Illustrasjonsfoto: Adobe Stock

Bibelens raude tråd og trua

Den store styrken i boka er måten den raude tråden vert løfta fram med tanke på Jesus og hans frelsesverk.

Denne boka har undertittelen «En gjennomgang av historiens bestselgende bok, for troende og skeptikere».

Det dreier seg altså om ein kortfatta gjennomgang av Bibelen frå skapinga til nyskapinga. Forfattaren vil med det visa at det går ein raud tråd gjennom heile Bibelen, trass i at denne inneheld mange og ulike bøker og er skriven over mange hundre år.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne raude tråden er slik at boka og bodskapen står fram som truverdig og skaper tru på seg sjølv. Ein slik gjennomgang vil med det vera særleg aktuell for skeptikarar og tvilarar.

Det er generelt ei enkel og lettfatteleg framstilling som får fram bodskapen på ein god og slåande måte. Bodskapen er kombinert med faktaopplysningar. Det heile er svært kortfatta, og med det overkommeleg for alle. For den som vil studera ulike punkt grundigare, er det vist til litteratur for det.

Fact box

Skaping kontra evolusjon

I nesten alle bøker av denne typen er framstillinga av skapinga kontra evolusjonslæra det svake punktet. Slik er det også her. Forfattaren meiner at urhistoria, og særleg dei tre første kapitla i Bibelen, ikkje skal lesast konkret og historisk, men symbolsk og som likning.

Bokomslag.

Bodskapen knytt til skapinga og syndefallet vert like fullt langt på veg ivareteken, og denne tolkingsmåten er trass alt betre enn å tilpassa det heile til evolusjonstenkinga sine lange periodar.

Også landløfta til Israel får ei uklar tolking, men har svært liten plass i framstillinga. Den store styrken i boka er måten den raude tråden vert løfta fram med tanke på Jesus og hans frelsesverk.

Openberring av Gud

Forfattaren seier at boka ikkje er meint som apologetikk, men «den er et forsøk på å forklare nysgjerrige tvilere hva det kan bety hvis det viser seg at Bibelen er sann.»

Det er ei grei oppsummering av boka, men med det er det også apologetikk. Bibelen er ikkje kva som helst bok, korkje i innhald er sal. Ho er seld ca ti gonger meir enn neste bok av mest selde bøker gjennom historia.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det som likevel er avgjerande, er at boka er openberring av Gud, Guds vilje og Guds frelse i Jesus Kristus.