- Eg kan ikkje hugsa at eg har vore redd nokon gong her i Is­rael

Vår mann i Jerusalem spaserer mellom topp-politikarar og falaffel-seljarar. Vi fekk fire dagar saman med han i Det heilage landet.

Det er fjer­de året at han er i Je­ru­sa­lem som kor­re­spon­dent for Dagen.

- I Bi­be­len står det 365 gon­ger «frykt ikkje». Det er ein gong for kvar dag, legg han til, og John lever etter det.Eg trud­de eg kjen­te John Sols­vik no­kon­lun­de bra, men etter nokre dagar i Je­ru­sa­lem har eg fått ein haug av over­ras­kin­gar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ein sann is­rae­litt

Vi skal ut i tra­fik­ken. John kjø­rer som ein is­rae­litt, skif­tar felt og rusar og tutar på dei som ikkje føl­gjer med på tra­fikk­lysa. Om ikkje John er redd, så kjen­ner eg at eg blir det. Her går det unna.

Og så snak­kar han mens han kjø­rer. - Va datta dar nåken plass å stå, åja, sjå her kjeme du ja, jaja, då må vel eg flyt­ta litt på meg.

Tu­ris­ta­ne i Is­rael går glipp av så mykje, mei­ner John.

- Dei kjø­rer buss­last på buss­last til dei same tinga heile tida. Dei får ikkje opp­le­va lan­det, Dei må få vera med ut i na­tu­ren, vekk frå tra­fik­ken og ho­tel­la, kjen­na på luk­ter, og sjå plan­te og dyre­liv, eller gå ut på byen ein kveld i Je­ru­sa­lems pul­se­ran­de gater med spen­nan­de res­tau­ran­tar, gate­mu­si­ka­rar, folke­dan­sa­rar og bu­tik­kar.

Topp-po­li­ti­ka­rar og falaf­fel-sel­ja­ren

Eg har fått ein kopp urte­te av beste sort i handa, sit i ein god sofa, saman med John og to tre karar til.

Pra­ten går om jødar og pa­le­sti­na­rar, om ør­ken­blomst­ring, fugle­re­ser­vat og eld­gam­le klos­ter, blant anna. Men­ne­ne vi pra­tar med er krist­ne tyska­rar og is­ra­els­ke jødar.

Dei er tur­ope­ra­tø­rar, og legg opp al­ter­na­ti­ve is­ra­els­opp­le­vin­gar. Her hand­lar det ikkje om tur til Fød­sels­kyr­kja eller ein dyr bu­tikk der ein kan kjøpa jule­kryb­be av oli­ven­tre.

Dei ar­ran­ge­rer blant anna fjell­tu­rar, ør­ken­vand­rin­gar og turar som gir lær­dom om dei ulike folke­grup­pe­ne i re­gio­nen. Tu­ra­ne er både i Is­rael og dei pa­le­stins­ke om­rå­da, for å prøva å byg­gja bru mel­lom dei ulike folka. John er som han er heime, pra­tar og ler og er i god­lag.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

John er in­ter­es­sert i alt mulig, og han har eit svært og farge­rikt nett­verk av alle mulig slags men­nes­ke, frå Knes­set-med­le­mer til falaf­fel-sel­ja­ren i Gam­le­byen.

Me tek ein tur til En Prat, ein vak­ker liten elve­dal i ut­kant­en av Ju­dea­ør­ke­nen. Og me pra­tar heile tida. Dette er på Vest­breid­da, og me må gjen­nom nokon av kon­troll­pos­ta­ne som Is­rael har sett opp av sik­ker­hets­grun­nar.

- Av og til opp­fø­rer is­rae­la­ra­ne seg som nokon, ja eg veit ikkje ka eg ska sei, dei be­hand­lar pa­le­sti­na­ra­ne som kveg rett og slett, då er dei med på å skjer­pa kon­flik­ten. Her kjem vel­ut­dan­na pa­le­sti­na­rar i 50 åra og blir be­hand­la elen­dig av unge is­ra­els­ke sol­da­tar. Det er klart at det vek­kjer sinne, seier John.

John over­ras­kar meg, eg hadde ikkje venta så kras­se ord om is­ra­els­ke sol­da­tar.

Eks­tre­mis­tar

- Der er nokre få eks­tre­mis­tar på begge sider som øy­de­legg for alle dei andre, held han fram. John for­tel om ei un­der­søkjing der pa­le­sti­na­rar i Gaza, Is­rael og på Vest­breid­da skul­le svara på om dei ville bu i ein rein pa­le­stinsk stat. Ein svært høg andel av dei som svara, var be­kym­ra for å bu i ein slik stat. Dei var, som fol­ket i ara­bis­ke land rundt om­kring, redde for ein isla­mis­tisk stat med sha­rialo­ver og lite fri­dom. Eit stort fleir­tal ville hel­ler bu i fred saman med is­rae­la­ra­ne og nyta godt av dei de­mo­kra­tis­ke ver­di­ane det ville in­ne­bera.

