– Det var ein eventyrleg journalistskule

Karrieren til norske pressetoppar som Harald Stanghelle, Tomm Kristiansen og Anne Aasheim byrja i Dagen.

I år fyller Dagen 100 år. Denne artikkelen er en del av vår jubileumsdekning. Vi har også en egen jubileumsside, som du kan sjekke uther.

----------

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Allereie då han var 13,5 år gammal i 1952 hadde Kjartan Rødland ein artikkel på trykk i Dagen. Seinare skulle han bli sjefredaktør i Bergens Tidende frå 1977 til 1986.

– I Bergens Tidende vart det sagt at om du var journalist i Dagen, kom du til himmelen då du døydde, eller så kom du til Bergens Tidende i levande live, seier Rødland.

Då det under ein fest i storavisa på Vestlandet vart spurt kor mange som hadde fartstid i Dagen, minnest han at svært mange slengde armen i vêret.

75 kroner veka

Sjølv debuterte Rødland i Dagen etter å ha svart på ein konkurranse for «bygdemeldarar». Det førte til at han som tenåring skreiv om kommunestyremøte og diverse kulturarrangement i traktene rundt Voss, der han kom frå. På den tida fungerte Dagen meir som ei lokalavis på deler av Vestlandet.

– Det var fleire som hadde Dagen enn Bergens Tidende på Bolstadøyri der eg vaks opp, seier han.

Bergens Arbeiderblad, no Bergensavisen, stod derimot sterkt mellom dei som identifiserte seg med arbeidarrørsla.

Som gymnasiast i Bergen fekk Rødland seg jobb i Dagen og tente 75 kroner i veka.

– Det var veldig triveleg. Huset var fullt av originalar, seier Rødland.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kontakten med erfarne medarbeidarar er noko av det han sette mest pris på og lærte mest av.

– Det var ein liten redaksjon, så ein måtte kvalifisere seg på nesten alle område som var, seier han.

Rødland framhevar også at avisa var meiningsberande og sjølvstendig, i motsetnad til Bergens Tidende og Bergens Arbeiderblad som var kopla til høvesvis Venstre og Arbeidarpartiet.

– Denne erfaringa medverka nok til mi store glede ved å skrive kommentarar, seier Rødland.

Stilte i konformasjonsdress

Også Harald Stanghelle, som seinare skulle verte sjefredaktør i Dagbladet og redaktør i Aftenposten, hadde sitt første personlege møte med Dagen då han var 13 år. Men han trur besteforeldra var Dagen-abonnentar sidan starten i 1919.

Tenåringen haika frå eit indremisjonsstemne på Frekhaug til Bergen i same bilen som dåverande sjefredaktør Arthur Berg. Kort etter sende Stanghelle dei første lesarinnlegga sine til avisa.

Som 15-åring fekk han sommarvikariat. Første dagen stilte han i konfirmasjonsdress, kvitskjorte og slips.

HEIDERSPRIS: Presseveteran Harald Stanhelle fekk «Årets hederspris» av Oslo redaktørforening i mars i år. Journalistkarrieren hans starta i Dagen i 1971.

Takksam for Berg

Kommunestyremøte, reportasje frå eit oppdrettsanlegg og stoff til ei ungdomsside er noko av det han hugsar å ha hatt på trykk i Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Det var jo ein eventyrleg journalistskule. Dersom ein først var innanfor, fekk ein veldig stor tillit, seier Stanghelle.

Han meiner det same nok kunne seiast om andre mindre aviser, men at Dagen likevel var i ein eigen kategori fordi avisa var landskjend og profilert gjennom Berg.

– Eg trur Berg hadde eit skarpt blikk for, litt ubeskjedent sagt, vaken ungdom frå by og bygd. Han likte folk med meiningar, seier Stanghelle.

I ettertid har Stanghelle vorte klar over at andre medarbeidarar kunne oppleve Berg som ein tøff sjef.

– Men eg hadde berre gode opplevingar, seier han.

Då at Stanghelle vart sjefredaktør i Dagbladet i 1995, fekk han eit hyggeleg brev frå Berg. Etter dette brevveksla dei også ein periode.

– Når du møter igjen andre som starta karrieren sin i Dagen, har du inntrykk av at det er noko som er felles?

– Det kan vere variasjonar, men eitt er sikkert: Alle vi som har trakka våre journalistiske barnesko i Dagen, har alltid noko å snakke om.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Livlege diskusjonar

Ein annan sjefredaktør Dagbladet, Anne Aasheim (1962-2016), hadde også ein av dei første jobbane sine i Dagen. Ho skulle også bli distrikts- og nyheitsdirektør i NRK og direktør i Norsk kulturråd.

– Det var eit annleis avismiljø der eg lærte mykje. Det var spennande og viktige diskusjonar om moral og etikk. Ikkje minst diskuterte vi presseetikk livleg, sa Aasheim i eit intervju med Vårt Land i 2006.

Ho opplevde at den ideologiske avstanden til dåverande sjefredaktør Arthur Berg var for stor til at ho ville kalle han læremeisteren sin.

– Men han var ein stor pressemann, og han hadde eit stort hjarte. Hadde nokon det tungt, ringde Arthur oss opp heime og spurde korleis det gjekk. Han sende blomar. Nokre av meiningane hans var forstokka. Men han respekterte andre sine meiningar. Det var inga sak å reservere seg mot einskilde emne, sa ho.

TOPPSTILLINGAR: Som ung journalist jobba no avdøde Anne Aasheim i Dagen. Seinare fekk ho toppstillingar i NRK, Dagbladet og Norsk kulturråd.

– Plass til alt

Også «stemmen fra Afrika» i NRK, Tomm Kristiansen, kom til Dagen som tenåring. Faren hans var krinssekretær i det dåverande Indremisjonsselskapet, men sonen hadde teke avstand frå dette miljøet og identifiserte seg med Noregs KFUK-KFUM.

– Det vart ei artig spenning. Redaktør Arthur Berg var sjarmert av engasjementet mitt, samstundes som han meint eg tok heilt feil i nokre spørsmål, sa Kristiansen i eit intervju med Dagen i 2014.

Han mintest det redaksjonelle miljøet som mangfaldig.

FORFATTAR: Tomm Kristiansen er blitt kjend som Afrika-korrespondent for NRK og bestseljande forfattar. Den første jobben hans som journalist var i Dagen.

– Raust og ope

Mangeårig Dagbladet-journalist og NRK-programleiar Erik Aasheim hadde også sin første jobb i Dagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg gjekk siste året på vidaregåande og jobba der i vinterferien 1986 og sommerferien dette året, seier Aasheim som i dag er dagleg leiar i Primus Productions. Han var bror til Anne Aasheim.

– For meg var det eit kræsjkurs i journalistikk der eg lærte ekstremt mykje, seier han.

Mellom anna sette han pris på å få tillit og jobbe med store nyheitssaker.

– Mitt sterkaste minne var at eg hadde laga saka som vart førstesideoppslag 29. februar 1986 og tenkte at dette var det ville få masse merksemd. Men rundt midnatt kvelden før vart den svenske statsministeren Olof Palme skoten, så då var det ingen som var spesielt opptekne av det eg hadde skrive, seier Aasheim.

Han legg ikkje skjul på at han står langt unna avisa i fleire teologiske og ideologiske spørsmål, men opplevde ikkje dette som eit problem.

– Sjølv om mange den gongen og no opplever Dagen som ei smal og konservativ avis, opplevde eg redaksjonen som rausare og opnare enn andre stader som tilsynelatande skal vere rause og opne.