SALMESONG: Lovprise Gud i poesi – til musikk. Salmesong er trusopplæring av beste merke, skriv Egil Sjaastad.

Martyrmisjonærens vitnemål

Knut Samset (1879–1937) var frå Romsdal. Han fekk tidleg misjonærkall, vart påkosta god utdanning og sendt til Kina av «Kinamisjonen» (no Misjonssambandet).

Samset var språkmann og fekk etter kvart god innside-kjennskap til kinesisk kultur. Medmisjonærane merka ein brann hos han, ein brann etter å gi dei unge forsamlingane ei god salmebok. Ei bok med solide salmetekstar. Men ho måtte ha eit salmespråk som rørte ved folks hjarteliv.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Nådegåva til å tru

Han omsette salmar frå Landstads salmebok og bedehus-songar frå bedehus-heimlandet. Han gjorde det i nær kontakt med kristne kinesarar. Da boka kom ut, skapte ho stor glede.

Under vekkinga ved Marie Monsen vart det behov for å utvide boka. Samset fekk i oppdrag å omsetje nye salmar. I 1936 hadde han manus klart til den nye boka. Han tok manuset i veska og sette seg på bussen til Shanghai. Men … bussen vart kapra av maoistane. Misjonsfolk i heile Noreg levde i spenning. Samset kom ikkje levande frå fangenskapet.

Les også
Knall og fall

Livet og arbeidet hans er eit vitnemål til oss: Eit vitnemål om kor viktig det er å synge når vi kjem saman. Synge evangeliet for kvarandre. Lovprise Gud i poesi – til musikk. Salmesong er trusopplæring av beste merke.

Tenk på dette på neste møte eller gudsteneste.