Vekslar mellom nynorsk og bokmål

Prest, diktar og bibelomsetjar Hans Johan Sagrusten opplever at både nynorsk og bokmål når fram dersom ein er språkleg medviten.

Det er blittmange song­teks­tar frå teo­lo­gens hand gjen­no­m­åra, samt flei­re bøker. Ei av dei «P52 - His­to­ren om Bi­be­len» kom på begge mål­for­me­ne.

- Eg rek­nar meg som ny­norsk­bru­kar. Men når eg ser meg atten­de, er eg over­ras­ka over at eg har skri­ve så mange teks­tar på bok­mål, seier gud­brands­dø­len.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han opp­le­ver at teks­ta­ne vert for­skjel­li­ge alt etter kva mål­form han vel.

- Det er ikkje lett å seie kva som er skil­na­den, men eg har ei litt anna stem­ning eller kjens­le når eg bru­kar det eine eller det andre, seier han.

Frykta meir gudløyse med nynorsk i kyrkja

* Nynorsk - eit språk utan framtid?

* Bokmål for materie, nynorsk for ånd

* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk

* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet

* - Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje

Mel­lom teks­ta­ne hans er flei­re teks­tar til stemne­son­gar i Mi­sjons­sam­ban­det som sei­na­re er mykje bruk­te i bede­hus­sa­man­heng.

- Både bok­mål og ny­norsk kan gje­rast vans­ke­leg og gam­mal­dags der­som du bru­kar dei gamle orda i ord­bø­ke­ne. Men bru­kar ein språ­ket på ein mo­der­ne måte, trur eg ikkje at folk skal sy­nast det er vans­ke­leg å for­stå, seier han.

Tvert om opp­le­ver han at ein del bok­måls­bru­ka­rar er svært po­si­ti­ve til ny­norsk og glade i det, sær­leg i song­teks­tar.

- Ein ny­norsk­bru­kar som les den same teks­ten, kan sy­nast at han er gam­mal­dags, re­gist­re­rer Sa­grus­ten.

I dag opp­le­ver han li­ke­vel at ny­nors­ken er under press i krist­ne sa­man­hen­gar, mel­lom anna fordi det kjem mange im­pul­sar frå ut­lan­det.

- I nyare song mel­lom unge men­nes­ke er vel­dig mange teks­tar på en­gelsk, eller dei er om­set­te til bok­mål. På sikt er dette ein tendens som kan gjere at ny­norsk­pre­get som har vore, vert svekt. Men dette er ikkje noko ein kan setje seg ned og sur­mule over. Det ein­as­te som hjel­per, er å lage gode song­teks­tar på ny­norsk, un­der­stre­kar Sa­grus­ten.

For tida er han til­sett i Bi­bel­sel­ska­pet, men tid­le­ga­re har han ar­beidd åtte år som prest.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- I alle desse åra har eg vore i kyr­kje­ly­dar der ein nyt­tar bok­mål som li­tur­gisk språk, seier han.

På den måten er han blitt glad i bok­må­let både i li­tur­gi­en og Bi­be­len. I Bi­bel­sel­ska­pet er det med­vi­ten po­li­tikk at alle bi­bel­ut­gå­ver og vik­ti­ge hjelpe­bø­ker skal ut på begge mål­for­me­ne. Det gjeld også alle for­skjel­li­ge far­gar og de­sign på bi­bel­ut­gå­ve­ne.

- Det er vik­tig at andre for­lag er med og føl­gjer opp dette, seier han.

Så lenge ny­nors­ken lever som bruks­språk, mei­ner han det har fram­tid som kris­tent språk.