Frykta meir gudløyse med nynorsk

Mektige skeptikarar åtvara om generasjonskonfliktar, uorden og ukristelege tankar dersom nynorsk vart kristent språk. No er kyrkja ein av stadene der nynorsken står mest støtt.

Ster­ke mei­nin­gar om ny­norsk er ikkje noko nytt i Språk­å­ret 2013.

- Mål­sak og van­tru høy­rer i hop som sam­sys­ken, hevda ein fram­stå­an­de teo­log i 1893. Bis­ko­pa­ne åt­va­ra mot rot og for­vir­ring der­som ny­nors­ken fekk inn­pass. I bede­hus­mil­jøa rynka mange på panna over ny­norsk, og i fri­kyr­kje­ly­da­ne var mot­vil­jen endå ster­ka­re. Meir om dette snart.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

* Nynorsk - eit språk utan framtid?

* Bokmål for materie, nynorsk for ånd

* Bare 4 av 117 nye kristne bøker er på nynorsk

* Vekslar mellom nynorsk og bokmål

* Nynorskbok må godkjennes i Vatikanet

* - Fornyinga av bibelspråket kjem frå nynorsk

* Språk i norsk kyrkje - ei tidslinje

For bi­bel­skule­ele­va­ne Lars Inge Staut­land (20) og Kari Anne Nordan­ger Vass­vik (19) er det heilt mot­sett: Ny­nors­ken er det språ­ket som ligg hjar­tet nær­ast, ikkje minst når dei drei­ar seg om kris­ten tru. Vi står i vår­sola på Bild­øy Bi­bel­sko­le utan­for Ber­gen og Kari Anne slår opp Sa­lo­mos ord­tak for å vise kva ho mei­ner.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- «Ord­taka» let så mykje betre enn «Ord­ta­ke­ne», seier ho med re­fe­ran­se til bok­måls­nam­net på denne boka i Det gamle testate­men­tet. Jenta frå Jæren blar fram ka­pit­tel 4, vers 23: «Ta vare på hjar­tet fram­for alt, for livet går ut frå det».

- Det er kor­ta­re enn på bok­mål - det er færre ord, for­kla­rer Anne Karin.

- Slik er det med ordet «ver­den» også. Eg likar Jo­han­n­es 3,16 betre på ny­norsk. «Verda» let betre enn «ver­den», seier med­elev Lars Inge Staut­land frå Bømlo.

Han finn fram fa­vo­ritt­ver­set sitt. Det står i Jo­han­n­es 1,12: «Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds bord, dei som trur på nam­net hans.»

Minna strøy­mer på. Lars Inge hug­sar godt kor­leis ny­nors­ken vart hans bi­bel­språk.

- Mor mi var leiar for barne­la­get heime på Tor­mod­sæ­ter bede­hus på Bømlo. Eg gjekk der frå eg var eitt år til eg be­gyn­te som leiar i ten­åra. Der lærte vi bi­bel­ver­sa ved hjelp av ein cd med mu­sikk der versa vart lesne opp på ny­norsk, min­nest Lars Inge.

Språk­å­ret vert mar­kert i år i sa­man­heng med at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Ju­bi­le­et for ny­nors­kens far vert mar­kert med fei­ring av språk­leg mang­fald. Eit av måla er å gjere ny­norsk­bru­ka­rar meir stol­te av mål­for­ma si.

I ein tid­leg fase var Ivar Aasen sjølv at­ter­hal­den med å pre­sen­te­re re­li­giø­se teks­tar på ny­norsk. Det måtte ikkje skje for snart.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Han tenk­te at lands­må­let ikkje var til­strek­ke­leg ut­vik­la. For­do­ma­ne var store, og han viss­te at det ikkje skul­le mykje til før folk vart for­ar­ga, seier teo­log Per Halse. Han er rek­tor ved Høg­sku­len i Volda og har teke dok­tor­gra­den på ut­vik­lin­ga av ny­norsk som kyr­kje­språk.

Aasen let seg li­ke­vel over­tale av dei yngre i mål­manns­mil­jø­et. På slut­ten av 1850-ta­let om­set­te han ska­pings- og synde­falls­for­tel­jin­ga frå 1. Mose­bok og lik­nin­ga om den bort­kom­ne sonen frå Lukas 15 til ny­norsk.

- Han var sær­leg opp­te­ken av at bi­bel­språ­ket skul­le ha ei høg­ti­de­leg og god nok form. Det skul­le vere fol­ke­leg, men sam­stun­des ikkje tri­vi­elt, for­kla­rer Halse.

