SØTSAKER: Lensmann Stein Frivo
...
SØTSAKER: Lensmann Stein Frivolds hang til søtsaker og sjokolade er ei kjend sak i Krykkjebakksundet. Lensmannen sjølv benektar at han har snike til seg Snickers-sjokoladar frå politiets lager av beslaglagte varer. Arkivfoto: Stein E. Nyfjollingen
Søthungrig lensmann opnar for å benåde seg sjølv
Del
Men han nektar for at han treng det.

BOIKOTTAR VEGGFESTE: Det gjekk ikkje så bra på første forsøk, men etter litt prøving og feiling fekk Frida Finckeldrejer tv-skjermen opp på veggen. Foto: Stein E. Nyfjolling
 

Det har no gått eit år sidan Frida Finckeldrejer, tidlegare performance-kapellan no spirituell prest, gav ut boka «Å tilgje seg sjølv». Boka har fått ny aktualitet etter at det vart kjent at presidenten i Amerika, Donald Trump, opna for å nytta sine privilegier som president dersom han mot formodning skulle bli offer for ei rettssak.

– Før har eg sett på Trump som ein avstumpa mannssjåvinist. No skjønar eg at han er ein opplyst og djupt spirituell person, seier Finckeldrejer.

– Eg har skunda meg og ordna med eit ekstraopplag av boka.

– Men du har berre solgt to bøker?

– Ja, men eg brukte resten i fjor då eg skulle støtta oppunder stabburet som truga med å falla ned. No ligg dei som limt og er ikkje til å rikka på, smilar Finckeldrejer som bedyrar at ho ikkje angrar på det.

For sikkerhets skuld

Det er ikkje berre Finckeldrejer som har bite seg merke i at Trump og advokaten hans opnar for sjølvbenåding. Lensmann Stein Frivold, som er noko sjeldnare i kommunen etter nærpolitireformen, har likevel rukke å koma under mistanke for å ha knaska av partiet med Snickers-sjokolader som han hadde inndratt frå handelsmann Oldus Kneiken Jr. førre veke. No vil han også benåde seg sjølv.

– Men om eg skulle ha gjort det, og vorte arrestert for det så kunne eg jo berre sett meg sjølv fri!

– Vil du gjera det då?

– Sjølvsagt ikkje, det ville jo sett heilt toskete ut.

– Men du hevdar at du er uskuldig?

– Ja.

– Så kvifor nemner du det då?

– Vel, det er vel berre for å understreka kva som vil skje dersom nokon hevdar at eg har gjort noko gale, antar eg. Sånn i alle tilfelles skuld.

Organisasjonen Stopp Frivold vart danna under høringa til ny nærpolitireform. Då det vart klart at nærpolitireforma ville føre til mindre politi i distrikta var folkeopinionen klar: Reforma kunne ikkje komma raskt nok. Frivold vart kritisert for sms-bøtelegging som lensmannen foretok seg sitjande inne på det nyoppussa lensmannskontoret.

Seminar

No annonserer Frida Finckeldrejer seminar om sjølvbenåding sett i historisk lys. Søndag skal ho lesa høgt frå boka mellom klokka 11:00 og 13:00, og oppfordrar alle til å komma. Ho byr også på performance-benåding og benåding av dei oppmøtte, mot eit lite vederlag.

– Vi kjem til å benåda nokre av dei verkeleg store skurkane opp gjennom tida. Det er vel verdt å komma, her skal vi kvitta oss med mykje unødig skuld. Dessutan kan dei oppmøtte benådast, dersom det skulle vera noko.

– Korleis kan du gjera det?

– Eg har gått gjennom eit kurs i shinto-basert zen-statistikk og er no autorisert i karma-rekneskap. Eg berre flyttar på postar i rekneskapet, overfører litt skuld frå ein person til ein annan. Det er utruleg enkelt når ein først kan det.

– Har du tenkt på kven som skal få skulda?

– Eg har vel tenkt på ein viss mopedreparatør ja, utan at eg skal nemne namn, seier Finckeldrejer og tenkjer altså på Leif O. Nielsen, som er Finckeldrejer sin nabo og ikkje er kjent for å rydda opp i dei gamle mopedane frå den tida han var aktiv mopedreparatør.

paywall