Min advent «Fra ulyst til glede»

Dagen har utfordret 24 personer som skriver om det som gjør advent til en spesiell tid for dem. Her kan du kikke på de andre adventslukene.

Min årvisse adventstradisjon byrjar alltid med ei viss ulyst, men endar med glede.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er snakk om julebrevet som må skrivast før det like årvisse julekortet med bilete av barna som blir sendt til slekt og vener.

Tradisjonen byrja for 29 år sidan, i 1992. Vi hadde nettopp flytt til Alta, og det var altfor langt å reise heim til jul. Kanskje var det denne påtrengjande kjensla av å vere langt vekke, som fødde ideen om å skrive julekort til foreldre og tanter og onklar.

På denne tida var det dessutan svært enkelt å ta bilete av barneflokken, som ikkje var blitt ein flokk enno, men besto av éin liten gut som sat i ro og smilte søtt.

Brev: Å skrive julebrev er min årvisse adventstradisjon, skriv Kari Fure.

Innhylla i den nordnorske mørketida skreiv eg mitt første julebrev om snøen, nordlyset og heimlengten. Og om det overveldande livet som vikarlærar i ein åttandeklasse full av hormonar.

Seinare år vart det vanskeleg å slutte å skrive julebrev. Dessutan vart mottakarane fleire. For då vi etter to år flytte frå Alta, vart det plutseleg mange fleire som burde få kort. Vi måtte då prøve å halde kontakta med dei nye venene våre der nord.

Vissa om at det måtte takast eit julekortbilete, gjorde at eg minst ein gong kvart år kravde at sønene måtte sitje pent i ro og smile blidt. Etter kvart som dei vart fleire og eldre, vart dette meir utfordrande, men eg sto på mitt. Sønene smilte, eg tok bilde, og tantene vart glade.

Dei siste åra har eg kapitulert. Tre av sønene er gifte og har spreidd seg Noreg rundt, éin har sjølv fått barn og den yngste skal vere i Asia til mars. Det blir ikkje gruppebilete av slikt.

Julekort blir det likevel. Av typen collage. Og julebrevet har eg ikkje funne nokon god grunn til å sluntre unna. Men eg utset det gjerne så lenge eg kan.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det kan vere tungt å kome i gang, sidan eg legg betydeleg forventningspress på meg sjølv om at brevet skal vere underhaldande.

Viktige familiehendingar må registrerast, og sønene må nemnast, utan at eg kjedar mottakaren med detaljerte skildringar. Men aller helst ønskjer eg å kunne fortelje ei god historie eller to.

Sist veke vart det klart for meg kva som blir årets historie. Den skal handle om bestefar min og Måløyraidet 3. juledag i 1941.

Dermed er det berre å setje i gang med årets julebrev. Eg veit omtrent kva som då vil skje.

For det som er så fint med å skrive julebrev, er ikkje berre at ein held kontakt med slekta. Men også at ein får tenkt gjennom året som har gått.

Ein får reflektert over det som var leit, og det som ikkje er lenger. Men også alt som har vore fint og som gjer livet rikt.

«Takk Herren, for han er god, evig varer hans miskunn», står det i Salme 118.

Det er dette som er det aller beste med å skrive julebrev, synest eg, at eg blir minna om alt eg har å takke for.