Første kvinnelege biskop i nord?
Del
Forankring i regionen og kunnskap om det samiske er viktige moment når etterfylgjaren til biskop Per Oskar Kjølaas skal velgjast. Sjansane er der for at det blir ei kvinne.

Mandag vart det kjend at li­be­ra­le Per Oskar Kjølaas (65) sø­kjer av­skil i nåde etter tolv år i stil­lin­ga . Han vart ut­nemnd til bis­kop i Nord-Hå­lo­ga­land 14. sep­tem­ber 2001, ifyl­gje avisa iTromsø.

Nord-Hå­lo­ga­lands neste bis­kop må ha for­ank­ring i lands­de­len, men lyt óg ha evna til å ma­nøv­re­re mel­lom li­be­ra­le og kon­ser­va­ti­ve kyr­kje­le­ge grup­per. Sjan­sa­ne er små for at Den nors­ke kyr­kjas nord­le­gas­te bis­kop blir ein kon­ser­va­tiv figur.

Finn­set Hei­ene?

Der­imot kan det bli ei kvin­ne. Her­borg Finn­set Hei­ene (52), dom­prost i Nord-Hå­lo­ga­land sidan 2005, er nok kan­di­dat.

Ho har ei høg stjer­ne i delar av det sa­mis­ke mil­jø­et. Kjølaas har vore ein ihuga for­kjem­par for sa­ma­ne, ikkje berre i kyr­kje­le­ge, men også i andre spørs­mål.

- Han har ver­ke­leg brøy­ta veg for det sa­mis­ke, seier leiar i Sa­misk kirke­råd, Anne Dal­heim til Dagen. Ho ser sjølv gjer­ne at Her­borg Finn­set Hei­ene blir den neste bis­ko­pen, utan at dette har vore drøf­ta i rådet.

Når Dagen rin­ger Finn­set Hei­ene, treng vi ikkje gjere greie for kvi­for. Ho vil ikkje seie noko om kor­kje kyr­kje­bi­le­tet i det nord­le­gas­te bispe­dø­met eller kva slags bis­kop ein treng der i den tida vi er i, men for­tel at kyr­kje­ly­dar og pros­tar var kjend med at Kjølaas ville gå.

- Vi fekk be­skjed for nokre veker sidan, seier Finn­set Hei­ene til Dagen.

Mel­lom grun­na­ne til at Kjølaas søker av­skil er det at han mei­ner det er rett å få på plass nye kref­ter i sam­band med re­form­ar­bei­det i Den nors­ke kyr­kja.

DAGEN