Etniske instrument: Skulekorps
...
Etniske instrument: Skulekorpset har fått forbod mot trompet, tuba og kornett på 17. mai. I staden er dei i gang med øvingar med meir ukonvensjonelle korpsinstrument, deriblant djembe, panfløyte og kompressorblåst saksofon. Foto: Stein E. Nyfjolling
Intens øving før nasjonsnøytral 17. mai-feiring
Del
Etter at kommunestyret og kyrkjeleg fellesråd gjekk inn for nasjonsnøytral 17. mai-feiring er fleire i skulekorps­et sjukemeldt med senebetennelse.

BOIKOTTAR VEGGFESTE: Det gjekk ikkje så bra på første forsøk, men etter litt prøving og feiling fekk Frida Finckeldrejer tv-skjermen opp på veggen. Foto: Stein E. Nyfjolling
 

– Eg mistenkjer dette for å vera undergravande verksemd mot det multietniske samfunnet vi forsøkjer å byggja her i kommunen, seier formann i innvandrings- og integreringskomitéen i kommunestyret, Lillemor Lampe.

Flagg i hopetall

Det var den tidlegare politiske flyktningen til Nord-Korea Breifrid Bringa, som først tok til orde for at 17. mai har vorte «vél einsidig» i det siste. Dette synspunktet presenterte ho i maleriske ordelag då ho la fram representantforslag om å inkludera det nord-koreanske flagget i årets tog. Det forslaget fall unisont, men fleire hadde idéar og synspunkt på 17. mai-feiringa.

Handelsmann Oldus Kneiken hadde eit overskotslager av flagg liggande etter Lillehammer-OL i 1994, og var vel den som sterkast tok til orde for at ein ikkje lenger skulle begrensa feiringa til berre å gjelde Noreg.

– Her tenkjer eg at alle skal med. I alle fall alle nasjonar som deltok i 94. Minus Japan og Kina kanskje, der er eg utselt.

Integrering

I tillegg til det næringspolitiske vart integreringsmessige hensyn løfta fram. I spissen stod innvandrings- og integreringstalsmann Lillemor Lampe som peika på den ekskluderande naturen eit 17. mai-tog har.

Ho snakka seg godt varm og hadde til slutt heile salen med seg då ho lanserte forslaget om eit nasjonsnøytralt 17. mai-tog. Det vart stilt nokre forsiktige spørsmål om praktiske implikasjoner i etterkant, men desse vart overlete til 17. mai-komitéen.

– Berre slik kan vi omfamna alle og ikkje ekskludera nokon, seier Lillmor Lampe til Krykkjebakkposten etter kommunestyret.

– Kva med dei som likar eit godt gammalt 17. mai-tog?

– Vi kan ikkje ta hensyn til slike reaksjonære og bakstreverske krefter i Krykkjebakksundet. Ikkje i 2018. Vi lever i ei fleirkulturell tid, seier Lampe.

– Kommunen har så langt ikkje ein einaste framandkulturell, forutan ein litt syrisk rørleggjar og Breifrid Bringas nord-koreanske ektemann.

– Her tenkjer eg at det er best å liggja i forkant av utviklinga, og fatta framsynte vedtak. Idet innvandringa kjem til kommunen vår kan det vera for seint. Før du veit ordet av det er nokon støtt.

Komplikasjonar

Hos skulekorpset har pipa bokstavleg talt fått ein annan lyd. 17. mai-komiteen har arbeidd vidare med kommunestyrets vedtak, og blant dei naturlege konsekvensane var forbod mot trompet, tuba og kornett. I staden fekk dei utdelt panfløyte, handtrommer og andre etniske musikkinstrument.

Leif O. Nielsen stilte med ein patent som lar ein saksofon låte som ei skotsk sekkepipe, ved hjelp av ein bærbar luftkompressor som sikrar stadig flyt av luft. Korpset fekk også forbod mot dei vanlege nasjonalhymnene.

– Kort sagt får vi ikkje spela noko som har med Norge, nordmenn eller norsk natur å gjera, seier ein oppgitt korpsleiar Hornfrid Storlåten. Ho har allereie fleire tilfelle av senebetennelse blant medlemmene og fryktar for motivasjonen til dei som er att.

– Kva tenkjer du om kommunestyret sitt vedtak?

– Ein må jo tru at dei veit kva dei driv med.

– Kvifor det?

– Nei, no spør du godt.

– Leiar av innvandrings- og integreringskomiteen meinar at senebetennelsen er eit resultat av motvilje mot det multikulturelle prosjektet?

– Du skal ikkje sjå bort frå at det kan finnast ein viss motvilje nei, medgir Storlåten i det tubaisten forsøker å blåse liv i ein shofar.

paywall