Spår færre nye kyrkjebygg

Kyrkjevergje Torgeir Paulsen trur skiljet mellom stat og kyrkje vil føre til færre prosjekt som Knarvik nye kyrkje. - Eg våga ikkje vente eit halvt år til for å sjå om vi fekk meir pengar, seier han.

Vin­den kjem kav­an­de inn fjor­den, stryk tett­sta­den Knar­vik over hus­taka og om­fav­nar den opp­sikts­vek­kan­de kon­struk­sjo­nen som knei­sar på ei høgd like over.

Den ny­fik­ne vest­lands­bri­sen rekk óg å ruske litt i hjel­men til kyr­kje­ver­gje Tor­geir Paul­sen i det han stig over ters­ke­len til det som er det ny­as­te til­skud­det til den rike flo­ra­en av kyr­kje­bygg som pry­der Lind­ås kom­mu­ne, like nord for Ber­gen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Meir enn nok

Då den el­lev­te kyr­kja i kom­mu­nen skul­le byg­gjast rea­ger­te den lo­ka­le grei­na av Hu­man-Etisk For­bund spisst.

- Ein skul­le tru ti kyr­kjer var nok for 13.000 inn­byg­gja­rar, sa Harry A. Lunde, styre­lei­ar i Nord­hord­land lo­kal­lag av HEF, til Fri Tanke i 2006. Då var ved­ta­ket om ny kyr­kje tatt, men år med dra­kamp om tomt, bud­sjett og mulig livs­yns­nøy­tralt på­bygg stod enno att.

- Vi håpar på eit kom­bi­na­sjons­bygg både med livs­syns­nøy­tralt se­re­monirom og kul­tur­hus, som også vi ikkje-krist­ne kan nyte godt av, sa han. Men når kyr­kje­ver­ge Paul­sen for­kla­rer kva dei ulike romma skal nyt­tast til vert det klart at håpet om livs­yns­nøy­tra­li­tet ikkje har nådd fram.

Hast­verk

Etter an­buds­run­den vart det klart at dei 70 mil­lio­na­ne kom­mu­nen hadde løyva til nye­kyr­kja i 2006 ikkje kom til å rek­kje. 95 mil­lio­ner var pris­lap­pen.

Paul­sen følg­de nøye med då kom­mune­sty­ret drøf­ta be­ho­vet for meir pen­gar. Etter ei ut­set­jing landa Lind­ås-po­li­ti­ka­ra­ne på at no fekk det være nok.

- Dette er sum­men vi gir, meir blir det ikkje, sa Høg­re-po­li­ti­kar Leif Slei­re.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det var då den er­far­ne kyr­kje­man­nen be­stem­te seg. Vi byg­gjer for 70 mil­lio­nar, og ven­tar med å inn­reie kjel­la­ren, sa han.

- Eg våga ikkje vente len­ger. Slik se­ku­la­ri­se­rin­ga i sam­fun­net går no er eg ikkje sik­ker på om pro­sjek­tet hadde tålt ein ny om­gang med anbud og nye bud­sjett. Eg trur dette blir den siste kyr­kja vi byg­gjer her. Eg fryk­ta at berre eit halvt års ut­set­jing kunne stan­sa heile pro­sjek­tet.

- I Lind­ås kom­mu­ne?

- I heile Nord­hord­land, seier han.

- Med tanke på se­ku­la­ri­se­rin­gen av Norge er det ikkje sjølv­sagt at nye kyr­kjer vil rea­li­se­rast sjølv om folke­ta­let veks.

Då ho­vud­en­tre­pre­nø­ren Wal­de-grup­pen gjekk over­ende i ei dra­ma­tisk kon­kurs måtte Paul­sen ha is i magen. I sta­den for å etter­ly­se nye en­tre­pre­nø­rar venta han litt.

Ikkje lenge etter kom bygg­leia­ren frå den kon­kurs­ram­ma verk­sem­da. Eit nytt sel­skap var star­ta, og dei ville gjere fer­dig kyr­kja.

- Det gjekk ikkje meir enn ei veke før vi var i gang igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Hjelp fra næ­rings­li­vet

Ut­vik­lin­ga i Lind­ås er ty­pisk for om­rå­da rundt Vest­lan­dets ho­vud­stad. Før gjekk kom­mu­ni­ka­sjo­nen til sjøs. Med veg og bruer vart dei tid­le­ga­re sen­tra usen­tra­le.

