VERD Å VENTE PÅ: – Patriarken
...
VERD Å VENTE PÅ: – Patriarken Jakob venta på Rakel i sju år. Det var ingen ting. Eg venta på Agnes i 43, seier Leif Hove. Foto: Kari Fure
Leif venta på 
Agnes i 43 år
Del
Han la merke til den milde, lyshåra­ jenta då han var 19 år, men ho var opptatt. 
Ho ­kunne ikkje reise frå den sjuke mor si.

På ei gudsteneste i Stadlandet kyrkje i 1983 får Leif Hove auge på ei kvinne som er slåande lik jenta han vart så glad i då han var ung. Kunne det verkeleg vere Agnes? Han er ikkje sikker. Ho ser så bleik ut, og ho blir sitjande i benken då dei andre går fram til altaret under ofringa. Dét ville aldri Agnes ha gjort, tenkjer han.

Likevel tek han kontakt etter gudstenesta. Det er Agnes, og det er ein grunn til at ho ser bleik og forkomen ut. Ho har låst seg ute. Handveska med pengar og nøkkel står att i gangen heime.

Leif tilbyr seg å hjelpe. Han får lirka ut eit vindauga i kjellaren som står på gløtt. Med litt akrobatikk klarer han å klatre inn.

– Eg gjorde innbrot, seier han med eit smil.

Undervegs i redningsoperasjonen la Leif merke til at huset til Agnes var gammalt og slitt. Han som hadde arbeidd som snekkar på Selje Trevare det meste av livet, såg kva som burde gjerast.

– Så då tok eg meg av både jenta og huset.

Ein litt for kjapp smekklås var det som skulle til for å spleise Leif Hove og Agnes Hoddevik.

Ei makelaus kone

Dagen møter Leif og Agnes heime i stova deira på Stadlandet. Huset som sårt trong oppussing då Leif «braut seg inn», har han sett i stand etter at dei gifte seg i 1986, nærare 60 år gamle.

– Ja, då fann vi ut at vi var gamle nok, seier Agnes søkefullt.

Brurebiletet av dei to heng på ein vegg som er dekka av familiefoto. Fleire av brurene på dei andre bileta ber kjolar som Agnes har sydd. Dei sirleg broderte putene i sofaen kjem også frå hennar hand.

Dei har skapt ein heim som vitnar om trivsel og kjærleik. Smilet sit laust, og i all si ferd viser dei at dei er svært glade i kvarandre.

– Du, det er eit Guds under å få ei kone som ikkje skjenner, humrar Leif. – Ho har vore makelaus.

– Eg har ikkje hatt noko å skjenne for, svarer Agnes kvikt. – Hadde eg hatt dét, kan du vere sikker på at eg hadde skjent.

– Vi har hatt det så godt. Han Leif er så snill, legg ho til.

No er Leif blitt 90 år og Agnes er 88. Det er snart fem år sidan dei feira sølvbryllaup. Dei hadde ikkje våga å tru at dei skulle få så mange år saman, dei som venta med å gifte seg til dei var nærare 60.

Ekteparet har tidlegare fortalt historia si i boka «Folk før II», som er utgitt på Selja forlag. Her spøkjer Leif med at han venta på Agnes lenger enn patriarken Jakob venta på Rakel i Bibelen.

– Jakob venta i sju år på Rakel. Det var ingen ting. Eg venta i 43.

Vanskelege tider

Leif hugsar godt då han la merke til Agnes første gongen. Det var på eit stemne på klosterøya Selja. Han trur ho må ha vore 17 år den gongen.

– Ho var høg, lyshåra og pen. Det var slik ei blid og kjekk jente, minnest han.

– Ja, eg har vel ikkje forandra meg så mykje, ler Agnes.

Seinare treftes dei av og til, men det vart ikkje snakk om forloving og ekteskap.

– Det var rett etter krigen og vanskelege tider. Det var ikkje berre å gå av stad og gifte seg. Ein laut tenkje igjennom kva ein gjorde. Dessutan visste eg at ho var opptatt. Eg visste ho var nøydd til å hjelpe foreldra. Då var det ikkje så enkelt å spørje.

Ei plikt

Og kanskje var Agnes glad for at han ikkje spurde. Det ville sett ho i ein umuleg situasjon. Agnes var eldst av tre jenter i ein søskenflokk på fem. Mora var mykje plaga med helsa. Ho hadde ein stiv fot og måtte gå med stav.

– Mor verkte og leid. Ho trong hjelpa mi både i huset og i fjøset. Eg greidde ikkje å reise i frå henne. Det var aldri i mine tankar så lenge ho levde. Hadde eg reist, ville eg ikkje fått ein god dag i livet, seier Agnes.

