Ulf Ekman fekk helse på paven

Livets Ord-grunnleggjar Ulf Ekman helste denne veka på pave Frans, som snart vert hans øvste åndelege leiar.

På nett­fo­ru­met In­sta­gram la ek­te­pa­ret Bir­git­ta og Ulf Ekman ut bi­le­te og kom­men­ta­rar frå Pe­ters­plas­sen ons­dag.

Dei fekk plass på førs­te rad saman med en­tu­si­as­tis­ke ar­gen­ti­na­rar, for­tel den tid­le­ga­re ka­ris­ma­tis­ke svens­ke pas­to­ren i ein kom­men­tar til eit av bi­le­ta. Han gis­sar at mel­lom 50.000 og 80.000 men­nes­ke var til sta­des.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I mars kunn­gjor­de han og kona at dei kon­ver­te­rer til Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja.

Rosar en­ga­sje­ment

Bir­git­ta har lagt ut ein liten film­snutt av prei­ka til paven. Te­ma­et var «vis­dom som er ei gåve frå Anden og gir vårt indre lys til å for­stå Guds vilje». Ho om­ta­lar det som svært fint og vel­sig­na.

Ulf Ekman har lagt ut eit nær­bi­le­te av paven som hel­sar på men­nes­ke.

«Så merk­sam mot kvar per­son», skriv han.

«Du og Bir­git­ta er slik også», sva­rar ein av In­sta­gram-f øl­gja­ra­ne hans.

«Rett før vi helsa på han. Bir­git­ta sa at eg skul­le leg­gje bort ka­me­ra­et :-)», re­spon­de­rer Ekman.

Sterk opp­le­ving

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Møtet fann stad under ein tur til Roma i regi av Li­vets Ord som vart av­slut­ta i går. Ulf Ekman har vore reise­lei­ar saman med den kjen­de ita­li­ensk-svens­ke for­fat­ta­ren og jour­na­lis­ten Mar­cus Birro, som sjølv er ka­to­likk. 45 var med i grup­pa, iføl­gje blog­gen til Birro.

«Vi går i kyr­kjer, sit på skugge­fyl­te torg, vi høy­rer klok­ke­ne slå, vi bøyer kne fram­for hel­ge­nar og re­li­kvi­ar (....) I dag var vi ved Pau­lus´ grav. Det var mel­lom det mek­ti­gas­te eg har vore med på. Eg har vore der før, men denne gon­gen, i sel­skap med så mange andre krist­ne, vart det vel­dig spe­si­elt», skriv Birro. Dagen

Les også
«Re­for­ma­sjo­nen blir av Ekman frem­stilt som kirke­split­tel­sens årsak»Jan Bygstad
Les også
Økumenikk og EkmanKjetil Aano
Les også
Her forteller Ekman menigheten at han skal bli katolikk