Min advent: «Ei uventa adventsluke»

I midten av november i fjor gjekk eg med ein idé og ein sterk trang til å finne ein måte å bringe lys inn i koronamørket for menneska som bur her eg bur. Då redaktøren i lokalavisa tilbaud meg deira nyrigga podkaststudio og gav meg frie tøyler, opna det seg ei uventa adventsluke for meg.

«TALGLYS»: I desember finn Sølvi Hopland Aemmer 30 menneskelege «talglys» og puttar dei inn i 24 adventsluker.

Enkeltpersonar som lyser opp

Dei mangla innhald og ressursar, men hadde utstyr og sendeflate. Eg hadde innhald og ressursar, men mangla utstyr og sendeflate. Og mitt innhald skulle vere enkeltpersonar som lyser opp lokalsamfunnet. Dei som gjer at det «lyser i stille grender».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fotballtrenaren, mannen bak skranken, dama bak disken, ungdomen med ein god idé, presten med humor, ho kulturelle med sorg i bakteppet, butikkmannen med ein humoristisk replikk, loppemarkeddama som ikkje kan vare evig.

Eg ville motarbeide einsemd i eit til dels nedstengt samfunn og visste at eg skulle spørje alle desse menneska det same spørsmålet:

«Har du opplevd ein periode i livet som var mørkare enn andre?»

Etterfølgt av: «Kva var det då som lyste opp att livet ditt?»

Eg ville formidle ei ein tryggleik på at vi kjem oss gjennom kriser, på ulike måtar og kjem til å bli glade igjen. At vi alle har vanskelege dagar, og at det ofte er så lite som skal til for å lyse opp livet til eit medmenneske.

Det var ikkje vanskeleg å få ja. Og lyttartala steig, dag for dag.

Den varme gleda

No kan eg ikkje sjå føre meg ei adventstid utan å tenne julelyset i studio mens ein ventar på neste gjest, og spørje vedkommande om kva som lyser opp livet når dagane er mørke. Og kjenne den varme gleda når eg ser på eit ansikt som lyser i vár glede over å få lov å fortelje. Så veit eg at når Marie på 90 eller Frithjof på 20 fortel, sit det nokon og høyrer på og som kjenner seg litt mindre åleine i livet sitt.

– Julehjartet fylt til randa

Når alle 24 lukene er fylte, kan jula i heimen komme. Då er julehjartet mitt fylt til randa, og adventsstjernene i vindauga og lyslenkene på terrassen får sterkare lys. Dei smiler til naboane og dei som fer forbi og vitnar om at vi høyrer til i lag, her vi bur, og saman utgjer vi alle ei lenke av lys.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og den som gir meg idear, kraft og hjartelys, er Han som vi ventar på i adventstida, han som er beviset på at Gud elska kvart enkelt menneske så høgt at Han sende sonen sin hit for å vere Lyset i verda. Han som bur i det høge og heilage og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda. Han som skriv i sanden og velsignar brødet. Han som leitar etter den eine, sjølv om Han har nittini.

Eg trur det er Hans lys eg ser spegle seg i ansiktet til gjesten på andre sida av miksebordet.