KRØNIKE: Mange av oss har med
...
KRØNIKE: Mange av oss har med stor glede lese Edvard Hoems (biletet) slektskrønike der romanen «Slåttekar i himmelen» opna serien. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter i krøniken, skriv Audun Mosevoll. 
 Foto: Berit Roald, NTB Scanpix
Korleis ein har forvalta livsgåvene
Del
Det er ei fryd å lesa «Jordmor på jorda», både språk og forteljarstil grip tak i deg på ein måte som gjer deg delaktig i levd menneskeliv.

Anmeldt bok:

Edvard Hoem

Jordmor på jorda

Huset under Blåhammaren

Roman

Innbundet, 349 sider

Oktober forlag 2018

---------

Hovudpersonen i denne romanen, Marta Kristine Andersdatter Nesje, var tippoldemora til Edvard Hoem. Far til Edvard hadde gitt sonen eit hint om at Marta Kristine var ei han burde skriva om. Og det har han no gjort i to vender. I 2008 skreiv han den første versjonen av «Jordmor på jorda», og den gong på oppdrag frå Den norske jordmorforening. Roman nr. 2 er ei utvida og kraftig revidert utgåve av den første boka.

I forordet understrekar Hoem at romanen er skriven over dokumentariske fakta. Personane i teksten har levd, men dei er dikta fram på grunnlag av spinkle enkeltopplysningar, fordi ingen kan lenger minnast kven dei var.

Drepe barnet

Marta Kristine må ha vore ei uvanleg ressurssterk kvinne. Ho hadde vilje og mot til å gå vegar som på mange måtar braut med kvinnenes situasjon på byrgjinga av 1800-talet.

Ei hending frå tidleg barndom fekk konsekvensar for val ho gjorde seinare i livet. Saman med far sin fekk ho eit uhyggeleg syn av restane av ein kvinnekropp, kvinna hadde vorte halshogd og hovudet sett på ein stake i ein bergsprekk på ein holme. Bakgrunnen var at kvinna hadde drepe barnet ho hadde født.

At far til Marta Kristine let dottera sjå dette groteske «minnesmerket», forklåra han med at ho «blir vel heller glad i livet, når ho ser kor grufull døden er.»

Livskall

Og Marta Kristine vart verkeleg «glad i livet», ikkje minst gjennom dei mange borna ho sjølv vart mor til. Men for henne vart det eit livskall å hjelpa andre kvinner til å setja born til verda på ein god og trygg måte. Ein replikk frå ein prest om at Marta Kristine hadde så fine hender gjorde henne endå sterkare opptatt av at ho skulle verta jordmor.

Ho fekk den første innføringa i jordmortenesta på eit kurs i Molde, men ho ville ha ei skikkeleg utdanning i yrket. Då måtte ho reisa til Kristiania, ho gjekk til fots den lange vegen frå Romsdal til hovudstaden. Etter ni månader på jordmorskulen vende ho heimatt og tente som jordmor på heimlege trakter i meir enn femti år.

Vaksineringsprogram

Edvard Hoem har gått grundig til verks for å ha bakgrunn for skildringa av tilhøva i ei vestlandsk fjordbygd på 1800-talet. Han har nytta seg av mange historiske kjelder og vore ein flittig gjest i aktuelle arkiv. Ikkje minst er han flink til å få fram stoff kring den politiske situasjonen i Norge i tida etter 1814.

Vi får eit sterkt inntrykk av kva det kosta mange vanlege nordmenn å forsvara landet i krig og ufred i høvet grannelandet i aust. Hans Nesje som vart ektemannen til Marta Kristine, måtte i militærteneste og det han opplevde i krigen sette varige merke på han, ikkje minst psykisk.

Bokomslag.
I forteljinga får vi også mange døme på kor sterkt kyrkja sin posisjon var i dei tider, også når det galdt saker innan helsesektoren. Mellom anna vart vaksineringsprogrammet mot koppe-epidemien administrert frå kyrkjeleg hald.

Stor glede

Romanen får målande sterkt fram korleis den materielle nauda reiv ned livsstandaren hos mange avmenneska i distrikts-Norge, men også her var det stor skilnad mellom fattig og rik. I nokre bygder vart det åndeleg vekking.

Under ein møteserie i bygda i 1848, skjedde det slik med eldste dottera til Marta Kristine: «Ingeborg fall på kne og tok imot Jesus Kristus som sin frelsar og herre. Det merkelege var at ho og mor hennar aldri kunne snakka om det, anna enn at Ingeborg, da ho kom frå møtet sa: - No er det skjedd. (s 333)

Mange av oss har med stor glede lese Edvard Hoems slektskrønike der romanen «Slåttekar i himmelen» opna serien. Marta Kristine og Hans Nesje er stammor og stamfar til den store etterslekta vi møter i krøniken.

Ei fryd å lesa

Det er ei fryd å lesa «Jordmor på jorda», både språk og forteljarstil grip tak i deg på ein måte som gjer deg delaktig i levd menneskeliv. Det gir ettertanke omkring spørsmål om korleis ein sjølv har forvalta livsgåvene. Her står Marta Kristine som eit føredøme vi på mange måtar må ta inn i vår eiga tid.

Takk til Edvard Hoem for at dei siste åra med sterke leseopplevingar frå hans hand har fått ei imponerande forlenging gjennom «Jordmor på jorda».

paywall
paywall
paywall
paywall
paywall
paywall