KATASTROFE: Tom Sverre Tomren meiner kyrkja må ta ansvar for å førebu menneske på dramatiske følgjer av klimaendringar. Biletet er frå ein flaum på den filipinske øya Mindanao i januar.

«Jorda ville på mange måter ha det betre om mennesket ikkje var der»

Teolog Tom Sverre Tomren synest kristne forkynnarar bør vere varsame med å seie at mennesket er sett til å forvalte skaparverket. I eit ferskt doktorgradsarbeid forklarer han kvifor.

Soknepresten på Osterøy har brukt mykje av den ubundne tida si dei siste seks åra på doktorgradsarbeidet. Då han begynte, sat han i kommunestyret for Kristeleg Folkeparti. Når han no er ferdig, er han blitt ein profilert politikar for Dei Grøne, mellom anna som fylkestingspolitikar og stortingskandidat frå Hordaland ved valet i fjor haust. Undervegs har han endra syn på det som er eit av grunnprinsippa til sitt gamle parti, og eit ofte omtalt ideal i kristen forkynning: Forvaltartanken.

Ukjend miljøsak

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På fleire nivå finn han forvaltartanken problematisk.

– Det første er økologisk. Tanken stimulerer til ei tenking der mennesket er utanfor naturen. Men det er vi ikkje. Vi er ein del av naturen. Og på førehand er vi knapt i stand til å forstå konsekvensane av all manipuleringa vi utset skaparverket for, seier han.

Tomren meiner forvaltartanken ber med seg ein kime til dualisme som kan setje mennesket i konflikt med sitt eige livsgrunnlag.

Menneskeleg parasitt

For det andre meiner han at ideen om ein forvaltar kan vere hovmodig.

– Har naturen bruk for ein forvaltar? Mennesket fungerer meir som ein parasitt. Jorda ville på mange måtar ha det betre om mennesket ikkje var der. Det ville gi meir mangfald både av plantar og dyr, seier Tomren.

Han påpeikar at det bibelske ordet for forvaltar – det greske «oikonomos», som ein finn igjen i det norske «økonom» – ikkje dreiar seg om naturoppdraget, men om forvalting av nådegåver.

– Å bruke dette på eit nytt område, vert dårleg bibelteologi. Dette vert forverra av at det ber i seg ein invitasjon til å tenkje om naturen som noko vi kan råde over, seier Tomren.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ny forkynning

I staden meiner han mennesket er sett til å verne og tene skaparverket. Han viser til orda i 1. Mosebok 2,15: «Så tok Herren Gud mennesket og sette det i Edens hage til å dyrka og passa han».

– I lys av økokrisa meiner eg teologar må begynne å bruke desse omgrepa, for å framheve at mennesket skal bevare naturen. Det vil skape noko anna, fordi det inviterer til ei anna tenking om menneskets rolle, seier Tomren.

I kristen forkynning og tenking om naturen meiner han ein ofte set dette i samanheng med første trusartikkel – trua på Gud, den allmektige skapar.

Jesus i naturen

Tomren ser gode grunnar til å tenkje menneskets forhold til naturen i lys av også andre og tredje trusartikkel – Jesus som Guds son og Frelsar, og Den Heilage Andre som livgivar.

– Det viktigaste er å sjå på Kristus som innvevd i naturen. Ordet vart kjøt. Heile kroppen vår, alle cellene, vert skifta ut i løpet av livet. Det galdt også Jesus. Gud vart ikkje berre menneske, men ein del av skaparverket, seier Tomren.

Han meiner ein også kan gå lenger enn dette:

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Jesu tanke– og idéverd var forma av verda rundt han. Språket hans og likningane hans var prega av naturen rundt han. Han var innvevd i skaparverket på alle måtar, seier Tomren.

Heile kyrkjeåret

Jesu gjerning omfattar langt meir enn berre mennesket, ifølgje presten.

– Krossfestinga og oppstoda skjedde ikkje berre for arten homo sapiens, men for heile skaparverket. I forsoninga vert det også involvert. Mørket som fall over landet og jordskjelvet som fann stad, oppfattar eg som uttrykk for at han forsona alt i himmelen og på jorda, seier Tomren.

Han viser til at Jesus av apostelen Paulus vert omtala som «den andre Adam», og påpeikar at dette namnet betyr «jordmenneske».

– Dette vil plassere heile miljøfokuset i sentrum av den kristne forkynninga. Med forvaltingstanken fell desse aspekta lett ut, seier Tomren.

Med den alternative tilnærminga han skisserer, meiner han miljøaspektet gjennomgåande vert eit reletant tema – også i høgtider som jul, advent og pinse.

– Undekommuniserer Anden

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Pinsa dreiar seg om at Gud sender Den Heilage Ande, altså den tredje personen i guddomen.

– I norsk samanheng er rolla til Den Heilage Ande ofte underkommunisert, seier Tomren.

Han viser til Salme 104, som skildrar korleis Gud handlar i skaparverket, tek vare på det han har skapt og gir menneska gode gåver. «Du sender ut din Ande, og dei blir skapte, du gjer jorda ny», skriv salmisten.

– Anden er ikkje berre knytt til truslivet, men heile livsprosessen, seier Tomren.

Alt i alt ser han mange grøne trådar i Skrifta som han meiner prestar og andre predikantar bør nøste i.

Ingen gul tusj

Samstundes som Tomren utfordrar forvaltartanken slik han er blitt utforma i moderne vestleg teologi, erkjenner han at ein kan bruke slutten av det første kapitlet i 1. Mosebok som bibelsk grunnlag for ei slik forståing. Der står det at Gud velsigna Adam og Eva og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda».