I kris­te­le­ge krin­sar rådde det inn­ar­beid­de bok­språ­ket på 1800-ta­let. Ny­nors­ken sleit med eit fri­ten­kjar­stem­pel.

Mål­saka vart i stor grad for­bun­den med folk som var kyr­kje- og kris­ten­doms­kri­tis­ke. For ein­skil­de gjekk kam­pen for norsk folke­språk hand i hand med agi­ta­sjon for so­sia­lis­me og re­pub­likk, trus­fri­dom utan stats­kyr­kje og all­menn røyste­rett.

Stri­den for eit norsk skrift­språk vart der­med lenge opp­fat­ta som re­vo­lu­sjo­nær. Det var også ein ty­de­leg sa­man­heng mel­lom til­knyt­ning til vek­kings­kris­ten­do­men og skep­sis til mål­saka. For ek­sem­pel fekk mål­bla­det Vest­man­nen, som vart gitt ut i Volda frå 1887 til 1890, til­nam­net «Stygge­man­nen» i lo­kal­mil­jø­et.

På den andre sida var det somme som mein­te at lands­må­let kunne vinne fram nett­opp ved å bruke det til opp­byg­gje­leg stoff.

Det fanst mål­folk som fryk­ta at det ville vere vans­ke­leg å få gjen­nom­slag for den nye mål­for­ma der­som folk ikkje fekk til­gang til meir opp­byg­gje­leg lit­te­ra­tur på hjarte­språ­ket. Ikkje minst var dei redde for at ung­dom­ma­ne skul­le gå over til «fri­ten­kje­ri­et» der­som dei mang­la kris­tent lese­stoff på ny­norsk.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det nye tes­ta­men­tet var om­sett til ny­norsk med stat­leg støt­te og gitt ut i 1889. I løpet av dette ti­året kom også andre krist­ne teks­tar på denne mål­for­ma. Li­ke­vel skreiv pres­ten og mål­man­nen Jo­han­n­es Bar­stad at det berre var «de daar­li­ge, aands­for­tæ­ren­de tan­ker, som er skik­ket til at øde­lægge det gode, som måtte have spi­ret hos vor ung­dom» som var komne ut på lands­mål. Sjølv gjekk han i gang med bladet «Stil­le stun­der», som fram­leis ek­sis­te­rer, for å gjere noko med dette.

Mykje tyder li­ke­vel på at ny­nors­ken breid­de seg meir ef­fek­tivt gjen­nom song enn ved ar­gu­men­ta­sjon. Pio­ne­ren var Elias Blix. Pro­fes­so­ren, mål­man­nen og Venst­re-stats­rå­den frå Gilde­skål i Nord­land gav ano­nymt ut eit hefte med sal­mar på ny­norsk. Det kom sei­na­re i flei­re ut­gå­ver, og med tida kom det fram at han var for­fat­ta­ren. Mel­lom klas­si­ka­ra­ne er «Gud signe vårt dyre fedre­land», «No liv­nar det i lun­dar» og «Med Jesus vil eg fara».

Ikkje alle var like be­geist­ra. Blix for­tal­te at han vart ledd av blant unge «ov­klo­ke» i byen. Frå lan­det fekk han høyre om ei og anna ærleg sjel som i god tru mein­te at det var å skjem­me eller van­hel­ge Guds ord å om­set­je det til eit mål som berre vart brukt til «slarve­vi­ser».

Sam­stun­des fekk han ro­san­de re­ak­sjo­nar på sal­ma­ne frå mål­folk som Ivar Aasen, Aas­mund Vinje og John Klæbo. Det ut­løys­te li­ke­vel pro­tes­tar då kyr­kje­stats­rå­den - utan å ha for­høyrt seg med bis­ko­pa­ne - av­gjor­de at kyr­kje­ly­da­ne skul­le få av­gje­re om dei ville bruke Blix-sal­ma­ne.

- Jeg tviv­ler paa, at endog Kei­se­ren af Rus­land be­hand­ler sine Bis­ko­per saa­le­des, klaga bis­kop J. C. Heuch i Kris­tian­sand. Kri­ti­ka­ra­ne mein­te inn­hal­det i sal­ma­ne for så vidt var godt, men dei syn­test ikkje at ny­norsk høyr­de heime i kyr­kja. Dei hevda at sal­ma­ne var eit mid­del i mål­kam­pen og at dei skap­te djup split­ting.

- Ar­gu­men­ta imot å føre inn Blix-sal­ma­ne var i stor grad om­sy­net til vanen og kva folk opp­fat­ta som sø­me­leg, kon­klu­de­rer Halse.

