VERDIRESULTAT: Med verdirelativismen hos dei tre borgarlege partia, kan vi ikkje la gamle «Ap-synder» hindra oss i å nå gode verdiresultat i dag. I Bergen har vi lenge sett tydeleg skilnad i tilnærminga til verdispørsmål mellom Ap sin byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup og dei blå-blå i byen, skriv Karl Johan Hallaråker. På biletet er Schjelderup (til venstre) saman med Ap-leiar Jonas Gahr Støre. 


Eit verdiparti med sosial samvit

Den liberalistiske utviklinga i Høgre, Venstre og Frp dei seinare åra uroar meg. Det medverka til at ved dette valet ser eg helst at KrF samarbeider med Ap der det er mogeleg.

Valmålingane spriker. Veljarar sit på gjerdet. Vel, det er valet som tel. Situasjonen bør inspirera alle oss som er glade i KrF til å gjera alt som står i vår makt til å promotera partiet den korte tida som er igjen. Korleis – får kvar og ein bruka kreativiteten sin til å handla.

KrF har mange dyktige medarbeidarar både på og utanom listene til fylka og kommunar. Det er ikkje vanskeleg å be alle verdimedvitne veljarar å røysta KrF ved dette valet. Det er faktisk KrF som vil gjera skilnaden rundt i landet. Du kan føra partiet i posisjon til å gjennomføra god verdipolitikk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Fleire har peika på at KrF brukar mykje krefter på å justera sitt image for å nå breiare ut. VL sin samfunnsredaktør skriv (3.9) at dette består i å skilja mellom kristendom og politikk. Eg har nok lese grundigare analyse! Det måtte jo bety eit kristeleg folkeparti utan kristendom!

Ærleg tala trur eg slikt ville vera dårleg energilekkasje. Partiet har i sin verdiparagraf og ideologikapittel ein tydeleg verdiprofil bygd på kristne samfunnsverdiar.

At partiet i ei tid med mindre kristen kunnskap må justera kommunikasjon og klargjera politiske premisser annleis, er soleklart. KrF slik eg kjenner partiet, skiljer ikkje mellom kristendom og kristne grunnverdiar.

Partiet skjelner derimot klart mellom regimenta og med alle sine verdipremisser konkluderer ein inn i samfunnet. Vi blandar ikkje regimenta slik Venstre sin leiar nyleg har gjort med å bruka si politiske leiarrolle til å promotera ei gruppe i kyrkjevalet.

KrF har ein klok veg mellom teokratiske tendensar og reinspikka sekularisme.

Med vårt kristne verdisyn og menneskesyn har vi menneskeverdet i fokus. Vår tru er synleg og den hjelper oss til å respektera andre si overtyding og gje tru og livssyn naturleg plass i samfunnet. Energien brukar vi på å utvikla aktuell politikk inn vi vår tid slik fedrane gjorde i si tid.

Eg blei med i partiet i tidleg ungdom då legendariske Kjell Bondevik og co var i fokus. Då Bondevik blei statsråd i 1965 endra han ikkje grunntone, men aktualiserte verdisynet – med autoritet – inn i samtidas utfordring. Til og med Dagbladet måtte gje han anerkjenning! Autoriteten var faktisk varemerket hans!

Ved dette valet står det om store spørsmål på mange område. Søndagsopne butikkar dreier seg ikkje om talet på opne butikkdører, men er signal om eit kultur- og samfunnsyn som angrip familieliv, sosialt samliv, frivillig sektor, arbeidsliv og kyrkjeliv. At eit tidlegare konservativt parti som Høgre kjører denne saka, undrar meir enn liberalistane i Venstre og Frp.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kommunereforma i regjeringa si løysing med dei såkalla store og robuste kommunane er heller ikkje ei framtidsretta demokratireform. Det vil truleg føra til meir byråkrati og statleg sentralisering. Det som vil gje framtidig utvikling og demokratireform er ei sterk regionreform som flyttar makt frå Oslo til folkevalde regionar. Her kan KrF vera i førarsetet.

KrF er verdipartiet med eit varmt utvikla sosialt politisk samvit. Eg skal vedgå at den liberalistiske utviklinga i Høgre, Venstre og Frp dei seinare åra uroar meg. Det medverka til at ved dette valet ser eg helst at KrF samarbeider med Ap der det er mogeleg. Med verdirelativismen hos dei tre borgarlege partia, kan vi ikkje la gamle «Ap-synder» hindra oss i å nå gode verdiresultat i dag.

I Bergen har vi lenge sett tydeleg skilnad i tilnærminga til verdispørsmål mellom Ap sin byrådsleiarkandidat Harald Schjelderup og dei blå-blå i byen. Sjølvsagt skal det forhandlast før konklusjon. Men eg er viss om at ein klok mann som Schjelderup veit at det største partiet må gje mest. Vi må berre gje KrF sterk tyngde med eit godt valresultat.