muntre, dvela ved sorg og la alvoret i verda siga nok på til at vi ser kor heldige vi trass alt er. Advent er også å senda ei helsing til vener som bur i land der dei verkeleg må kjempa for trua si.

Julebreva endar alltid med eit vers: «Du stjerne over Betlehem, send dine stråler ned, og minn oss om at julens bud, er kjærlighet og fred.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

God jul.