FELLESSKAP: På Viste Strandhot
...
FELLESSKAP: På Viste Strandhotell får folk kjenne på at dei høyrer til. - Det trur eg mange saknar i dagens samfunn, seier May-Linda Gjestad Rosnes, som har fått arbeidstrening på hotellet det siste halvåret. Foto: Andrea Øien Sæverud
Hotellet kor ungdom frå rus-heimar er hedersgjester
Del
Viste strandhotell opnar dørene for alle som har med seg litt ekstra bagasje i livet.

Bølgjene skvulpar bedageleg mot Vistestranda i Randaberg kommune i Rogaland. Bak sanddynene ligg eit kvitt hotell. For eitt år sidan tok Kirkens Bymisjon over bygningane i strandkanten. Planen var å gjere hotellet til ein stad der barn og unge som har vakse opp med valdelege, rusavhengige eller psykisk sjuke foreldre, kunne få ei trygg hamn gjennom leirar og helgeopphald. Gjennom året kjem unge pårørande mellom 13 og 23 år frå heile landet til hotellet. Kanskje får dei tent eit håp om lysare framtidsutsikter.

– Det overordna målet med hotelldrifta er sikre seg at desse unge hamnar på rett kjøl vidare i livet, fortel hotelldirektør Elisabeth Lied.

SPRUDLAR OG SNUBLAR: - Vi snublar støtt og stadig i den daglege drifta. Vi gjer feil, men finn ut av det og lærer. Her tek vi felles ansvar i staden for å peike ut ein syndar, seier Elisabeth Lied. Foto: Andrea Øien Sæverud

Ho fyk rundt, snakkar med alle, smiler og ler. Skuldrane er låge trass mykje å gjere. Sjølv veit Lied litt for godt kva livet til ungdommane som kjem innom for å få eit pusterom frå kvardagen inneber.

– Eg vaks sjølv opp i ein heim med rus. Det livet eg hadde fram til eg var 24, var beintøft. Det betydde lite søvn, skyhøgt stressnivå, og at eg hadde delvis ansvar for veslesystera mi. Når folk tenker at eg har mykje å gjere no, skulle dei berre visst. Nei dette er ikkje mykje, seier ho mildt.

Rom for alle

Store vindauge gir panoramautsikt frå spisesalen ut mot havet. Det er ein solfylt dag, på borda står framleis rosa blomsterbukettar frå gårsdagens tre konfirmasjonsselskap.

No, etter eitt års drift, har hotellet blitt ein stad som gir rom for fleire enn ungdom med ei krevjande fortid. Å tilby arbeidstrening har blitt ein viktig del av drifta. Hotellet blir drive etter tanken om sosialt entreprenørskap. Det handlar om å skape sosial eller samfunnsmessig verdi, ikkje berre verdi i kroner og øre. Lied har fleire flittige medarbeidarar som har slite med å kome seg inn i arbeidslivet andre stader. På Viste Strandhotell får dei både den store takhøgda og den låge terskelen dei har behov for.

– Då den siste gjesten var gått etter tre konfirmasjonar i helga, sa eg til dei andre at no går vi ut ein tur. Så gjekk vi ein lang tur saman, etter å ha stått på heile dagen. Oppvasken kunne vente litt til, seier ho og smiler.

NY VÅR: Målet med drifta på Viste Strandhotell er å gi unge pårørande eit håp om ein lysare horisont. Samtidig tilbyr dei arbeidstrening for folk som har hamna utanfor arbeidslivet. Foto: Andrea Øien Sæverud
I tillegg til vanleg hotelldrift med selskapsutleige, arrangerer Kirkens Bymisjon gåturar for eldre og leksehjelp for barn på Viste Strandhotell. Med berre fem tilsette er dei heilt avhengige av alle som kjem innom for å ta i eit tak, både gjennom arbeidstrening og frivillig arbeid.