Nye sta­der, som Knar­vik, opp­le­ver sterk vekst og tek over som sen­trum i kom­mu­nen. Både Nor­mi­sjon og pinse­ve­nar er godt i gang med me­nig­hets­ar­beid. Men nær­mas­te kyr­kje­bygg ligg i Al­ver­sund, ei halv mil frå sen­trum, på ubli­de vest­lands­vei­ar.

Vi går vi­da­re inn blant bygg­tør­ka­rar og ven­ti­la­sjons­rør. Gjen­nom det som skal være ein liten ka­te­dral, gjen­nom myldre­hal­len som kan bli ein del av kyr­kje­rom­met på godt be­søk­te dagar som jul­af­ten, og inn i sjøl­ve høg­sa­len.

Så langt er ingen skille­veg­gar bygd, men Paul­sen pei­kar ut sta­den der or­ge­let skal byg­gjast. Her fekk kyr­kje­pro­sjek­tet eit etter­leng­ta hand­slag av ein av Vest­lan­dets vel­gje­ra­rar, for­ret­nings­man­nen Trond Mohn.

- Han har gitt fem mil­lio­nar til orgel, for­tel Paul­sen og legg ikkje skjul på at vel­vil­ja har gjort inn­trykk. Men han kjem til å tren­ge meir. Ein heil del meir. Sjølv om lim­tre­dra­ga­rar har vorte til stål­bjel­kar og fin kryss­finér frå Co­lom­bia har vorte til norsk malm­furu er både klokke­klang, stol­radar og den vik­ti­ge kyr­kje­kjel­la­ren fram­leis av­hen­gig av bi­drag frå næ­rings­liv og fri­vil­li­ge. Kan­skje vil han tren­ge ti mil­lio­nar eks­tra.

Sta­dig vans­ke­le­ga­re

Medan han skrit­tar over dip­par og bøyer seg under stil­las for­tel Paul­sen om hast­ver­ket han hadde med å setje i gang pro­sjek­tet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Og om grun­nen til at han ikkje har tru på at det vil rea­li­se­rast mange nye kirke­bygg fram­over. Sjøl­ve grunn­lovs­end­rin­ga­ne som fann stad i 2012 kan vere med å spele inn, trur han.

- No over­tok kom­mu­na­ne an­sva­ret for kyr­kja alle­reie i 1996. Men det er det ikkje alle som har fått med seg. Der­for trur eg at skil­jet mel­lom stat og kyr­kje saman med se­ku­la­ri­se­rin­ga kan føre til at nye kyr­kje­pro­sjekt vert vans­ke­le­ga­re å rea­li­se­re. Det finst dei som gjer­ne vil stan­se nye kyr­kje­pro­sjekt, og eg trur dei vil kunne få meir gehør fram­over.

Trur på løy­sing

Så går vi i kjel­la­ren. Det var bok­stav­leg talt det Paul­sen måtte gjere for å vir­ke­leg­gje­re drau­men om ny kyr­kje i hur­tig vek­san­de Knar­vik. For det var ei ar­beids­kyr­kje som skul­le byg­gjast.

Og det var her, i kjel­la­ren, at ung­doms­ar­beid skul­le blomst­re, ban­dø­vin­gar ar­ran­ge­rast og kyr­kje­leg til­set­te skul­le få nye, fine kon­tor tet­ta­re på Knar­vik-fol­ket. Men fore­lø­pig strekk ikkje pen­ga­ne til meir enn dei grå be­tong­veg­ga­ne som står og bér kyr­kje­rom­met ovan­for.

- Kor smer­te­le­ge har kutta vore, Paul­sen?

- Dette er jo sjøl­ve hjar­ta i pro­sjek­tet. Men eg har tru på at vi vil kome i havn, også med dette. Kom­mu­nen vil jo gjer­ne ha kul­tur­sku­le og anna inn, men eg vil gå nokre run­dar til for å sjå om vi ikkje kan klare dette sjølv, seier Paul­sen som svært gjer­ne vil at kyr­kja skal bli «herre i eige hus».

Les også
Bygger ny kirke for en halv milliardFiladelfia Kristiansand
Les også
Når kirke og bedehus vokser sammenEtne kirke
Les også
Kirker gjenreises etter branner
Les også
Verdens største kirke står (nesten) tomGigantkirke i bushen