LEVEBRØD: Hønsval Plomheim, bonde og høyreapparatbrukar, har reagert kraftig på Høgres vedtak om eggdonasjon. Han fryktar at eggnæringa skal gå konkurs.

Voldsomt engasjement mot eggdonasjon kan skuldast flatt batteri på høyreapparat

Eggprodusent i Krykkjebaksundet tek initiativ til landsomfattande aksjon mot egg som gratisvare.

BOIKOTTAR VEGGFESTE: Det gjekk ikkje så bra på første forsøk, men etter litt prøving og feiling fekk Frida Finckeldrejer tv-skjermen opp på veggen. Foto: Stein E. Nyfjolling

Sist helg vedtok Høgre å arbeida for at kvinner kan donera eggceller til befruktning slik at ei anna kvinne kan bli gravid ved hjelp av kunstig befruktning. Etter Dagsrevyen laurdag kveld tok eggprodusent Hønsval Plomheim sporenstriks kontakt med Krykkjebakkposten og kravde at kampen mot eggdonasjon blei oppslag i neste utgåve.

Plomheim truga med å kobla inn fylkesmann Svarteper Haugvaldstad og den lokale KrF-høvdingen Framstein Famlebust dersom me «feiga ut og ikkje tek eit grundig oppgjer med raseringa av ei heil næring».

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Krigserklæring

Er det noko me i Krykkjebakkposten har dårlege erfaringar med i det siste, så er det å leggja seg ut med KrF og fylkesmenn, så me lova difor både høgt og heilagt at me ville skriva om saka. Og det gjer me altså, sjølv om det er mykje som tyder på at Hønsvald Plomheim sitt sterke engasjement byggjer på ei nokså grunnleggjande mistyding. Det får me koma tilbake til.

– Kva er det du fryktar, sidan du er så sint?

– Eg fryktar at heile næringa blir rasert. Kven kan leva av eggproduksjon når hovudproduktet skal donerast vekk.

– Donerast?

– Ja, er du døv, mann? Donerast. Du veit kva det vil seia å donera noko? Det er å gje det vekk for ingenting. Ein skal altså byrja å sjå på egg som noko mindreverdig, noko utan verdi. Kven giddar produsera egg når ein må gje dei vekk gratis?

På dette tidspunktet i samtalen prøvde me fleire gonger å overtyda Hønsvald om at vedtaket på Høgre-landsmøtet neppe omfattar donasjon av den typen egg som hønene hans legg, og at han framleis kan ta betalt for produkta sine. Diverre vann me ikkje fram med desse argumenta. Tvert imot gjorde innvendinga våre eggprodusenten endå meir sikker i sak og endå meir innbitt i sin kamp. I løpet av veka har han teke kontakt med fleire eggprodusentar over heile landet i håp om å etablera «ein slagkraftig aksjon mot endå ei krigserklæring mot norsk landbruk».

Flatt batteri

Politisk redaktør Tarald Stangballe kjenner godt til den aktuelle eggprodusenten. Dessutan har han arbeidd i oslopressa og kan difor uttala seg om alt. I tillegg til stillinga i Krykkjebakkposten arbeider Stangballe som høyreapparatreparatør, og Plomheim er ein av stamkundane.

– Utan å bryta teieplikta, er det vel rett å antyda at starten på det voldsomme engasjementet mot eggdonasjon fall i tid saman med at batteriet på Hønsvald sitt høyreapparat var flatt. Eg skifta batteriet i åttetida laurdag kveld. Flatt batteri kombinert med kakling frå tusen høner gjer det vanskeleg å få med seg alle detaljane i nyheitssendingane, påpeikar han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Engasjér deg!

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: Engasjér deg!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

Følg gjerne Dagen på Facebook

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

UKENTLIG NYHETSBREV: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!


Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

Dagen er Norges eldste kristne dagsavis. På papir siden 1919. Vi gir ut avis seks dager i uken og har abonnenter over hele landet. Vi har også en eavis som kan leses hvor som helst - og når som helst.

DEBATT: dagensdebatt.no kan du selv skrive egne innlegg og publisere dem direkte på nett. Og kanskje bruker vi også innlegget ditt i avisen Dagen.

Dette skjer i Kristen-Norge: Stevneguiden.no er Kristen-Norges gratis møte-og stevneoversikt (det er også gratis å annonsere!)

ISRAEL: Få med deg nyheter fra Israel og hør podcast fra Israel-korrespondenten

ANDAKT: Følg gjerne vår andakts- og inspirasjonsside

MENIGHET: Les vår faste spalte Menighetsdoktoren

HUMOR og skråblikk finner du i Krykkjebakkposten.

TWITTER: Dagen og DagensDebatt

Les også
Ny sokneprest kan løysa den fastlåste teologiske situasjonen i kyrkja
Les også
Sokneprest advarer mot yoga
Les også
Ny flyktningkrise under oppseiling
Les også
Konsesjonskrøll for innovativ høgskule
Les også
Kyrkjekrise: Ein blir pensjonist og den andre «spirituell prest»