Aldri fri

Før Elisabeth Lied fekk ansvaret for å drive eit hotell med ekstra utstrekte armar, hadde ho ein vanleg jobb i barnevernet. Då ho bytte beite, fekk ho også lokka med seg ektemannen Hans Jørgen Lied. Men kva får ein barnevernspedagog og ein sivilingeniør i datateknikk til å ta på seg ansvaret for å drive eit hotell der fridagane omtrent ikkje eksisterer?

– Livsstilmessig funkar dette betre for familien enn då vi hadde vanlege jobbar. Kvardagsstresset er vekke, no kan vi legge opp dagen meir sjølve. Mottoet mitt er at eg vil gjere meir av det eg er glad i, saman med dei eg er glad i. No lever eg slik eg ønskjer å gjere, seier Lied.

Både hennar eiga mor og svigerforeldra kjem innom så ofte dei kan. Dei har meldt seg som frivillige saman med seksti andre. Den oppslukande kvardagen på Viste Strandhotell har blitt ein livsstil for heile storfamilien, der også hennar eigne barn er med på leirane.

BLOMSTRAR: - Eg har vore i eit halvt år, og no kjenner eg meg klar for å møte verda igjen, seier May-Linda Gjestad Rosnes som føler at ho verkeleg har blitt sett og bygd opp gjennom arbeidstreninga på Viste Strandhotell. Foto: Andrea Øien Sæverud
– Folk elskar å vere her. Vi har nesten ikkje sjukefråver. Det einaste eg åtvarer dei frivillige som kjem om, er at dei kan bli så hekta at det er vanskeleg å kome seg ut av det, seier ho og ler.

Å høyre til

Ei av dei som har fått kjenne på strandhotell-effekten, er May-Linda Gjestad Rosnes. I 2016 blei ho arbeidslaus for tredje gong. Ho blei gåande utan arbeid i 1,5 år, heilt til det opna seg ei moglegheit for arbeidstrening i regi av Nav.

– Eg heldt på å bli gal av å sitte og sjå i veggen. Så fekk eg kome hit og det endra heile livet mitt, fortel ho.

Rosnes hadde tidlegare jobba både på flyplass og i reisebyrå. I det ho kom inn døra til Viste Strandhotell merka ho at noko var annleis her.

– Ein kjenner varmen med ein gong. Her blir ein sett og får høyre til. Den kjensla av å høyre til trur eg det er mange som saknar i samfunnet i dag, seier ho.

For May-Linda Gjestad Rosnes var det avgjerande å bli akseptert for den ho er. At sjefen byr på seg sjølv med mykje humor og låge skuldrar, blei frigjerande.

– Eg kan vere meg sjølv hundre prosent fordi direktøren er det. Det er sjeldan vare og får meg til å ville gi det vesle ekstra. Her er det samtidig lov å seie at ein er sliten og det er rom for å gjere feil. Eg trur at gjestane merkar at vi som jobbar her har det kjekt ilag, seier ho.

Grev fram eigenskapar

Mange av dei som kjem til hotellet for å få arbeidstrening, har anten vore i litt for nær kontakt med rus eller mista jobben. Det er ofte snakk om vaksne menneske, der det einaste dei vil er å kome seg ut i jobb. I tillegg kjem ungdommar som vanlegvis ikkje orkar å stå opp av senga. Erfaringa er at når desse møtest, er dei med på å trekke kvarandre opp, ikkje ned.

– Eg har trua på å blande generasjonar, at dei kan lære av kvarandre. Ungdommar er ofte meir lydhøyre for dei som ikkje er i deira eigen foreldregenerasjon, men litt eldre eller yngre, fortel Lied, og legg til:

– Dei eldste har gjerne gått nokre vegar dei kan fortelje om, utan at det blir oppfatta som ein peikefinger.

GÅR VEGEN SAMAN: - Eg heldt på å bli gal av å sitte og sjå i veggen. Så fekk eg kome hit, og det endra heile livet mitt, fortel May-Linda Gjestad Rosnes (t.h.). Saman med hotelldirektør Elisabeth Lied skal ho finne vegen tilbake til arbeidslivet. Foto: Andrea Øien Sæverud

Når ungdommar med ei krevjande fortid og notid kjem til hotellet, er eitt av måla å gi dei tilbake trua på at dei har noko å kome med.

