Leif Erik Nilsen var i mange år pastor i Bergen Frikirke. Foto: Øystein Lid

Minneord for pastor Leif Erik Nilsen

Det er med stor sorg vi kan meddele at pastoren vår, Leif Erik Nilsen, er død, berre 63 år gamal.

Leif Erik døydde fredag 24. mai. Han fekk hjertestans og fall om 17. mai, medan han var på fjelltur som ei førebuing til 7-fjellsturen. Han var i svært god form på førehand. Han fekk ganske raskt den beste medisinske behandlinga som er å få, men han vart likvel ikkje medviten att og døydde med familie og vener kring seg.

Leif Erik var fødd i Bergen, og han hadde tidleg klart for seg at han ville verte pastor slik som far sin. I 1980 var han praktikant her i Bergen Frikirke. I 1981 overtok han det arbeidet som seinare vart Åsane Frikirke og var der til 1992 Då flytta han til Oslo og vart bibelskulelærar på det som den gongen heitte LBM (Luthersk Bibel og Menighetsseminar)

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I 1999 vart han kalla og innsett som pastor her i Bergen Frikirke, og han har dei seinare 20 åra vore her hjå oss. Han sa at han var glad for å kome til Bergen og han uttalte til venene sine at: Nå er jeg kommet hjem.

Før han døyde frå oss, var han med å arbeide fram eit nytt leiarskap og ein ny strategi for Bergen Frikirke. Når dette nyleg var på plass var han tydeleg stolt og tilfreds, han var glad og nøgd med resultatet.

Leif Erik var ein konservativ teolog, kunnskapsrik og høgt utdanna. Han tok amerikansk doktorgrad i kirkevekst. Han hjelpte fleire av dei unge som har tatt teologiske studier, og dei vart overmåte begeistra fordi han var så dyktig og så god til å lytte, støtte og hjelpe.

Sjølv om han var svært medveten om sitt hovudansvar for undervisninga frå Bibelen på gudstenester og møter i Bergen Frikirke, så klarte han i aukande grad å inkludera andre i den tenesta.

Etterkvart har det stått fram fleire unge med denne gåva. Kanskje var han aller mest medviten om å sleppe fram ungt initiativ og legge til rette for at ein måtte både være bibeltru og kulturaktuell på same tid. Leif Erik sa det på treffande vis slik: Dersom vi ikke er utadrettet på en kulturaktuell måte, er vi heller ikke bibeltro!

Samlinga av kristne i kyrkjelydar har som mål at evangeliet skal nå ut. Omtanke og trusstyrkande samhandling skal utruste den kristne til å bære evangeliet til nye generasjonar og nye folkeslag. Dette var for Leif Erik sann bibeltruskap.

Leif Erik talte Guds ord om Jesus reint og klart, og hadde eit tydeleg evangelisk drag over forkynninga si. Vi kan med stor tryggleik seie at han likte predikantrolla, og dei siste åra han talte var han nokre gongar så inspirert og engasjert at det kunne gnistra av han.

Han talte med omsorg og brodd. Han valde orda sine med stor varsemd, men bodskapen var aldri utydeleg eller tildekt. Han forsnakka seg ikkje, og var ein meister i å innrømme eigne feil og manglar med bruk av humor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei første åra han var her, kunne han framstå djerv og med meiningars mot. Han var ein debattant, og med sin gode hukommelse og store kunnskap var han ikkje lett å målbinde. Dei siste åra såg vi derimot ein audmjuk mann.

For fleire år sidan var han med å utarbeide eit slagord og ei overskrift for verksemda i Bergen Frikirke. «Forvandlig i Jesu nærhet». Endringa ein kunne sjå i Leif Erik sitt eige liv dei siste åra var ei forvandling som svært tydeleg var i Meisterens nærleik.

Paulus skriv i 1. Timoteusbrev 4, 7: Eg har stridd den gode striden, fullført løpet og halde fast på trua.

Leif Erik har no stridd den gode striden, har fullført løpet og halde fast på trua. Paulus seier vidare at Livet er Kristus og døden ei vinning. No får vi øve oss på å tenkje slik.

Framover vert det rart å kome til kirke søndag morgonar, og ikkje finna Leif Erik her. Han var ofte den fyrste vi møtte i døra og alltid med eit smil.

Når Leif Erik no reiste heim til Jesus berre 63 år gamal, etterlet han seg foreldre som begge er over 90 år, ei søster og to brødre, ei svigerinne, to nevøer og ei niesa.

Vi er takksame for dei åra vi fekk ha Leif Erik imellom oss. Vi vil be om at sorga og savnet for familien vert til å halde ut, og vi lyser fred over Leif Erik Nilsen sitt gode minne.

Les også
Thorbjørn Baksvær er død: – Han var en forgrunnsfigur
Les også
Oddvar Tegnander – En trofast venn av Gud og mennesker
Les også
Verdsevangelisten gjekk heim