– I vår tid er det ikkje desse orda vi treng å streke under med gul tusj. Mennesket har heilt klart ein særfunksjon i skaparverket. Av alle artar valde Gud sjølv å verte menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kva forstår du med at Gud skapte mennesket i sitt bilete?

– Eg tolkar det først og fremst i lys av at mennesket har eit spesielt ansvar.

Utan arvesynd

– Kva tenkjer du er det teologiske poenget med at mennesket skal råde over fiskane, fuglane og dyra?

– Eg tenkjer at det menneskelege mandatet er veldig avgrensa. Vi må til dømes hugse at mandatet til mennesket her ikkje gav oss lov til å drepe dyra. Mandatet var gitt i ei urtid uten arvesynd, og med heilt andre relasjoner mellom menneske, dyr og natur enn etter syndefallet. Heller ikkje i denne teksten er det snakk om ein forvaltar, seier han.

– Og eg tenkjer videre at tanken om menneskets mandat til «å rå over» er blitt så einsidig framstillt og i så stor grad at det har vorte overkommunisert samanlikna med det som står i 2. Mosebok 2,15. Her står det at Gud sette mennesket til å tene, arbeide i og verne hagen Til ulike tider vil ein rette søkjelyset mot ulike forhold, seier han.

Vedstår seg briller

Tomren er klar over at nokre vil skulde han for å kome til Bibelen som miljøaktivist og dermed prøve å lese inn i teksten det han sjølv er oppteken av.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg starta som ung predikant i Santalmisjonen, med Jesus–engasjement og begeistring i møte med Bibelen, og hadde samstundes sterke opplevingar i naturen. Vi kjem alle til Bibelen med våre briller, og forkunnskapen vår pregar lesinga vår, seier han.

No meiner han dei miljømessige utfordringane i verda er så store at det er uforsvarleg om kristne ikkje skal lese Bibelen i lys av desse.

– Evangeliet er det same til alle tider. Som misjonær i Kamerun såg eg kor forskjellig ein konservativ kristen der og ein konservativ kristen i Noreg kan lese Bibelen. Vi vert alle påverka av konteksten vi lever i, understrekar han.

Jesus for skaparverket

Med forskinga si håper han å medverke til at kristne ser større ansvar for å løfte miljøsaka. Slik sett er han ikkje pessimist. Han viser til undersøkingar som seier at dei som går fast i kyrkja, er dei som har sterkast miljøengasjement.

– Vi må jobbe teologisk for å vise at Jesus ikkje berre er for menneska, men for heile Guds skaparverk. Jorda er ikkje noko vi skal frelsast frå, men noko vi skal frelsast med. Når vi står overfor den utfordringa vi gjer – ei enorm krise med massiv forflytting av menneske og potensiell kollaps av infrastruktur – må vi som kyrkje vere med på å omstille menneske til å møte det, seier han.

Politisert forkynning

– Kva vil du seie til dei som fryktar at ein dermed vil drive bort frå evangeliet og få ei politisert kyrkje?

– Evangeliet er midt i alt dette. Jesus er politisk, og det har kyrkja også vore. Ho etablerte institusjonar for fattige, starta skular og kjempa mot slaveriet. Alt dette er politisk, seier Tomren.

Djupast sett meiner han det dreiar seg om kven som er nesten vår.

– Nesten vår er også den som bur sør for ekvator og vil verte hardast råka av klimaendringane. Tidlegare har det vore kvinner, slavar, menneske med annan hudfarge og så vidare. Evangeliets rikdom vert tydelegare når vi ser dette. Men politisert, ja, det er det, seier han.

Respekt for pietistar

Frå preikestolar og kateter ønskjer han i lys av dette at kristne formidlarar må verte meir frimodige i å leggje inn over folk ansvaret for korleis dei lever og handlar.

– Eg vil ikkje setje opp ei detaljert liste over kva ein skal gjere og ikkje gjere, men gi verdiar, føringar, dygder og rettleiande spørsmål. Eg synest ikkje det er noko problem om eg som prest spør om vi som gode kristne bør setje oss på toget i staden for å ta fly, seier han.

I praksis meiner han det dreiar seg om å gjenvinne gamle, kristne livsideal.

– Eg beundrar gamle pietistar som kopla nøysemd med eit globalt engasjement. Dei såg nokre av nervane i Bibelen, seier han.

Bibeltruskap

For Tomren er det eit stort paradoks at kristne ikkje synest det er eit problem sjølv å leve i luksus med store bilar og forureinande feriar når 97 prosent av klimaforskarane i verda meiner at faren er stor for ein enorm miljøkatastrofe.

– Det er som å sitje i eit hus som brenn og seie at det ikkje er så farleg. Dei som er i tvil om klimaendringane er menneskeskapte, bør la tvilen kome det verste scenariet til gode. Vi har ingenting å tape på å endre livsstilen vår, seier han.

Tomren meiner ein annan livsstil handlar om å vere lys og salt i verda.

– Kva med dei som meiner at kyrkja då forkynner miljø i staden for å forkynne Jesus?

– Ein blir meir bibeltru av å ta miljøet alvorleg. Ein vert meir radikal som Jesus–etterfølgjar. Det inneber ei fornying, og eit fornya kall til å ta Bibelen på alvor. Denne saka passar ikkje inn i båsane liberal og konservativ, seier han.