LENGT: Lengten etter Messias e
...
LENGT: Lengten etter Messias er tema for den gamle salmen «Å ko, å kom, Immanuel». Biletet viser ei dramatisering av Jesu fødsel frå Nasaret i 2017. Foto: Ariel Schalit / AP / NTB
Advent
Ei tid for å vente, ei tid for å kome
Del
Vår eiga adventstid kan få større og rikare perspektiv når vi får glimt av at gleda og lengten er noko som har vore felles for kristne gjennom alle tider.

Ei vanleg misforståing er at ordet advent har med venting å gjere. Det er ikkje så rart: Vi ventar på jula, særleg i barndommen. Og sjølve ordet minner om å vente eller avvente. Men det latinske ordet «adventus» betyr «kome» eller «ankomst», som er det tilsvarande substantivet på bokmål.

Lengten etter Messias ligg under i preiketeksten frå Lukas-evangeliet komande søndag. Det vil seie: Eigentleg er det oppfyllinga av løftet om er tema. Jesus kjem til synagogen i Nasaret, der han var oppvaksen, og les høgt frå Jesaja-boka.

Avsnittet handlar om han som skulle forkynne ein god bodskap for fattige, la fangar få fridom, gi blinde syn, setje undertrykte fri og rope ut eit nådens år frå Herren.

Jesus seier rett ut at løftet denne dagen var oppfylt for augo deira. Han var den som var lova. På starten av eit nytt kyrkjeår vert den kristne kyrkja igjen minna om dette. Gleda over oppfyllinga lever likevel parallelt med lengten etter at Guds rike skal kome for fullt.

Framleis er det mange som er fattige, fanga, blinde og undertrykte - og framleis er det mange som ikkje har fått tak i kva Guds nåde er.

Denne doble dimensjonen er tydeleg i salmen «Å kom, å kom, Immanuel». Den latinske utgåva kan førast heilt tilbake til 1100-talet, men den nynorske utgåva er ved mangeårig NLA-professor Arve Brunvoll.

Å kom, å kom, Immanuel,

og løys ditt bundne Israel,

som sårt i utlægd ventar på

den dag då dei Guds Son får sjå!

Ver glad, ver glad!

Immanuel er fødd for deg, du Israel

Du Isais renning, kom, set fri

ditt folk fra Satans tyranni,

frå helheims djup og mørkers grav,

gjev frelse med din kongestav!

Du, morgonrode, kom med ljos,

å skin, du klare sol, for oss!

Jag skoddeeim og tunge sky,

så nattemørket snart må fly!

Å kom, du Davids nykel, kom,

og opna himlens heilagdom;

gjer trygg den stig som ber til deg,

og steng for oss fortapings veg!

Ver glad, ver glad!

Immanuel er fødd for deg, du Israel.

Salmen avspeglar den dramatiske skilnaden mellom lys og mørker, liv og død, frelse og fortaping. Og han oppmodar til å glede seg over at ein er fridd frå det vonde og har fått del i det gode.

Gleda over det som allereie er av Guds rike og lengten etter det som skal kome, vil alltid leve side om side i det kristne livet. «Sorgen og gleden de vandrer til hope», som den danske biskopen og salmediktaren Thomas Kingo uttrykte det. Ein annan har sagt at kristne syng lovsongar i moll og klagesongar i dur.

Vår eiga adventstid kan få større og rikare perspektiv når vi får glimt av at denne gleda og lengten er noko som har vore felles for kristne gjennom alle tider, til dømes gjennom ein song som har tona i 900 år. Det kan også vere ei påminning om at vi også i dag høyrer saman med kristne som lever under heilt andre vilkår enn vi.

Og framleis er det mange som aldri har høyrt om han som kom for å forkynne eit nådens år.

tore hjalmar sævik,salme,advent,å kom immanuel