BLEST: Dagleg leiar for Haugeinstituttet, Sigbjørn Ravnåsen, har skapt mykje blest og interesse for Hans Nielsen Hauge gjennom å reise rundt med føredrag og med Haugespelet. Her ser vi «Hauge» kome gåande og strikkande på det første Haugeseminaret på Sunnmøre.

Hans N. Hauge begeistrar

Stadig fleire får augene opp for predikanten og gründeren Hans Nielsen Hauge. Fredag deltok vel 350 personar på det første Haugeseminaret på Sunnmøre.

- Oftare enn før opplever vi at profitt er den einaste drivkrafta i næringslivet. Etikk er tapt på vegen, sa Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H).
Til dei frammøtte på Møre barne- og ungdomsskule gav han uttrykk for at det også i dag er behov for verdiane frå Hauge.
- Sunnmøre si utvikling er tufta på mykje av det han hadde som filosofi. Bedrifter vart grunnlagt på gudstru og nøysemd, sa ordføraren.
Den haugeinspirerte gründeren Per Sævik var ein av initiativtakarane til seminaret. Han kunne ønskje velkomen to av dei som har gjort mest for å få fram arven etter Hauge dei siste åra: Journalist og Haugebiograf Dag Kullerud og leiar for Haugeinstituttet, Sigbjørn Ravnåsen.

Spennande for dei unge

- Interessa for Hauge er heilt opplagt større enn for nokre år sidan. Og det er moro at det ikkje berre gjeld godt vaksne menneske i kristen samanheng, men både næringslivsfolk og elevar. Ungdommar synest at Hauge er ein spennande og uredd figur som handla og som stod for det han trudde på. Han tente både Gud og medmenneska sine, seier Ravnåsen.
Han reiser landet rundt og held føredrag og spelar eit sjølvskrive Haugespel saman med nokre medhjelparar. Fredag føremiddag møtte han dei største elevane på Møre.
- Eg har ikkje sett maken til interesse. Alle ungane sat heilt musestille og var så med. Då eg var ferdig fikk eg ståande applaus, og rektor kunne ikkje få stogge dei i å spørje meg om Hauge. Eg skjønar at vi i endå større grad må få informasjon inn i skulen. Hauge er verkeleg ein flott rollefigur for elevane. Han er eit moralsk forbilde som eg trur den oppveksande slekta treng.

Etikk for vår tid?

Ravnåsen vart sjølv meir begeistra for Hauge då han fekk ei utfordring i samband med at det i 1996 var 200-årsjubileet sidan den store åndsopplevinga. Med forskingsstipend frå NHO og departementet under Jon Lilletun studerte han Hauge sin etikk og kom ut med boka «nd og Hånd». Seinare etablerte han Haugeinstituttet som no har kontor i Kristiansand.
Instituttleiaren meiner at næringslivet kan lære mykje av Hauge si vekt på mellommenneskelige relasjonar og gode arbeidsfellesskap. Han hadde også ei evne til å vise og praktisere eit tenande leiarskap. Samtidig som han stod veldig på, kunne arbeidarane lite på han og gå til han om det var noko dei ville.
- Hauge hadde ei stor evne til å delegere ansvar. Han hadde ikkje tid til å styre og stelle med alt sjølv. Han måtte vidare. Derfor delegerte han ansvar så
det suste etter og gav medarbeidarane albogerom. Han var også opptatt av å reinvestere overskotet i bedrifta, i staden for å ta det ut til eige forbruk, seier Ravnåsen, som no førebur ein nasjonal Haugekonferanse i Asker 22. november.

- Tid: 15. oktober
- Stad: Myrvåg i Herøy
- Frammøte: 350 - 400 menneske
- Program: Per Sævik, Sigbjørn Ravnåsen, Dag Kullerud, damekoreet Sirene, Arve Fiskerstrand m.fl.
- Hauge levde 1771-1824
- Meir om Hauge: www.haugeinstitute.org