TOLKING: Eg vart nokså overraska over tolkinga av ulike tekstar og det endtidssynet Thu (biletet) hevdar, skriv Johannes Kleppa.

Overraskande om endetida

Same kva syn ein måtte ha på endetida, er dette ei engasjerande bok og her er mykje til lærdom, sjølv om her også er mykje som eg er usamd i.

Erling Thu har skrive ei grundig og interessant bok om endetida, Jesu atterkome og den kristne vona. Dessutan er ho skriva på godt nynorsk, og det er ikkje så vanleg for denne typen bøker. Thu gir ei brei innføring i ulike endetidssyn, samstundes som han er tydeleg på kva han sjølv står for. Stort sett er orienteringa om ulike syn grei, men nokre gonger vert det litt tendensiøst når det står opp mot Thu sitt eige syn.

Tek oppgjer

Eg vart nokså overraska over tolkinga av ulike tekstar og det endtidssynet Thu hevdar. Så langt eg kan sjå, er dette eit nokså uvanleg syn, i alle fall i norsk samanheng. Det er nokså forskjellig frå det som er vanleg både i frikyrkjelege samanhengar, på bedehuset og blant teologar. Han tek til dels oppgjer med det han har vokse opp med både på bedehuset og i pinserørsla, særleg dispensasjonalismen – men også med premillianismen generelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Israelsmisjonen

Til tider kan ein lura på om Erling Thu står for erstatningsteologi, men det vil han sjølv avvisa. Han sluttar seg til Israelmisjonens prinsippdokument med tanke på profetiane og lovnadene til Israel. Landlovnadene til Israel får likevel nesten ingen ting å seia i framstillinga. Lovnadene vert i stor grad tolka i lys av Kristus på ein slik måte at dei får mest å seia for kyrkja si tid.

Thu forstår det slik at det skal kome rike vekkingstider, og at Guds rike i stor grad skal prega samfunnet fram mot Jesu atterkome. Han er svært Kristus-orientert, og det er bra, men det vert på ein måte som innsnevrar bibeltekstane om saka.

Symbolsk tusenårsrike

Eg har registrert at Kristent Fellesskap på nokre punkt har originale og særeigne syn, men eg veit ikkje om det Thu her skriv, er representativt for Kristent Fellesskap eller for andre delar av det nyare karismatiske landskapet. Det ville vore interessant med ein debatt som avklarte dette.

Sjølv om Thu ikkje står for erstatningsteologi, ligg argumentasjonen tett opp til det. Ved at han forstår tusenårsriket som symbolsk eller at det er no, fell han inn i det som har vore fundamentet for erstatningsteologien. Han gjer her likevel ein vri ved at han forstår det slik at det fram mot Jesu atterkome skal verta langt betre forhold på jorda enn det er no. Denne forvandlinga skal skje ved misjon og Andens kraftige gjerningar. Dette er eit nykarismatisk synspunkt, som eg ikkje deler.

Tre bolkar

Boka er delt i tre bolkar. Den første er «Personleg eskatologi», altså om den einskilde si frelse. Den andre er «Historisk eskatologi – om historia si fullending», altså det som skjer fram mot Jesu atterkome til dom. Den tredje er «Kosmisk eskatologi», altså det som gjeld domen og det evige herlegdomsriket. Den første og siste bolken vil det i alle hovudsak vera semje om innan bibeltru teologi. Det er den midtre bolken som kan seiast å vera overraskande, og der mange vil seia seg usamde.

Same kva syn ein måtte ha på endetida, er dette ei engasjerande bok og her er mykje til lærdom, sjølv om her også er mykje som eg er usamd i ved at eit framtidig tusenårsrike er avvist og med det også Israels plass og funksjon i det riket.