OLDEN: I min barndoms rike sprang eg ut og inn av tre hus: Vårt eige, huset ut i Nigard, der eg leika med nabojentene, og Oppigardshuset. Det er dette huset eg skriv om her.

Julehuset

I ei lita grend, inst i Nordfjord, står det som var sjølve julehuset for meg då eg vaks opp.

Bruvoll heiter grenda. Ho ligg i Olden, inneklemd mellom to fonner; Håskreda og Bruvollsfonna. Når det er mildvér, vind og nok snø i fjellet, dundrar fonnene ned fjellsidene med bulder og brak, men dei når aldri ned i gardstuna.

Fjellet er forma slik at Bruvoll er trygt. Det er difor grenda ligg der ho ligg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Opprinneleg var det to tun på Bruvoll. Oppigard og ­Nedigard, eller Nigard, som det vart forkorta til. Eg vaks opp attmed Oppigard, som var slektsgarden til mor mi. Ho og far min fekk ei tomt som dei bygde hus på.

I min barndoms rike sprang eg ut og inn av tre hus: Vårt eige, huset ut i Nigard, der eg leika med nabojentene, og Oppigardshuset. Det er dette huset eg vil skrive om her.

Bruvollslåna vart det kalla før i tida, fordi det likna litt på ei trønderlån, altså slike lange, smale hus som ligg strødde ut over trønderbygdene. Det var kvitmåla og staseleg, med låve og flaggstong, omgitt av grøne bøar som nådde opp til skogkanten bak huset og til elva nedanfor.

I Nigard bur det framleis folk. Oppigardshuset står tomt. Til vern mot vér og vind er det spikra fjøler over eit par sprokne vindauge. Framfor døra til bakstekjellaren veks ein ripsbusk. Det har ikkje gått folk inn kjellardøra på årevis.

Det ser slitt ut no, Oppigardshuset. Men let eg att augene, kan eg sjå det for meg, slik det var då eg var lita jente. Då det var fyr i bakarovnen, lufta var kvit av mjøl og det vart steikt høge stablar med flatbrød og lefser i kjellaren.

Då det var lys i kjøkkenvindauga og lukta frå dei heimelaga morrpølsene som hang til tørk på loftet fortalde at det snart var jul.

Det budde fire eldre søsken i Oppigardshuset. Malene, Jenny, Leif og Olav. Ingen av dei var gifte. Saman dreiv dei garden med Jenny som sjef. Ho sat på kjøkkenstolen sin, kledd i stakk og skaut, og fortalde dei andre kva dei skulle gjere. Dei gjorde som dei fekk beskjed om, utan å mukke.

Olav var den mest livlege. Han høyrde på folkemusikktimen og var levande interessert i fjordhestar. Lenge hadde han sin eigen fjording som han brukte til å køyre mjølkespann til rampen ved hovudvegen. Lukkeleg var eg dei gongane eg fekk sitje bakpå vogna.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Malene var eldst og den eg hugsar minst av. Ho hadde grå stær og fraus på føtene. Kvar kveld varma ho murstein i steikjeovnen, som ho pakka inn i avispapir og la i fotenden av senga si.

Leif var plaga med «brystsved» som han medisinerte med nycomed-pulver utrørt i vatn. Han gav meg mitt livs første fløytekaramel. Ein liten, lysebrun bit frå ein Toffee-rull. Det var ei openberring. Eg hadde aldri smakt noko så frydefullt godt.

Vi bruvollsungane visste at vi alltid var velkomne i Oppigard-stova. Eg gjekk rett inn, utan å banke på. Nokre gonger sat eg lenge på kjøkkenet til Jenny og åt kjøpebrød med ripssyltetøy. Andre gonger sprang eg hastig vidare.

Om vinteren sat eg ofte lenge. Fordi eg trivdes saman med dei fire gamle, og fordi det var så nifst å gå heim. For husk at ettermiddagane i desember var svartare den gongen.

Det var smått med utelampar og gatelys, men flust av mørke krokar og skumle lydar frå vinden som ulte i trekrunene, hjorten som bælja oppe i skogen og hjarta mitt som banka. Eg måtte hente fram alt eg hadde av mot for å våge å gå åleine til Oppigard.

Lysa frå vårt eige stovevindauge følgde meg bort til vedahuset, men så var det slutt. I det eg runda vedahushjørnet vart det kolande mørkt. Og endå måtte eg passere Marte-huset, som sto tomt, fordi lærarinna Marte, som i si tid bygde huset, for lengst var ferdig med både lærargjerninga og jordelivet.

Innanfor Marte-huset gjekk vegen vidare forbi Marte-hagen med svære ripsbusker som såg ut som ein urskog i mørkret. Og så forbi det aller skumlaste: Bakken ned til utedoen og «matstova», ei gammal lafta stove utan elektrisk lys som var snekkarverkstaden til Olaf og Leif.

Når det gjekk i utedodøra, vart eg stiv av skrekk. For akkurat dette var det mørkaste partiet på heile vegen, og sjølv om det mest truleg var kjentfolk som hadde gått på do, så kunne ein jo ikkje vite, all den tid det var for mørkt til sjå.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

For å unngå å møte ugjenkjennelege vesen på veg til eller frå utedoen, sprang eg fort som ein vind ned bakken, over tunet, inn i den livreddande lyskjegla frå utelampen og reiv opp døra.

Kontrasten mellom det nifse mørkret og den lyse stova var overveldande. Dei fyrte så kraftig i ovnen at det dura. Fire milde, rynkete ansikt såg opp frå det dei heldt på med og helsa blidt.

Jenny sat gjerne ved bordenden og las misjonsblad. Malene sat med hovudet på skakke og småsov. Karane såg på fjernsyn eller høyrde folkemusikktimen på radio, viss det var ein søndagskveld.

Aldri var dragninga mot Oppigard-stova så sterk som når det var jul. Eg tok rennfart og pilte avgarde i mørkret, forbi dei mørke vindauga i Martehuset, ripsbuskene og den knirkande utedodøra, og inn i ei saligheit av lys og varme.

For dei hadde så fint juletre, dei fire, med gamle lauvtynne, glitrande julekuler og papirkorger fletta i intrikate mønster. Av og til fann vi snop i desse korgene.

Dei hadde også eit eventyr av eit julehus i miniatyr som sto på det gamle symaskinbordet, ved sida av trøorgelet. Julehuset var pynta med bomull og hadde lys, så ein kunne sjå inn vindauga på alle nissane som budde der inne.

Når eg hadde leika ferdig med nissane, åt eg meg mett på nøtter og julekaker og bladde i Stomperud og Knoll & Tott.

Som oftast fortalde Olav historier frå gamledagar, om kanefart med dombjøller og ulven som gjekk til åtak på geita, så tenestejenta skreik seg stemmelaus då ho prøvde å skremme udyret.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Medan Jenny henta fram julenummeret til For Fattig og Rik og las barnespalta som alltid hadde oppbyggjeleg innhald og god moral.

Og eg blei med vilje sitjande lenge, for eg visste at viss eg sat lenge nok, ville mor mi kome og hente meg, så eg slapp å gå heim att åleine.