Det dyre fedrelandet

17. mai er ei påminning om at vi som nordmenn har noko å ta vare på, kjempe for og vere takksame for.

I høve grunnlovsdagen gir Dagen deg denne versjonen av Fedrelandssalmen, spelt inn på Fjell festning. Tore Hjalmar Sævik står for gitarspel og Odd-Arild Algrøy for songen. Gratulerer med dagen!

Det dyre fedrelandet

Son min er fire og eit halvt år. For 76 år sidan var far min nøyaktig like gammal. Fram mot 17. mai i år har eg tenkt litt på dette.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Andre verdskrigen er ikkje lenger unna enn at far min har levd i eit ufritt Noreg i like lang tid som eg har hatt ein son. Så gammal vart han før det gjekk an å feire grunnlovsdagen fritt. Gleda har han aldri gløymt.

Pappa hugsar at tyske soldatar saumfór huset deira for å sjekke om dei hadde radio. Han minnest at faren hans vart teken av nazistane og sendt til fengsel i Trondheim. Då bestefar kom tilbake, var han radmager og ikkje til å kjenne igjen.

Samanlikna med det ufatteleg grusomme som skjedde i mange andre land, slapp Noreg lett unna andre verdskrigen. Men krigen var tung nok likevel.

Mange norske kvinner og menn, og born, betalte ein høg pris. Det var knapt med mat og andre materielle gode, og mykje frykt og uvisse. Motstanden kosta blod, sveitte og tårer. Krigen er blitt eit før og etter i moderne norsk historie.

Barneår i eit land okkupert av ei framand makt, styrt av ein totalitær og brutal ideologi, set spor. Fridom og tryggleik er ikkje sjølvsagt. Å leve i eit stabilt og godt land er ikkje noko vi kan ta for gitt. 17. mai er ei påminning om at vi som nordmenn har noko å ta vare på, kjempe for og vere takksame for.

Få stader er dette så sterkt uttrykt som i fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland». Denne skreiv Elias Blix i 1891. Blix kom frå Nordland, vart professor i hebraisk og kyrkjestatsråd frå 1884-1888. Sjølv om han var konservativ i teologien, var han radikal i målsak og politikk. Ikkje minst var salmane hans viktige for å gjere nynorsk til akseptert kyrkjespråk.

ENDELED FRED: Biskop Eivind Berggrav og kronnprins Olav på veg til utandørs gudsteneste på Akershus festning 17. mai 1945. Foto: NTB scanpix arkiv

No nærmar vi oss ein 17. mai der vi lever i ein heilt annan unntakstilstand enn den dei opplevde under krigen. Men også i år kan vi på ein særleg måte bli minna om at det ikkje er sjølvsagt å leve «i heimen med fred og hyggja».

Sjeldan vert alle dei sju versa brukte, så eg nøyer meg med dei fire mest kjende:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her er teksten til de fire mest kjente versene av Fedrelandssalmen:

Gud signe vårt dyre fedreland

og lat det som hagen bløma!

Lat lysa din fred frå fjell til strand

og vetter for vårsol røma!

Lat folket som brøder saman bu,

som kristne det kan seg søma!

Vårt heimland i mørker lenge låg,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

og vankunna ljoset gøymde.

Men, Gud, du i nåde til oss såg,

din kjærleik oss ikkje gløymde.

Du sende ditt ord til Noregs fjell,

og ljos over landet strøymde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,

Me fåfengt på huset byggja.

Vil Gud ikkje verja by og land,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kan vaktmann oss ikkje tryggja.

Så vakta oss, Gud, så me kan bu

I heimen med fred og hyggja!

No er det i Noreg atter dag

med vårsol og song i skogen.

Om sædet enn gror på ymist lag,

det brydder då etter plogen.

Så signe då Gud det gode såd,

Artikkelen fortsetter under annonsen.

til groren ein gong er mogen!


Saken ble første gang publisert i anledning 17. mai 2020.