– Vi stiller dei ofte spørsmålet «Kva er du god til?». Når dei då svarer «Å spele pc-spel online saman med andre», er dei vande med at dette blir oppfatta negativt. Her tenker vi omvendt. Er du god på pc-spel, er du truleg god på samhandling med andre, du snakkar også engelsk og du kan dette med turtaking. Har du vakse opp i ein heim med rus, vald og psykiatri, er du truleg også veldig god til å lese andre, forklarer Lied.

Gjer folk trygge

«Har du nokre behov? Ta vare på dine eigne behov først då», seier Elisabeth Lied smilande til Therese Gomenez og gir ho ein god klem. Gomenez har akkurat kome på jobb. Kvar veke pendlar ho frå Oslo for å jobbe på Viste Strandhotell. Ho kunne fått jobb i hovudstaden, men har valgt å vere på Viste Strandhotell på grunn av det unike arbeidet dei gjer. Gomenez har bakgrunn som vernepleiar i psykisk helse, no jobbar ho med å følgje opp dei som er i arbeidstrening.

– For å kome hit og jobbe, må folk ønske å vere her, bidra og halde seg rusfrie. Elles tilpassar vi forventningane undervegs til den enkelte. Når folk blir trygge i ei oppgåve, får dei etter kvart jobbe seg meir ut av komfortsona, fortel ho.

Målet er at alle skal ut igjen i arbeidslivet andre stader, så kan dei heller kome tilbake og jobbe frivillig.

– Vi tøffar dei opp, gjer dei trygge og gir dei meistringsfølelse. Dei skal gå herifrå og tenke «Eg kan», seier Elisabeth Lied.

GIFT PÅ OG MED JOBBEN: Ekteparet Hans Jørgen og Elisabeth Lied er to av fem tilsette på hotellet. - Livsstilmessig funkar dette betre for familien enn då vi hadde vanlege jobbar, seier dei, trass få fridagar. Foto: Andrea Øien Sæverud

– Kristne organisasjonar må tenke nytt

Det sosiale entreprenørskapet som føregår på Viste Strandhotell kan vere til inspirasjon for andre kristne organisasjonar, trur Gaute Brækken som er leiar i Kirkens Bymisjon Rogaland.

– Kristne organisasjonar har hatt eit stort sosialt og diakonalt engasjement, men mange har erfart at det kan vere vanskeleg å få unge til å gå inn i og overta eit tradisjonelt arbeid. Unge vil gjerne gjere ting på ein annan måte. Det finst fleire døme der ein har brukt sosialt entreprenørskap for å lykkast med nye arbeidsmåtar, nye former for frivilligheit og å finne nye inntektskjelder.

Brækken har stor tru på at sosialt entreprenørskap kan revitalisere det sosiale engasjementet til kristne organisasjonar, men peikar samtidig på at det ofte tek tid å finne sin eigen modell .

– Vi er derfor stolte av alt vi har fått til på Viste Strandhotell på så kort tid.

Ser folk

Den ferske hotelldirektøren innrømmer at det ikkje berre er lett å drive hotell med mykje attåt. Men det første året har vist at med stort humør, stå-på-haldning og låge skuldrar kan ein kome langt.

– Vi snublar støtt og stadig i den daglege drifta. Vi gjer feil, men finn ut av det og lærer. Her tek vi felles ansvar i staden for å peike ut ein syndar, seier Lied.

For May-Linda Gjestad Rosnes har halvåret på Viste Strandhotell vore avgjerande.

– Før sat eg berre i stova og omtrent grudde meg til å gå på butikken. Sjølv om eg går på arbeidsavklaringspengar, er eg nok lykkelegare enn om eg hadde hatt ein million i lønn. Eg har mykje å gi, men eg må vere trygg for å klare det. No kjenner eg meg klar for å møte verda igjen.

ALLE VIL MED: På kontoret til hotellet er det eigentleg berre plass til ein. - Men når ein har det så kjekt ilag på jobb, vil alle sitte her saman, seier Elisabeth Lied. Foto: Andrea Øien Sæverud