Ho fortel at mor hennar seinare sa at dottera hadde ofra seg for henne.

«Du er staven min, du, Agnes», sa ho mange gonger.

– Eg følte det som mi plikt å bli verandre, men eg gjorde det med glede.

Ho trivdes med gardsarbeidet i Hoddevik, ei lita bygd som ligg heilt ut ved storhavet på Stad. Ho har gode minne frå turar på fjellet for å mjølke om sommaren, og vinterkveldar då ho sat inne saman med mor si og sydde.

Etter at mora døde, stelte Agnes for faren i ni år, til han døde i 1983. Då var ho fri til å velje sine eigne vegar og flytte frå Hoddevik til Stadlandet, der søstrene budde med familiane sine.

– Då far låg på det siste takka han hjarteleg for at eg hadde teke meg av han. Men eg angra aldri på at eg valde som eg gjorde.

Sydde på bestilling

Oppgåvene heime gjorde at ho ikkje kunne reise vekk på skule då ho var ung.

– Eg gjekk på folkeskulen og tre månaders sykurs i heimbygda. Nokon annan skulegong fekk eg ikkje.

Å sy lærte ho likevel av mor si. Slik mora sydde kle på bestilling, byrja også Agnes å sy kle for folk. Ho syr framleis. Over hundre bunadsskjorter har ho brodert. Kor mange bunader og dåpskjolar ho har sydd, veit ho ikkje, men bunaden ho hadde på seg på bryllaupsdagen hadde ho sydd sjølv.

Det fjerde bodet

Agnes møter stor forståing for valet sitt hos Leif. Han vart sjølv buande heime i fleire år hos mor si som vart enkje i 1938. Han såg at det vart tungt for henne å drive garden åleine.

I seinare år har han tenkt mykje på løftet som er knytt til det fjerde bodet: «du skal heidre far din og mor di, så du kan leve lenge i det landet Herren din Gud gir deg.»

Søndagsskulelærarar

– Kanskje har Gud ei gåve til folk som hjelper foreldra sine? undrar han. – Det er i alle fall eit guds under at vi har fått lov til å bli så gamle og få så mange år i lag.

Begge har vakse opp i kristne heimar. Medan Agnes har halde fast på trua heile livet, var Leif ei stund med i det frilynde miljøet i Selje. Men så kom dei to unge predikantane Øyvind Hals og Audun Åsen til bygda i 1944. Dei heldt møter i kjellaren i gamlebanken og tala klart om frelse og fortaping til dei mange ungdommane som kom for å høyre. Også Leif våga seg innom møta.

– Eg fann ut at det einaste rette var å bli ein kristen, seier han. Han er ikkje i tvil om at avgjerda forandra livet hans. Ganske snart vart han aktiv som medhjelpar i søndagsskulen. Seinare var han leiar i det kristne korvettlaget – som starta som eit lag for gutar, men som etterkvart også inkluderte jentene.

– Ein av medlemene sa han syntes det var synd at berre gutane vart kristne. Dét hadde han sjølvsagt rett i, så då endra vi reglane.

I Hoddevik var også Agnes søndagsskulelærar. Medan bølgjene braut mot Hoddeviksanden, delte ho ut fiskar i garnet på søndagsskulekorta og fortalde bibelhistorier til barna heilt til ho flytte frå bygda i 1983. Leif var like trufast i det kristne barnearbeidet.

– Då eg starta i søndagsskulen, såg eg det som ei oppgåve for livet. Det var aldri snakk om å slutte. Gud permitterer oss ikkje som pensjonistar, seier han i intervjuet i «Folk før».

– Trua er det viktigaste av alt, seier Agnes.

60 år med Dagen

Då intervjuet er over, byr ekteparet på kaffi. Ho finn fram lefser, medan han set på kaffitraktaren. Vi sit ved kjøkkenbordet og ser vintersola farge fjella på Sunnmøre rosa då Leif byrjar å snakke om Dagen.

Han har abbonnert på avisa i over 60 år. Halvparten av tida var han kommisjonær og hadde ansvar for å drive inn bladpengane i distriktet sitt.

– Eg har problem med å kaste gamle aviser, vedgår han. På loftet har han samla avisene i stablar med kassar. Rett som det er tenkjer han at han må byrje å sortere og klippe ut artiklar som han vil ta vare på. Det går ikkje an å gøyme på alt.

– Så viss eg ikkje finn han heretter, sit han vel på mørkeloftet og klipper i gamle aviser, seier Agnes med eit lunt smil.

inspirasjon,90-åring,kari fure,kjærlighet