Dei unge hadde vorte vande med ny­nors­ken frå skule­sto­ver og ung­doms­lag, men mange eldre ot­tast for at ny­nors­ken ville hind­re høg­tids­stem­nin­ga i bede­hus og kyr­kje­rom. Op­nin­ga for ny­norsk gjekk sei­na­re på bede­husa enn i den of­fi­si­el­le kyr­kja, og aller sei­nast i fri­kyr­kje­ne.

For mange vart sal­ma­ne det førs­te møtet med re­li­giøs ny­norsk. «Etter kvart som folk song med i sal­ma­ne, opp­lev­de mange at språ­ket og inn­hal­det ikkje stod i strid med kvar­and­re. Ja, same kor kjend og kjær den gamle salme­skat­ten var, finst det flei­re vitne­mål om at opp­le­vin­ga vart meir per­son­leg når teks­te­ne var forma i det heim­le­ge målet,» skriv Halse i boka «Guds­ord og folke­språk. Då ny­norsk var kyr­kje­mål», som byg­gjer på av­hand­lin­ga hans.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Frå 1890 og fram­over vart si­tua­sjo­nen mind­re spent. Etter unions­opp­løy­sin­ga med Sve­ri­ge i 1905 gjekk kris­ten­dom og norsk­dom saman på ein ny måte, og den gamle skep­si­sen var mykje sva­ka­re. Då den ny­nors­ke al­tar­boka vart god­kjend i 1907 og teken i bruk året etter, skjed­de det li­ke­vel mot vil­jen til eit stort fleir­tal av bis­ko­pa­ne.

- Somme hevda at det ville verte full­sten­dig rot og van­hei­lagt å ha to mål­føre i kyr­kja, seier Halse.

Men det fanst også tru­an­de mål­folk som gjekk imot slike tenden­sar. Stats-, utan­riks- og kyr­kje­mi­nis­ter Jør­gen Løv­land var pro­fi­lert både som kris­ten og mål­mann: «Me ofrar inkje Trui fyr Maa­let, og Maal­tan­kjen er inkje det mins­te skyld til Van­trui,» slo han fast.

- For somme hand­la kam­pen for ny­nors­ken om å nå inn til folk på hjarte­språ­ket, og på den måten frem­me vek­king og in­der­leg­gje­ring av guds­li­vet, seier Halse. Fram­stå­an­de leia­rar i bede­hus­rørs­la, ikkje minst Mi­sjons­sam­bands-hov­din­gen Lud­vig Hope, vart vik­ti­ge eks­po­nen­tar for ny­norsk.

- På ei prei­kar­ferd til Nord-Noreg på 1890-ta­let måtte han love ho­vud­sty­ret å tale bok­mål, men un­der­vegs bad til­høy­ra­ra­ne om at han skul­le snak­ke til dei på dia­lekt, seier Halse.

Somme drog pa­ral­lel­lar mel­lom inn­fø­rin­ga av ny­norsk og re­for­ma­sjo­nens over­gong frå latin til folke­språk i guds­te­nes­te­ne. Halse min­ner om at av­stan­den mel­lom den nors­ke dag­leg­ta­len og det dansk­ba­ser­te skrift­språ­ket var vel­dig mykje stør­re på 1800-ta­let enn han er i dag.

- Eg trur knapt vi for­står kor fra­mandt det var, seier han.

No er si­tua­sjo­nen ein annan. Ny­nors­ken har lenge vore kjend, men for mange er han blitt meir fra­mand. Det mer­kar ny­norsk­bru­ka­ra­ne på Bild­øy Bi­bel­sko­le. Trass i at bi­bel­sku­len har mange ny­norsk­ta­lan­de ele­var, er det få som nyt­tar ny­norsk bibel. Grun­nen er at alle blir til­råd­de å bruke stu­die­bi­bel - og denne finst berre på bok­mål. For­la­ga Vel­sig­net Helg har vore i kon­takt med, opp­ly­ser at det ikkje er pen­gar i å gi ut ein slik bibel på ny­norsk. Mel­lom dei 50 ele­va­ne som går første­året på Bild­øy, er det ei hand­full som held fast på den ny­nors­ke bi­be­len på fri­ti­da.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Blant dei 30 ele­va­ne på andre­året er det ingen, for­tel stu­die­in­spek­tør Kir­sten Mona Aad­land.

Språkåret

I dag går «Smaken av språk» av stabelen i Bergen, eitt av dei sju hovudarrangementa i året.

Første kap. av Romarbrevet til Jærsk rundt år 1700

Ivar Aasen omsette bibeldeler på 1850-talet, altarboka teken i bruk 1908

Språkåret 2013