- Dei pa­le­stins­ke leia­ra­ne er mykje verre enn fol­ket dei sty­rer over, seier John, og han gir dei skul­da for at freds­pro­ses­sen ikkje kjem vi­da­re.

- Is­rael er vil­lig til å gi pa­le­sti­na­ra­ne ein eigen stat, men dei pa­le­stins­ke leia­ra­ne vil ikkje gi Is­rael det same til­ba­ke.

John kjen­ner Je­ru­sa­lem ut og inn, han veit til og med kor han får tak i bacon, sjølv om det er for­budt mat både for jødar og mus­li­mar. Om kvel­da­ne mø­test eg og John i Jaffagata i Je­ru­sa­lem.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her gjekk ho­ved­ve­gen mot Tel Aviv tid­le­ga­re. Det var eit bråk utan like, og for­ret­nings­li­vet sleit. No har dei re­no­vert heile om­rå­det, og det er berre By­ba­nen som har lov å kjøra her. Her vrim­lar det av folk, ar­ti­ge bu­tik­kar og små res­tau­ran­tar.

John for­tel at han ein gong i veka møter ein rabbi her for sam­ta­lar.

Eg spør om ikkje dei or­to­dok­se blir nys­gjer­ri­ge på Jesus, sidan dei stu­de­rer Tora­hen (GT) heile livet. Den pei­kar jo fram imot Jesus.

- Pro­ble­met, seier John, er at dei ikkje stu­de­rer Tora­hen, dei har funne ut at GT er for vans­ke­leg å for­stå. Der­for har dei vis­menn som tol­kar skrift­or­det. Dei or­to­dok­se jø­da­ne stu­de­rer ikkje ordet di­rek­te, men masse for­kla­rin­gar og tolk­nin­gar som vis­men­ne­ne har skri­ve. Dei blir på ein måte stengt av frå å lesa sjøl­ve guds­or­det.

- Kva skal til for å nå jø­da­ne med evan­ge­li­et, und­rar eg?

John ten­kjer ikkje lenge på det. - Det som skal til er det same som skal til for meg og deg til å ta imot evan­ge­li­et, seier han, det er Gud som må gjera eit under og open­ber­ra det for dei.

Han er opp­gitt over mange krist­ne or­ga­ni­sa­sjo­nar som er opp­te­ken med å vel­sig­na jø­da­ne på den eine og andre måten, men som ikkje legg vekt på å for­kyn­na evan­ge­li­et til dei.

Opp­te­ken av evan­ge­li­et og bi­bel­or­det

På sab­ba­ten går John til guds­te­nes­te i ulike mes­si­ans­ke me­nig­he­ter. Han er opp­te­ken av evan­ge­li­et og av bi­bel­or­det, og rea­ge­rer på for­kyn­ning som berre blir for­tel­jin­gar om kva Gud har gjort her og der, og som ikkje un­der­vi­ser frå Bi­be­len.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han for­tel om eit ka­ris­ma­tisk møte han har vore på, der han opp­lev­de dette.

- Og så blir fø­lel­sa­ne så vik­ti­ge, seier han, det blir eit jag etter fø­lel­sar. Eg ten­kjer at han kan­skje ikkje er så glad i ka­ris­ma­tikk, men der over­ras­kar han meg igjen. John for­tel at han møtte Je­sus-vek­kel­sen på 70 talet. Han opp­lev­de å bli fylt av Guds Ande og fekk tunge­tale.

- Den bru­kar eg fram­leis, for­tel John, - eg ber sta­dig for sjuke, og mange har blitt fris­ke. John snak­kar van­leg­vis ikkje så høgt om dette, men når han får tenkt seg om, får eg lov å skri­va om det i avisa. Me får ein lang sam­ta­le om ka­ris­ma­tikk, sunt og usunt, fø­lel­sar og ly­dig­het.

John for­tel vi­da­re om jødar som har kome til tru.

- Det er fan­tas­tisk å høyra på mes­si­ans­ke pas­to­rar. Dei har ein heilt annan for­ut­set­ning enn oss for å for­stå Bi­be­len, og dei ser så mange djup­ner i bi­bel­teks­ta­ne som me ikkje får auga på. An­sik­tet til John skin lik­som opp når han for­tel om dette. Eg ten­kjer at John må vera det Bi­be­len kal­lar ein sann is­rae­litt, ikkje berre når han kjø­rer bil.

DAGEN