BABYLONSK HARPE: Komponisten Odd Johan Overøye har komponert og arrangert musikk til fleire av dei etterlatne tekstene til diktarmunken Arnfinn Haram, mellom anna frå den posthume samlinga «Babylonsk Harpe». Dette er blitt til ei framsyning og neste år kjem CD-en. FOTO: Svein Magne Harne

Haram-dikt tonesett

Komponisten Odd Johan Overøye planlegg CD med diktarmunken Arnfinn Harams tekstar.

– Lyrikaren Arnfinn Haram var eit gjennommusikalsk menneske, seier komponisten Odd Johan Overøye. På nyåret kjem Harams tekstar i Overøyes musikalske drakt på CD.

Upubliserte tekstar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Haram sin musikalitet gjennomsyrar klangen i språket hans. Orda og bileta han brukar, og hans dramaturgiske evner opnar lett for musikalske refleksjonar og former, seier Overøye. Han kom over eit rikt tilfang av upubliserte tekstar på Haram sin blogg:

– Arnfinn skulle vere gjest på Kyrkjehola Kulturbeite sommaren 2012. Vi hadde e-postkontakt og diskuterte form og innhald då eg ein kveld berre få veker før arrangementet kom over denne meldinga på facebook: «Arnfinn Haram 1948 - 2012 Rest in Peace».

– I tida etter dette byrja eg å tenkje på korleis eg kunne plukke opp trådar frå vårt påtenkte samarbeid og gjere ære på pater Arnfinn Haram etter hans død.

Overøye gjorde eit utval av dikta frå bloggen og fekk løyve frå St. Domenikus kloster til å tonesetje dei. Han handplukka eit ensemble og heldt ein første konsert i Rosekyrkja i Stordal sommaren 2013. I sommar har framsyninga ”I forsommarens fang” blitt presentert vidare, mellom anna under Olavsfestdagane, Bjørnsonfestivalen og Dei Nynorske Festspela. Overøye har komponert, arrangert og spelar piano. Med seg har han eit ensemble med bratsj, gitar, solist og tekstrefleksjonar.

Integritet og mot

– Kva er det ved dikta hans som rører deg?

– Først og fremst er eg fascinert av mannens integritet og mot, slik han med sine store retoriske evner kunne tale den kompakte majoritet midt i mot. Harams fine kombinasjon av intellekt og spiritualitet gjennomsyrar også diktinga, ofte i eit møtepunkt mellom religiøs mystikk og kjærleiken til naturen og Vestlandet spesielt. Dette rører meg. Først og fremst speglar dikta levd liv, motstand og djup refleksjon frå ein som både stod utanfor samfunnet gjennom livet i kloster, men som også i høg grad var til stades gjennom rolla som spaltist, kommentator, teolog, diktar og medmenneske aller mest.

LES OGSÅ: Få din egenskrevne lovsang utgitt på EP

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Korleis arbeider du når du toneset desse dikta?

– Eg leitar etter grunntonen i diktet. Det kan vere noko meditativt, kanskje naturens velde eller andre assosiasjonar. Kall det gjerne subtekst; ei underliggande meining utover det som står bokstavleg. Eg prøver å spegle denne grunntonen gjennom mine musikalske val - utan å bli overtydeleg.

Han fortset:

– Mange av Haram sine dikt er korte. Det tek kanskje 15 - 20 sekund å lese dei. Ei utfording blir då å skape musikalske rom som teksten kan leve i, for slik å ende opp med ei form som er balansert i musikalsk forstand.

– På detaljnivået arbeider eg mykje med deklamasjon av teksten. Slik ein skodespelar vil leite etter tyngdepunkt og «punchlines» og poengtere slikt i framføringa av diktet, slik arbeider også eg som komponist for å poengtere musikalsk det eg opplever som store augneblinkar i teksten.

Medskaparar

Overøye, som til dagleg er førsteamanuensis ved NTNU-Institutt for musikk i Trondheim, har ein solid portefølje av komposisjonar og prosjekt og har medverka som arrangør og musikar på ei rekkje innspelingar.

Til prosjektet «I forsommarens fang» har han med seg bratsjist Bergmund Skaslien, gitarist Martin Högberg og sopranen Ann-Helen Moen. Kulturredaktør i Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo, reflekterer rundt Haram-tekstane under framsyninga.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Alle desse er medskaparar av framsyninga, seier Overøya. Dette er folk frå ulike formidlingstradisjonar og dét er eit utgangspunkt som erfaringsmessig kan gje spennande resultat.

Ofte skjer det ting musikalsk som ikkje lar seg notere på førehand. Dette synest eg er ein styrke for prosjektet. Rammene er lagt, men konsertane blir likevel ganske forskjellige frå gong til gong.

– Solist Ann-Helen Moen har denne fine evna til å forenkle og finne subtile nyansar. Spennande er det også at ho har ein bakgrunn frå Harams eige miljø, nemleg som korsongar i SKRUK. Ho kjenner såleis litt av Harams åndelege og kulturelle bakgrunn frå innsida, seier Overøye.

Overøye og ensemblet hans har spela seg slik saman, og fått så mange tilbakemeldingar frå publikum, at dei vil dokumentert prosjektet med ei CD-innspeling: – Vi håper dette let seg realisere i 2015, om Gud og bevilgande styresmakter vil, smiler Odd Johan Overøye.

Odd Johan Overøye

Førsteamanuensis ved NTNU-Institutt for musikk i Trondheim

På nyåret kjem Harams tekstar i Overøyes musikalske drakt på CD.

Overøye ein solid portefølje av komposisjonar og prosjekt bak seg.

Har medverka som arrangør og musikar på ei rekkje innspelingar.

Overøye ein solid portefølje av komposisjonar og prosjekt bak seg.

Les også
Få din egenskrevne lovsang utgitt på EP
Les også
Kristen filmsuksessTi filmer om tro
Les også
På turné med verdens eldste kirkemusikkSangen fra katakombene
Les også
Nobel-topp skeptisk til beskrivelsen av Norge som fredsnasjon